Twist and Shout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Well, shake it up, baby, now,
Twist and shout
C'mon c'mon, c'mon, c'mon, baby, now
Come on and work it on out.

Phil Medley og Bert Russell

«Twist and Shout» er ein song skrive av Phil Medley og Bert Russell. Han vart opphavleg spelt inn av the Topnotes og så igjen av The Isley Brothers. Han vart seinare spelt av The Beatles med John Lennon på vokal og gjeve ut på albumet deira Please Please Me. Songen vart òg spelt av The Mamas & the Papas som ein ballade i 1967.

Phil Spector produserte originalversjonen i 1961 for Top Notes, men dette var før han hadde utvikla «Wall of Sound»-teknikken han seinare vart kjend for og innspelinga mangla energien som gruppa viste på konsertar og vart heller ikkje særleg populær.[1]

Isley Brothers spelte inn ei utgåve av songen i 1962 og songen vart deira første som nådde Topp 20 på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.

The Beatles-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Beatles si utgåve av songen vart gjeve ut på det første albumet deira, Please Please Me i 1963. Songen vart spelt inn i lag med elleve andre songar for albumet på berre 10 timar. Twist and Shout var den siste songen som vart spelt inn fordi produsent George Martin visste at stemma til John Lennon kom til å slite etter framføringa. Lennon var forkjølt og drakk mjølk og åt halspastillar for å roe ned halsen. Likevel gjorde han ei bra framføring med ei hes og dynamisk stemme. Han sa seinare at stemma hans ikkje var den same i lang tid etterpå og kvar gong han svelgde kjentest det som sandpapir.[2]

Det vart gjort eit andre forsøk på songen, men stemma til Lennon hadde då forsvunne så det første forsøket vart nytta på albumet.[3] Dette er ein av dei første Beatles-songane der gruppa syng «wooo» i harmoni, som skulle verte eit kjenneteikn på tidleg Beatles og «Beatlemania». 2. mars 1964 vart songen gjeve ut på singel i USA med «There's a Place» som Bside.[4]. I april 1964 nådde songen andre plass på den amerikanske singelliste, ei veke då Beatles hadde dei fem øvste plasseringane på lista. Songen vart den einaste coverversjonen som Beatles hadde inne på ei hitliste. I januar 1964 gjekk songen òg inn på Topp 10-lista i Noreg på ein 7. plass. Han låg tre veker på lista.[5]

Beatles spelte songen som avslutningsnummer på Sunday Night at the London Palladium i oktober 1963, ei hending som markerte starten på «Beatlemania». Dei spelte òg songen på Ed Sullivan Show i februar 1964.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Atlantic Story.
  2. The Beatles. The Beatles Anthology. Chronicle Books, LLC, 2000.
  3. Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions
  4. http://stevesbeatles.com/vinyl/american/singles.asp Beatles sine amerikanske singlar
  5. VG-lista