Bjarne Håkon Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Håkon Hanssen

Fødd1. november 1962 (61 år)
Bangsund
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar, kommunikasjonsrådgiver
Utdanna vedLevanger lærerhøgskole
Alle verv

Bjarne Håkon Hanssen (fødd 1. november 1962 i Namsos) er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet, og var statsråd for Arbeids- og sosialdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Han vart innvalgt på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke i 1997, og var vararepresentant i perioden 1993–1997.

Han var statsråd for Landbruksdepartementet i regjeringa Stoltenberg I mellom 2000 og 2001. Det var han igjen for Arbeids- og sosialdepartementet frå 2005 til 2008, og sidan det for Helse- og omsorgsdepartementet. Han har òg vore nestleiar i Næringskomiteen i Stortinget. Han er utdanna lærar ved Levanger Lærerhøgskole. Mellom 1980 og 1982 var han leiar for Arbeidernes ungdomsfylking i Nord-Trøndelag.

Ei av Hanssen sine kampsaker som landbruksstatsråd var reduksjon av matvaremomsen frå 24 til 12 prosent. Målet var å gjera matvarer billegare for forbrukarane. I ettertid synte det seg at mykje av reduksjonen fall vekk i mellomledda. Han var òg ei tid nøydd til å stengja landegrensene for utanlandsk kjøt på grunn av munn- og klovsjuke i EU-området.

Regjeringsdeltaking[endre | endre wikiteksten]

  • 17. mars]] 2000–19. oktober]] [[2001 – statsråd i Landbruksdepartementet.
  • 17. oktober 2005–20. juni 2008 – statsråd i Arbeids- og sosialdepartementet.
  • 20. juni 2008–20. oktober 2009 – statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet.
  • 2. oktober–20. oktober 2009 – settestatsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]