Finn T. Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn T. Isaksen
Fødd 26. april 1924
Frogn
Død

29. september 1987 (63 år)

Yrke politikar

Finn Trond Isaksen (26. april 192429. september 1987), fødd i Frogn, var ein norsk sivilagronom og politikar for Senterpartiet.

Isaksen var 2. vararepresentant til Stortinget for Akershus perioden 1977-1981. Han var statsråd og sjef for landbruksdepartementet (landbruksminister) i Kåre Willoch si regjering 1983–1985.

Han gjekk folkeskule og middelskule i Drøbak 1931–1942, og tok examen artium ved Ski gymnas i 1944. Han gjekk ved Sem landbruksskole i Asker i 1945. Han blei uteksaminert som sivilagronom (med landbruksøkonomi) frå Norges landbrukshøgskole i 1950. Isaksen var forskingsstipendiat ved Landbruksøkonomisk Institutt 1951–1952, og samvirkekonsulent og seinare direktør i Selskapet for Norges Vel 1953–1960. Han var administerende direktør i Norges kjøtt- og fleskesentral frå 1960 til han døydde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]