Anne Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Vik
Fødd 8. januar 1933

Trondenes

Parti Senterpartiet

Anne Petrea Vik (fødd 8. januar 1933) er ein norsk politikar for Senterpartiet fødd i Trondenes. Vik var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet i Jan P. Syse si regjering frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990.

Anne Vik har hatt ei lang rekkje tillitsverv som politikar i Kvæfjord kommune og i Troms fylke. Ho har vidare hatt verv i organisasjonar, mellom anna som leiar for Norges Bondekvinnelag og medlem av styret i Norges Bondelag, og i Senterpartiet sitt sentralstyre.

Etter realskule fekk Anne Vik arbeid i Televerket frå 1951 til 1955. Då gifta ho seg og blei husmor og gardbrukar i Kvæfjord. Frå 1970-talet engasjerte ho seg i politikk. Ho var medlem av Kvæfjord kommunestyre frå 1971 til 1975. Ho var også nestleiar i skulestyret frå 1971 til 1975, i perioden etter var ho leiar. Ho var varaordførar i Kvæfjord 1995 til 1999.

Frå 1979 til 1987 var ho medlem av fylkestinget i Troms, frå 1987 til 1995 av fylkesutvalet. Som fylkespolitikar hadde ho ei lang rad fylkeskommunale verv, og hadde også mange offentlege nasjonale verv. Nokre av desse:

Verv i organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg hadde ho mange verv i organisasjonar:

  • Medlem Styret i Troms Bondekvinnelag 1965-1973
  • Medlem Styret i Norges Bondekvinnelag 1973-1976, nestleiar 1976-1979, leiar 1979-1984
  • Medlem Styret i Norges Bondelag 1979-1984
  • Medlem Representantskapen i Det Kgl. Selskap for Norges Vel 1979-1981, varaordførar 1981-1987, ordførar 1987-1997
  • Medlem Senterpartiet sitt sentralstyre 1979-1983

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]