Bosra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bosra
بصرى, Busra al-Sham, بصرى الشام
by
Romersk amfiteater
Land  Syria
Guvernement Daraa
Distrikt Daraa
Nahiyah Bosra
Koordinatar 32°31′N 36°29′E / 32.517°N 36.483°E / 32.517; 36.483
Folketal 19 683  (2004)
Retningsnummer 15
Verdsarvstad
Namn Gamlebyen i Bosra
År 1980 (#4)
Nummer 22
Region Midtausten
Kriterium i, iii, iv
Kart
Bosra
32°31′00″N 36°29′00″E / 32.516666666667°N 36.483333333333°E / 32.516666666667; 36.483333333333
Wikimedia Commons: Bosra

Bosra (arabisk بصرى, Buṣrā, òg skrive Bostra, Busrana, Bozrah, Bozra òg offisielt kalla Busra al-Sham arabisk بصرى الشام) er ein by sør i Syria, som administrativt høyrer til Daraa-distriktet i Daraa guvernement. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Bosra eit folketal på 19 683 i 2004. Han er det administrative senteret i nahiyah («underdistrikt») Bosra som består av ni stader med eit samla folketal på 33 839 i 2004.[1] Innbyggjarane i Bosra er hovudsakleg sunnimuslimar, men byen har eit lite sjiamuslimsk samfunn.[2]

Bosra har ei gammal historie og under Romarriket var han ein velståande provinshovudstad. Han var administrativt viktig under islamtida, men vart gradvis mindre viktig i den osmanske tida. I dag er han ein viktig arkeologisk by og står på verdsarvlista til UNESCO.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Citadellet i Bosra (teateret ligg inni).

Busetnaden vart først nemnt i dokumenta til Tutmose III og Akhenaton (1300-talet fvt.). Bosra var den første nabateararbyen på 100-talet fvt. Nabatear-kongedømet vart erobra av Cornelius Palma, ein general under Trajan i 106.

Romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Under Romarriket vart Bosra kalla Nova Trajana Bostra og legio III Cyrenaica heldt til her. Han vart hovudstaden i den romerske provinsen Arabia Petraea. Byen blømde og vart ein metropol der fleire handelsruter møtte kvarandre, nemleg Via Traiana Nova, ein romersk veg som batt Damaskus til Raudehavet. Han vart eit viktig senter for kornproduksjon og under regjeringstida til keisar Filip Arabaren byrja Bosra å prege sine eigne myntar.[3] dei to råda i Arabia vart haldne i Bosra i 246 og 247 evt.

I bysantinsk tid, som byrja på 400-talet, vart kristendom den dominerande religionen i Bosra. Byen vart setet for ein erkebiskop og ein stor katedral vart bygd her på 500-talet.[3] Bosra vart erobra av sassanidiske persarar tidleg på 600-talet, men vart gjenerobra av Austromarriket.

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Bosra spelte ei viktig rolle i det tidlege livet til den islamske profeten Muhammed, som skildra i dokumenta til den kristne munken Bahira. Styrkane til Rashidun-kalifatet under general Khalid ibn Walid erobra byen frå bysantinarane i slaget ved Bosra i 634. Gjennom det islamske styret tente Bosra som den sørlegaste utposten til Damaskus, og velstanden kom hovudsakleg av den politiske rolla byen spelte. Bosra var eit viktig senter langs pilegrimsruta mellom Damaskus og dei muslimske heilage byane Mekka og Medina, der den årlege pilegrimsruta hajj enda.[4] Det tidlege islamske styret endra ikkje den generelle arkitekturen i Bosra, og berre to bygg er daterte til Umayyadetida (721 og 746) då Damaskus var hovudstad i kalifatet. Innbyggjarane i Bosra konverterte gradvis til islam, og i prosessen vart dei heilage stadane frå romartida omgjort til muslimsk bruk.[5] På 800-talet skreiv Ya'qubi at Bosra var hovudstad i provinsen Hauran.[6]

Mot slutten av Umayyad-tida i 750 vart Bosra mindre viktig dei 300 neste åra fram til slutten av 1000-talet. I dei siste åra av Fatimidestyret, i 1068, vart det sett i gang ei rekkje byggjeprosjekt. Då seldsjukkane tok over styret i 1076 auka fokuset på forsvarsverka kring Bosra. Det romerske teateret vart omgjort til ei festning, med ein ny etasje til det indre trappetårnet.[5]Burid-dynastiet tok over makta i Damaskus fekk general Kumushtakin heile Hauran-sletta som eit len i atabeg Tughtakin. Under Kumushtakin vart det gjort forsøk på å gjere byen meir muslimsk med å bygge fleire islamske byggverk. Eit av desse prosjekta var restaureringa av Umari-moskeen, som vart bygd av umayyadane i 721.[5] Ein annan moske som vart bygt var den mindre al-Khidr-moskeen nordvest i byen i 1134. Kumushtakin fekk òg bygd ein madrasa langs den muslimske heilagdomen som æra mabrak an-naqa («kamelknea»), som markerte avtrykka til kamelen som profeten Muhammed reid på då han vitja Bosra tidleg på 600-talet.[7]

Ein gullalder for politisk aktivitet og arkitektur i Bosra byrja under Ajjubide-dynastiet med sultan al-Adil I (1196-1218). Mellom anna vart det bygt åtte store ytre tårn på festninga. Prosjektet byrja i 1202 og stod ferdig i 1253, mot slutten av Ajjubide-dynastiet. Dei to nordlege hjørnetårna tok meir plass enn dei andre seks. Etter al-Adil døydde i 1218, arva sonen as-Salih Ismail lenet Bosra og busette seg i citadellet. Under styret til Ismail vart Bosra meir politisk viktig. Ismail nytta byen som basen sin då han gjorde krav på sultanatet i Damaskus ved to forskjellige høve, mellom 1237-38 og 1239-45.[8]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var Bosra oppført i osmanske skattelister som Nafs Busra, og som ein del av nahiya Badi Nasiyya i qadaet Hauran. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 75 hushaldningar og 27 ungkarar, og ein kristen folkesetnad på 15 hushaldningar og 8 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, frukt- eller andre tre, geiter og/eller bikubar og ei vassmølle.[9]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Romerske ruinar nord for citadellet.
Nabateisk boge

I dag er Bosra ein viktig arkeologisk stad med ruinar frå romersk, austromersk og muslimsk tid. Det viktigaste er det bevarte romerske teateret. Kvart år vert det halde ein nasjonal musikkfestival i teateret.

Store samfunnsmessige og økonomiske endringar har råka Bosra etter slutten av det franske mandatet i 1946. Fram til 1950-åra kom butikkeigarane i Bosra frå Damaskus, og sidan den gong har dei fleste butikkeigarane kome frå byen. Mange innbyggjarar fann arbeid i statane kring Persiabukta og Saudi-Arabia og sendte pengar til slektningane sine i Bosra.

Under presidentstyret til Hafez al-Assad (1970-2000) gjorde regjeringa lite i Bosra og dei omliggande landsbyane og dei var politisk dominerte av al-Miqdad-familien som fungerte som eit slags mellomledd mellom innbyggjarane i byen og guvernøren i Daraa og Ba'ath-partiet på den andre sida.[10]

I januar 2013, etter 22 månader ut i den syriske borgarkrigen snakka flyktningar frå Bosra om eskalerande vald og mange lik i gatene.[11]

Kjende folk frå Bosra[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Batatu, 1999, s. 24.
  3. 3,0 3,1 Beattie, s. 126.
  4. Meinecke, 1996, s. 31-32.
  5. 5,0 5,1 5,2 Meinecke, 1996, s. 35.
  6. le Strange, 1890, s. 425
  7. Meinecke, 1996, s. 37.
  8. Meinecke, 1996, s. 38-39.
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 219.
  10. Batatu, 1999, p. 25.
  11. Channel Four News, 31. januar 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]