Long May You Run

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Stills-Young Band)
Hopp til navigering Hopp til søk
Long May You Run
Studioalbum av The Stills-Young Band
Utgjeve 20. september 1976
Innspelt 16. februar til 7. juni 1976
Studio Criteria Studios i Miami
Sjanger Countryrock, roots rock, bluesrock, kunstrock, americana
Lengd 39:10
Selskap Reprise
Produsent Tom Dowd, Don Gehman, Stephen Stills, Neil Young
Stephen Stills-kronologi
Illegal Stills
(1976)
Long May You Run Still Stills: The Best of Stephen Stills
(1976)
Neil Young-kronologi
Zuma
(1975)
Long May You Run American Stars 'n Bars
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert Christgau(B)[2]

Long May You Run er eit studioalbum gjeve ut den 22. september 1976 på Reprise Records av The Stills-Young Band, eit samarbeid mellom Stephen Stills og Neil Young. Albumet nådde 26. plassen på den amerikanske albumlista og selde til gullplate. Dette var det einaste albumet til The Stills-Young Band.

Musikalsk følgjer albumet den same stilen som musikken duoen spelte med Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young, og var innom forskjellige retningar av Americana og folkemusikk, medan songar som «Make Love to You» har ei jazzkjensle. Den omfattande bruken av synthesizerstrykarar på den andre sida gjev songane ein smak av kunstrock.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at stadionturneen til Crosby, Stills, Nash & Young i 1974, prøvde dei å spele inn eit album i lag, men det enda med mykje krangling. David Crosby og Graham Nash fortsette samarbeidet seg i mellom som Crosby & Nash, medan Stills og Young gjekk kvar til sitt. Songar frå det skrinlagde CSNY-albumet dukka opp på dei forskjellige albuma som gruppemedlemmane gav ut, og Stills spelte inn to Young-songar på sine album: «New Mama» på Stills og «The Loner» på Illegal Stills.

Tidleg i 1976 møtte Stills og Young kvarandre og byrja å samarbeide på eit albumprosjekt med ønske om å fortsette der dei slapp etter Buffalo Springfield-tida. Etter ei stund vart David Crosby og Graham Nash involvert i prosjektet og Long May You Run såg ei kort stund ut som det neste albumet til Crosby, Stills, Nash & Young. Crosby og Nash hadde derimot andre plikter i tillegg og måtte gjere ferdig albumet som dei spelte inn i lag, Whistling Down the Wire, og medan dei var borte fjerna Young og Stills vokalharmoniane til Crosby og Nash frå masterteipane.[3] Crosby og Nash svor at dei aldri skulle spele med verken Stills eller Young igjen, sjølv om det tok mindre enn eit år før dei kom saman med Stills for å spele inn eit nytt CSN-album i 1977.

The Stills-Young Band bestod av det dåverande turnébandet til Stills, og la ut på ein turné i 1976 etter albumet kom ut. Turneen byrja i Clarkston i Michigan den 23. juni, men etter ni konsertar gav Young seg den 18. juli etter han sendte eit telegram til Stills. Stills vart tvungen til å fullføre konsertturneen aleine fram til oktober.[4] Telegrammet sa: «Kjære Stephen, det er rart korleis noko som startar spontant og endar slik. Et ein fersken. Neil.»[5] Young oppgav seinare kryptiske, personlege årsaker for at han gav seg, nemleg at turneen «ikkje fungerte» og at turneen «på eit vis var ute av balanse».

Tittelsporet og den første singelen frå albumet nådde 71. plassen på den britiske singellista.[6] Songen var ein song om den første bilen til Young (kalla «Mort»[7]), ein Buick Roadmaster likbil frå 1948 som vart skrota i 1962 då girkassen vart øydelagd i Blind River i Ontario.[6] Mort var ein annan bil enn Pontiac-likbilen frå 1953, kalla Mort 2, som Richie Furay og Stills, såg Young kome køyrande i under trafikkork i Hollywood i 1966 som førte til at Buffalo Springfield vart skipa.[8] Neil Young spelte «Long May You Run» på det siste showet av The Tonight Show with Conan O'Brien den 22. januar 2010 og han gjorde det same under avslutningsseremonien til vinter-OL 2010 i Vancouver den 28. februar 2010. Young spelte då solo med munnspel og akustisk gitar.

Singelen «Midnight on the Bay» nådde ikkje høgare enn 105. plass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Long May You Run»  Neil Young 3:53
2. «Make Love to You»  Stephen Stills 5:10
3. «Midnight on the Bay»  Neil Young 3:59
4. «Black Coral»  Stephen Stills 4:41
5. «Ocean Girl»  Neil Young 3:19

Side to[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Let It Shine»  Neil Young 4:43
2. «12/8 Blues (All the Same)»  Stephen Stills 3:41
3. «Fontainebleau»  Neil Young 3:58
4. «Guardian Angel»  Stephen Stills 5:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Don Gehman – produsent, miksing, innspeling
  • Stephen Stills – produsent, miksing
  • Neil Young – produsent, miksing
  • Tom Dowd – medprodusent
  • Alex Sadkin – miksing
  • Michael Lasko – innspelingsassistent
  • Steve Hart – innspelingsassistent
  • Tom Wilkes – albumdesign

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, W. «Long May You Run – Stephen Stills | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  2. Christgau, Robert. «The Stills Young Band». Robert Christgau. Henta 22. januar 2019. 
  3. Zimmer, Dave, and Diltz, Henry. Crosby Stills & Nash: The Authorized Biography, St. Martin’s Press, 1984. ISBN 0-312-17660-0, s. 185.
  4. Matthias Butterweck. «Numbers On The Site - The Neil Young Tour statistics». Butterweck.de. Henta 22. januar 2019. 
  5. Zimmer and Diltz, s. 186–7.
  6. 6,0 6,1 «Long May You Run by Neil Young Songfacts». Songfacts.com. Henta 22. januar 2019. 
  7. Shakey: Neil Young's Biography; Jimmy Mcdonough, Random House; First Edition (7. mai 2002) s. 104
  8. Shakey: Neil Young's Biography; Jimmy Mcdonough, Random House; First Edition (7. mai 2002) p. 146