Dactylorhiza majalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dactylorhiza majalis

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Dactylorhiza majalis
Dactylorhiza majalis

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Underartar
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis
(Rchb.) P.F.Hunt & Summerh.
Økologi
Habitat: skog, myr, fjell
Utbreiing: Eurasia

Dactylorhiza majalis er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1]Norsk raudliste for artar (2021) er ho vurdert som livskraftig (LC) på grunnlag av den vanlegaste underarten i Noreg.[2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate navn på ulike taksonomiske nivå, men denne arten har så langt ikkje fått noko norsk namn i Artsdatabanken. Planta blir stundom omtala som «kongsmarihand sensu lato» (i vid tyding) etter nominatunderarten kongsmarihand Dactylorhiza majalis ssp. majalis, som ikkje veks i Noreg.[3]

Dactylorhiza majalis er ikkje monofyletisk, men polyfyletisk. Det vil seie at dei ulike orkideane som er klassifiserte her, ikkje er direkte i slekt med kvarandre. Alle er oppstått på same måte, gjennom hybridisering mellom bleikmarihand og engmarihand, men til ulike tider og på ulike stader. Dei har genetiske likskapar, men klassifiseringa er alt anna enn enkel. Orkidear som av somme blir rekna som underartar eller til og med eigne artar, kan av andre bli avfeide som lokale, tilfeldige variantar. Somme forfattarar avviser heile arten majalis og omtalar dei som separate artar.[4][5]

Underartane i Noreg er:[3]

I Norden finn vi elles:

På Dei britiske øyane finst underartane (der rekna som eigne artar):

Vidare finn vi i Storbritannia:

  • stormarihand (Dactylorhiza praetermissa), i Plants of the World Online[11] handsama som underarten Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa, men rekna som eigen art i Storbritannia[10] og i den norske Artsdatabanken[12]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar Dactylorhiza majalis». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Raudlista: Dactylorhiza majalis». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 23. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre Dactylorhiza majalis». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  4. Mikael Hedrén mfl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia. 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  5. Maria Kristine Brandrud mfl. (2020). «Phylogenetic Relationships of Diploids and the Origins of Allotetraploids in Dactylorhiza (Orchidaceae)» (PDF). Systematic Biology. 69 (1): 91–109. ISSN 1063-5157. doi:10.1093/sysbio/syz035. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Artfakta: Dubbelnycklar Dactylorhiza majalis». Artdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Naturbasen: Mai-Gøgeurt Dactylorhiza majalis». Naturbasen. Henta 23. februar 2022. 
  8. «LAJI: Dactylorhiza majalis». LAJI.FI. Henta 23. februar 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  10. 10,0 10,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Dactylorhiza majalis subsp. praetermissa». Plants of the World Online. Henta 14. mars 2022. 
  12. «Artsdatabanken: Artsopplysningar Dactylorhiza praetermissa». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]