Dean Menta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dean Menta
Fødd23. juli 1966 (57 år)
OpphavUSA
AktivSidan 1995
SjangerAlternativ metal
InstrumentGitarist
Tilknytte artistarDUH, Faith No More, Sparks
Verka somMusikar

Dean Menta (fødd 23. juli 1966)[1] er ein USA-amerikansk musikar og komponist.[2]

I 1995 vart Dean Menta involvert i bandet DUH og var med på det andre albumet deira The Unholy Handjob. Menta vart så gitarist for rockebandet Faith No More frå 1995 til 1996. Han hadde vore keyboard-teknikar for bandet og hadde først møtt dei i 1991, edan han arbeidde i eit kunstgalleri i San Francisco.[1] Menta vart henta inn for å spele gitar etter at Trey Spruance nekta å turnere for albumet King for a Day... Fool for a Lifetime. Han er med i vidoeane for «Digging the Grave», «Ricochet» og «Evidence».[3] Han vart erstatta som Faith No More-gitarist av Jon Hudson.

Etter han slutta i Faith No More, har Menta spelt med Sparks. Han medverka på følgjande Sparksk-album: Plagiarism (1997), Lil' Beethoven (2002), Hello Young Lovers (2006), Exotic Creatures of the Deep (2008), The Seduction of Ingmar Bergman (2009) og Hippopotamus (2017).

Menta arbeidar i dag hovudsakleg i fjernsyn og film som musikkredaktør, komponist og lyddesigner.[4] Menta har òg komponert musikk for fleire videospel,[5] mellom anna Jak X: Combat Racing, i samarbeid med Billy Howerdel frå A Perfect Circle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]