Hopp til innhald

Music That You Can Dance To

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Music That You Can Dance To
Studioalbum av Sparks
Utgjeve September 1986
Innspelt 1985–1986
Sjanger
Lengd 37:17
Selskap
  • MCA (USA)
  • Consolidated Allied (Storbritannia)
Produsent
Sparks-kronologi 
Pulling Rabbits Out of a Hat
(1984)
Music That You Can Dance To Interior Design
(1988)


Singlar frå Music That You Can Dance To
  1. «Change» med «This Town Ain't Big Enough for Both of Us (Acoustic)»
    Utgjeve: Juli 1985
  2. «Music That You Can Dance To» med «Fingertips»
    Utgjeve: November 1986
  3. «Fingertips» / «The Scene»
    Utgjeve: 1986
  4. «Rosebud» med «Theme for Rosebud (Cinematic Mix)»
    Utgjeve: Januar 1987
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Record Mirror5/5 stars[2]

Music That You Can Dance To er det fjortande studioalbumet av det amerikanske popbandet Sparks. Det kom opphavleg ut i september 1986 på selskapet MCA i USA og Consolidated Allied i Storbritannia, to år etter det førre albumet deira, Pulling Rabbits Out of a Hat.

Music That You Can Dance To kom ut i 1986 og var det mest dansemusikkinspirerte albumet deira sidan No. 1 in Heaven i 1979. Den generelle stilen på albumet var dominert av synthesizer og sekvensarar som albumet frå 1979, men det skild seg ved å bruke tungt forvrengd bassgitar av Leslie Bohem, og la vekt på disharmoniske lydeffektar.[3] «Music That You Can Dance To», «Fingertips» og «The Scene» representerte somme av dei mest Hi-NRG-aktige songane til Sparks. «Shopping Mall of Love», «Let's Get Funky» og (på den originale amerikanske utgåva) «Change» presenterer ei side av bandet som høyrest disharmonisk og eksperimentell ut. «Rosebud» og nyinnspelinga av singelen deira frå 1982, «Modesty Plays», ikkje er ulik synth-pop-stilen bandet spelte på dei tidlegare albuma. «Armies of the Night» var blitt spelt inn for Fright Night (1985), og denne versjonen som kom ut på den europeiske utgåva av Music That You Can Dance To var ei nyinnspeling.

Innspelinga av albumet var siste gongen Mael-brørne samarbeidde med besetninga som bestod av gitaristen Bob Haag, bassisten Leslie Bohem og trommeslagaren David Kendrick. Denne besetninga hadde spelt i lag sidan Whomp That Sucker i 1981. Det neste albumet til Sparks vart spelt inn som ein duo med gjestemusikarar. David Kendrick vart med i Devo og spelte i 1988 på albumet deira Total Devo.

Music That You Can Dance To gjorde det ikkje noko betre på albumlistene enn det førre albumet deira, Pulling Rabbits Out of a Hat. Det kom ut på ulike selskap i ulike område: Consolidated Allied Records i Storbritannia, Curb Records i Tyskland og MCA Records i USA. I USA og Tyskland vart songen«Armies of the Night» byta ut med singelen «Change» frå 1985.

«Music That You Can Dance To», «Rosebud» og «Fingertips» vart gjevne ut på singlar for å marknadsføre albumet. Kvar av desse vart òg gjevne ut som forlenga remiksar. Dei britiske amerikanske remiksane av «Music That You Can Dance To» var ulike. «Fingertips» vart gjeven ut som ein club-promo i USA med B-sida «The Scene». Dei club-orienterte singlane gjekk ikkje inn på nokre av salslistene, men gjekk inn på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista. «Music That You Can Dance To» nådde sjetteplassen på denne lista[4] og den doble A-sida «Fingertips»/«The Scene» nådde 38. plassen.[4]

«Change» kom ut i Storbritannia på London Records i 1985 og nådde då 85. plassen på UK Singles Chart.[5] Denne singelen vart marknadsført med ei framføring på TV-showet Wogan. Ingen av dei andre singlane vart populære i Storbritannia.

Nyutgjeving

[endre | endre wikiteksten]

I 1990 gav Curb Records ut Music That You Can Dance To under tittelen The Best of Sparks: Music That You Can Dance To.[6] Denne utgåva hadde eit anna plateomslag og samsvarte med innhaldet på den amerikanske utgåva. Repertoire Records gav ut albumet på ny i 2011 med «Armies of the Night» som spor fire i staden for «Change».

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Music That You Can Dance To» 4:21
2.«Rosebud» 4:37
3.«Fingertips»4:20
4.«Change» («Armies Of The Night» er byta ut med «Change» på ikkje-amerikanske og tyske utgåver) 5:17
Side to
Nr.TittelLengd
5.«The Scene»6:11
6.«Shopping Mall of Love»3:14
7.«Modesty Plays» (ny versjon)3:59
8.«Let's Get Funky»6:05
Total lengd:37:17

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Sparks

Andre medverkande

  • John Thomas – ekstra klaverinstrument
  • Robert Mache – gitar på «Fingertips»

Produksjon

  • Ron Mael – plateprodusent
  • Russell Mael – produsent
  • Greg Penny – produsent på «Modesty Plays (New Version)»
  1. 1,0 1,1 AllMusic review
  2. Bernard, Edwin J (10. januar 1987). «Albums». Record Mirror: 13. ISSN 0144-5804. 
  3. «TrouserPress.com :: Sparks». 2007 Trouser Press LLC. Henta 28. april 2022. «Sparks next made Music That You Can Dance To, an aggressively loud high-energy dance record — dynamic klaverinstrument, mock-symphonic arrangement and Bohem's bass play a large part» 
  4. 4,0 4,1 «Allmusic - Billboard Singles - Sparks». Billboard. Henta 28. april 2022. 
  5. «The Official Charts Company - Sparks». Official Charts Company. Henta 21. april 2022. 
  6. «TrouserPress.com :: Sparks». 2007 Trouser Press LLC. Henta 28. april 2022. «In an outrageous attempt to mislead, Curb's 1990 CD reissue of the album is titled The Best of Sparks: Music That You Can Dance To» 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]