Gratuitous Sax & Senseless Violins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gratuitous Sax & Senseless Violins
Studioalbum av Sparks
Utgjeve 15. november 1994
Studio Sparks Studios, Los Angeles, California
Sjanger
Lengd 44:36
Selskap Logic
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
Interior Design
(1988)
Gratuitous Sax & Senseless Violins Plagiarism
(1997)


Singlar frå Gratuitous Sax & Senseless Violins
  1. «When Do I Get to Sing 'My Way'»
    Utgjeve: Oktober 1994
  2. «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)»
    Utgjeve: Mars 1995
  3. «Now That I Own the BBC»
    Utgjeve: 1995
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]

Gratuitous Sax & Senseless Violins er det sekstande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i 1994, seks år etter det førre albumet deira og markerte ein overgang til ein techno/eurobeat-inspirert stil, som gjorde dei populære i Tyskland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det førre albumet til Sparks kom ut i 1988, og medan han fekk fleire club-hittar i USA, hadde ikkje seld godt. Kritikarar hadde lunken til utgjevingane deira sidan Pulling Rabbits Out of a Hat i 1984. Medan dei marknadsførte Interior Design slo Sparks seg saman med den franske duoen Les Rita Mitsouko og gav ut singelen «Singing in the Shower» som vart ein moderat hit i Frankrike. Sparks tok så ein mellombels pause medan brørne brukte slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra på å konsentere seg om å lage film, særleg eit forsøk på å lage ein japansk manga-serie, Mai, The Psychic Girl, til ein film. Dei hadde håpa å få Tsui Hark til å regissere filmen med skodespelarinna og musikaren Christi Haydon som røysta til hovudrolla. Russell Mael møtte Haydon då han var interessert i ho då ho arbeidde i ein sminkebutikk.[3] Den einaste erfaringa Haydon hadde var som mangeårig statist i TV-serien Star Trek: The Next Generation. Trass i at Tim Burton var interessert og dei arbeidde seks år på prosjektet, vart det ikkje noko av.[4]

I gjekk 1993 Sparks i studio att og gav ut singelen «National Crime Awareness Week», og skreiv og produserte singelen «Katharine Hepburn» for Christi Haydon. Gratuitous Sax & Senseless Violins følgde i november året etter. Han vart produsert av duoen utan studiomusikarar.[2] Albumet gjekk attende til den europeiske synthesizer-orienterte stilen frå No. 1 In Heaven. Men songane la vekt på popstruktur og kunne minne ein god del om Pet Shop Boys. Albumet vart marknadsført med ein turné der Christi Haydon spelte i lag med brørne på trommer, i tillegg til at ho var med i musikkvideoane deira. Det acappella tittelsporet «Gratuitous Sax» såg attende til den like korte opningssongen på albumet deira Propaganda frå 1994. «When Do I Get to Sing 'My Way'» var ein referanse til Frank Sinatra-songen «My Way».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Gratuitous Sax & Senseless Violins vart det mest suksessrike albumet til Sparks i Tyskland, der han nådde 29. plassen[5] og fekk tre hittar på den tyske singellista. Sjølv om albumet berre nådde 150. plassen[6]UK Albums Chart, gjorde singlane det godt nok til at dei igjen nådde topp 40, for første gongen sidan «Beat the Clock» i 1979. Den første singelen «When Do I Get to Sing 'My Way'» nådde sjuandeplassen[5] i Tyskland, 38. plassen i Storbritannia[7] (han vart gjeven ut på ny i mai 1995 og nådde då 32. plassen[7]). Den andre singelen «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» nådde 61. plassen i Tyskland[5] og 36. plassen i Storbritannia.[7] Den siste singelen «Now That I Own the BBC» nådde 81. plassen i Tyskland[5] og 60. plassen i Storbritannia.[7]

«When Do I Get to Sing 'My Way'» og «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» gjekk òg inn på andre singellister i Europa og nådde høvesvis 9. og 24. plassen på den amerikanske Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista.[8]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Den japanske utgåva av albumet inkluderte «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing) (Bernard Butler's Mix)» som bonusspor. Albumet vart gjeve ut som den første i serien Sparks – The Collection i 2006 på gruppa sitt eige selskap, Lil' Beethoven Records. Denne nyutgjevinga hadde nytt plateomslag, ekstra platenotat og kom i eit digipak-omslag.

Albumet kom ut igjen i 2019 ommastra med 31 ekstra spor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Nr.TittelLengd
1.«Gratuitous Sax»0:31
2.«When Do I Get to Sing 'My Way'»4:37
3.«(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing»5:13
4.«Frankly, Scarlett, I Don't Give a Damn»5:03
5.«I Thought I Told You to Wait in the Car»4:20
6.«Hear No Evil, See No Evil, Speak No Evil»5:37
7.«Now That I Own the BBC»4:58
8.«Tsui Hark» (med Tsui Hark og Bill Kong)4:31
9.«The Ghost of Liberace»4:15
10.«Let's Go Surfing»5:02
11.«Senseless Violins»0:50
Bonusspor på den japanske utgåva
Nr.TittelLengd
12.«(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing» (Bernard Butler's Fashionable World of Fashion Mix)7:17

2019 Expanded Edition Plate to: Remixes / B-sides / Official Releases

Nr.TittelLengd
1.«National Crime Awareness Week [Complete Psycho]»5:17
2.«When Do It Get to Sing «My Way» [The Grid Radio Edit]»4:09
3.«(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing [Bernard Butler's Fashionable World of Fashion Mix]»7:06
4.«Now That I Own the BBC [Live Acoustic Version]»1:32
5.«When Do I Get to Sing «My Way» [Vince Clarke Remix]»4:38
6.«She's an Anchorman»5:08
7.«Little Drummer Boy» (ikkje utgjeven studioversjon)3:03
8.«Beat the Clock [Live In Concert]» (konsertopptak frå Shepherds Bush Empire, London, 17. november 1994)5:43
9.«National Crime Awareness Week [13 Minutes In Heaven]»13:05
10.«When Do I Get to Sing «My Way» [Sticks & Stones Remix]»6:20
11.«(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing [The Beatmasters' Full-Blown Dub]»5:34
12.«Now That I Own the BBC [Motiv 8 Extended Vocal Mix]»6:02
13.«When Do I Get To Sing «My Way» [Pro-Gress Mix]»4:36
14.«National Crime Awareness Week [The Janet Leigh Mix]»5:49

2019 Expanded Edition Plate tre: Demos & Unreleased Tracks

Nr.TittelLengd
1.«Where Did I Leave My Halo?»3:24
2.«She's Beautiful (So What)»3:40
3.«Mid-Atlantic»3:33
4.«The Farmer's Daughter»4:02
5.«This Angry Young Man (Ain't Angry No More)»4:28
6.«Bob Hope»3:41
7.«She's An Anchorman [Demo]»4:54
8.«Love Can Conquer All»4:26
9.«That's What I Call Paradise»5:27
10.«This Angry Young Man (Ain't Angry No More) [Ron Vocal Version]»2:11
11.«Mid-Atlantic [Ron Vocal Version]»3:28
12.«That's Entertainment» (med Leslie Bohem)2:46
13.«Katharine Hepburn» (ikkje utgjeven spor frå Christi Haydon EP)5:04
14.«Titanic» (ikkje utgjeven spor frå Christi Haydon EP)4:42
15.«Othello» (ikkje utgjeven spor frå Christi Haydon EP)4:02
16.«Holiday» (ikkje utgjeven spor frå Christi Haydon EP)3:43
17.«Boris the Spider» (ikkje utgjeven spor frå Christi Haydon EP)3:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Russell Mael – vokal, produsent
  • Ron Mael – klaverinstrument, produsent
  • Tsui Hark og Bill Kong – gjestevokal på «Tsui Hark»
  • John Thomas – ekstra lydteknikar og miksing
  • Steve Bates – ekstra lydteknikar og miksing
  • Mark Stagg (for Pro-Gress og D.E.F.) – ekstra produsent på «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing», «I Thought I Told You To Wait in the Car» og «Let's Go Surfing»
  • Alan Fisch – lydteknikar på «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing» og «I Thought I Told You To Wait in the Car»
  • Linus Burdick – ekstra produsent på «Now That I Own The BBC», «Hear No Evil, See No Evil, Speak No Evil» og «Let's Go Surfing»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering
Tyskland Media Control Charts[5] 29
UK Album Chart[6] 150

Singlar[endre | endre wikiteksten]

«When Do I Get To Sing 'My Way'»
Liste (1994/5) Plassering
Belgia Ultratop 50 16
Tyskland Media Control[5] 7
Nederland MegaCharts 35
Sveits Topp 100 22
U.K. Singles Chart[7] 38
U.K. Singles Chart (1995-utgåve)[7] 32
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[8] 9

«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)»
Liste (1995) Plassering
Tyskland Media Control[5] 61
U.K. Singles Chart[7] 36
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[8] 24
«Now That I Own The BBC»
Liste (1995/6) Plassering
Tyskland Media Control[5] 81
U.K. Singles Chart[7] 60

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sparks - Gratuitous Sax & Senseless Violins». AllMusic. Henta 21. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 Raggett, Ned. Review: Gratuitous Sax & Senseless Violins. AllMusic. Henta 28. april 2022.
  3. Haydon talks to Linda Lusardi on the LWT TV programme It's Bizarre 93
  4. «Thirty chord wonders». Living Section. Scotsman Newspaper. Arkivert frå originalen 20. oktober 2007. Henta 19. april 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 «Charts Surfer – UK, German and French charts». charts-surfer.de. Henta 21. april 2022. 
  6. 6,0 6,1 «Chart Log UK: DJ S – The System Of Life». Dipl.-Bibl.(FH) Tobias Zywietz, 1994–2009. Arkivert frå originalen 22. mars 2015. Henta 21. april 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 «The Official Charts Company – Sparks». Official Charts Company. Henta 21. april 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Allmusic – Billboard Singles – Sparks». Billboard. Henta 28. april 2022.