Plagiarism
Plagiarism Studioalbum av Sparks | ||
Utgjeve | 1997 | |
Studio | Sparks Studio i Los Angeles CTS Studios i London Coast Recorders i San Francisco RAK Studios i London | |
Sjanger | poprock | |
Lengd | 74:17 | |
Selskap | Oglio | |
Produsent | Ron Mael, Russell Mael, Faith No More, Erasure | |
Sparks-kronologi | ||
---|---|---|
Gratuitous Sax & Senseless Violins (1994) |
Plagiarism | Balls (2000)
|
Singlar frå Plagiarism | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Plagiarism er det 17. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det er eit slags hyllestalbum med nye, alternative versjonar av somme av dei mest kjende songane deira.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Plagiarism vart ikkje ein like stor suksess i Europa som føregangaren Gratuitous Sax & Senseless Violins, og nådde ikkje høgt på albumlistene nokon stad. Dei to singlane gjorde det godt nok til å nå nedre delar av UK Singles Chart. Den første singelen frå albumet, «The Number One Song in Heaven», vart sungen i lag med Jimmy Somerville og nådde 70. plassen i oktober 1997.[2] Remiksar av singelen nådde 28. plassen på den amerikanske Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista i 1999. Det var så langt den siste singelen deira på lista.[3] Den andre singelen, «This Town Ain't Big Enough for Both of Us», gjorde det betre og vart spelt i lag med Faith No More. Denne nådde 40. plassen i Storbritannia i desember 1997 og vart den siste topp 40-singelen deira i Storbritannia til no.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael; utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Pulling Rabbits Out of a Hat» | 3:36 | |
2. | «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» | Ron Mael | 4:03 |
3. | «No 1 Song in Heaven (Part Two)» | Ron Mael, Russell Mael, Giorgio Moroder | 4:06 |
4. | «Funny Face» | 5:11 | |
5. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» | 5:44 | |
6. | «Angst in My Pants» | 5:19 | |
7. | «Change» | 5:26 | |
8. | «Popularity» | 4:21 | |
9. | «Something for the Girl with Everything» | Ron Mael | 2:52 |
10. | «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» (med Faith No More) | Ron Mael | 3:00 |
11. | «Beat the Clock» | 4:30 | |
12. | «Big Brass Ring» | 4:20 | |
13. | «Amateur Hour» (med Erasure) | Ron Mael | 3:35 |
14. | «Propaganda» | Ron Mael | 2:35 |
15. | «When I'm with You» | 4:06 | |
16. | «Something for the Girl with Everything» (med Faith No More) | Ron Mael | 3:15 |
17. | «Orchestral Collage» | Ron Mael, Russell Mael, Giorgio Moroder | 0:24 |
18. | «The Number One Song in Heaven» (med Jimmy Somerville) | Ron Mael, Russell Mael, Giorgio Moroder | 5:19 |
19. | «Never Turn Your Back on Mother Earth» | Ron Mael | 2:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Russell Mael – vokal, produsent, miksing
- Ron Mael – klaverinstrument, produsent
- Metro Voices – korvokal på «Pulling Rabbits Out of a Hat», «When Do I Get to Sing 'My Way'», «The Number One Song in Heaven» og «Never Turn Your Back On Mother Earth»
- Dean Menta – gitar på «Funny Face»
- Tony Visconti – orkester- og korarrangement og dirigent på «Pulling Rabbits Out of a Hat», «This Town Ain't Big Enough for Both of Us», «When Do I Get to Sing 'My Way'», «Change», «Something for the Girl with Everything», «Propaganda», «The Number One Song in Heaven» og «Never Turn Your Back On Mother Earth»
- John Thomas – miksing
- Greg Penny – miksing
- Eskimos and Egypt – ekstra produksjon, remiks, bass, gitar og trommer på «Angst in My Pants»
- Faith No More – produsent og artist på «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» og «Something for the Girl with Everything»
- Erasure – produsent og artist på «Amateur Hour»
- Jenny O'Grady og David Porter-Thomas – ekstra vokal på «Propaganda»
- Jimmy Somerville – artist på «The Number One Song in Heaven»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Plagiarism (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ 2,0 2,1 «Sparks - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 29. april 2022.
- ↑ «Allmusic - Billboard Singles - Sparks». Billboard. Henta 28. april 2022.