Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976)
Samlealbum av Queen
Utgjeve 14. mars 2011
Innspelt 1971–1976
Sjanger rock
Lengd 50:07
Selskap Island
Produsent Forskjellige
Queen-kronologi
The Singles Collection Volume 4
(2010)
Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976) Deep Cuts, Volume 2 (1977–1982)
(2011)


Deep Cuts, Volume 1 (1973–1976) er eit samlealbum av Queen med songar frå 1973 til 1976. I motsetnad til andre samlingar av Queen, inneheld Deep Cuts songar som ikkje nødvendigvis var hittar. Albumet vart gjeve ut 14. mars 2011 i samband med 40-årsjubileet til Queen. Deep Cuts Volume 1 kom ut samstundes med nyutgjevinga av dei fem første Queen-albuma (Queen, Queen II, Sheer Heart Attack, A Night at the Opera, A Day at the Races). Songane var alle personlege favorittar som ikkje var hittar, valt ut av Brian May, Roger Taylor og Taylor Hawkins (trommeslagaren i Foo Fighters). Det er den einaste utgjevinga som inneheld den komplette slutten av «The March of The Black Queen» (på Queen II glir han over i «Funny How Love Is») og «Ogre Battle» (på Queen II glir han over «The Fairy Feller's Master-Stroke»). Dei tre songane «Tenement Funster», «Flick of the Wrist» og «Lily of the Valley» glir alle over i kvarandre slik dei gjorde på Sheer Heart Attack.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ogre Battle» (frå Queen II, 1974)Freddie Mercury4:14
2.«Stone Cold Crazy» (frå Sheer Heart Attack, 1974)May, Mercury, Taylor, John Deacon2:13
3.«My Fairy King» (frå Queen, 1973)Freddie Mercury4:08
4.«I'm in Love with My Car» (frå A Night at the Opera, 1975)Roger Taylor3:05
5.«Keep Yourself Alive» (frå Queen, 1973)Brian May3:46
6.«Long Away» (frå A Day at the Races, 1976)May3:33
7.«The Millionaire Waltz» (frå A Day at the Races, 1976)Mercury4:54
8.«'39» (frå A Night at the Opera, 1975)May3:30
9.«Tenement Funster» (frå Sheer Heart Attack, 1974)Taylor2:46
10.«Flick of the Wrist» (frå Sheer Heart Attack, 1974)Mercury3:17
11.«Lily of the Valley» (frå Sheer Heart Attack, 1974)Mercury1:45
12.«Good Company» (frå A Night at the Opera, 1975)May3:23
13.«The March of the Black Queen» (frå Queen II, 1974)Mercury6:38
14.«In the Lap of the Gods... Revisited» (frå Sheer Heart Attack, 1974)Mercury3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Freddie Mercury: solo- og korvokal, piano.
  • Brian May: gitarar, solovokal på «39», «Long Away» og «Good Company», vokal på mellomspel på «Keep Yourself Alive», korvokal, ukulele, bjølle.
  • Roger Taylor: trommer, perkusjon, solovokal på «Tenement Funster» og «I'm in Love with My Car», vokallinje på «The March of the Black Queen», vokal på mellomspel på «Keep Yourself Alive».
  • John Deacon: bassgitar, akustisk gitar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]