Keep Yourself Alive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keep Yourself Alive
Singel av Queen
frå albumet Queen
B-side «Son and Daughter»
Utgjeve 6. juli 1973
Innspelt 1971–1972 at Trident og De Lane Lea Studios in London
Sjanger Hardrock
Lengd 3:45
Selskap EMI, Elektra
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent John Anthony, Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi
Keep Yourself Alive «Liar»
(1974)


«Keep Yourself Alive» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av gitaristen Brian May og er opningssporet på debutalbumet til bandet, Queen (1973). Han vart gjeven ut som den første singelen til Queen i lag med «Son and Daughter» som B-side. «Keep Yourself Alive» selde dårleg då han kom ut og gjekk ikkje på salslistene nokon stad.

I 2008 rangerte Rolling Stone songen på 31. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[1]

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Hodkinson, som skreiv Queen: The Early Years, vart «Keep Yourself Alive» skriven på akustisk gitar under ei øving i Imperial College og i hagen ved Ferry Road i 1970.[2] På denne tida hadde ikkje Queen enno fått ein fast bassist. Gruppa bestod då av gitaristen Brian May, songaren Freddie Mercury og trommeslagaren Roger Taylor. I ein radiosepsial om albumet News of the World i 1977, sa May at han hadde skrive teksten med tanke på at han skulle vere ironisk og med glimt i auge, men dette vart fullstendig endra då Freddie Mercury song teksten.

Den første versjonen av «Keep Yourself Alive» vart spelt inn sommaren 1971 i De Lane Lea Studios. Han var produsert av Louie Austin og inkluderer introen spelt av Brian May på ein Hairfred akustisk gitar. Alle elementa i songen var der alt då, inkludert kall- og svar-vokalen til Freddie Mercury (versa) og under mellomspelet, der Roger Taylor song ei linje og Mercury svara. Denne demoversjonen er favorittversjonen til Brian May av songen.

Seniare gjorde dei fleire forsøk på å «gjenskape magien» då dei skulle spele inn den «verkelege» versjonen i Trident Studios. Versjonen miksa av Mike Stone vart den einaste dei aksepterte, og det var denne som kom ut som singel. Her syng Freddie Mercury all harmonivokal i refrenget (lagt på lag på lag) og Brian May syng «two steps nearer to my grave»-linja i staden for Mercury (som song han live og på tidlegare versjonar). Denne innspelinga nyttar ikkje akustisk gitar. I den trykte transkripsjonen på EMI Music Publishing sin Off the Record' er det lista opp minst sju elektriske gitarpartar, den eine med phasing-effekt. Denne innspelinga inneheld òg linja «Come on and get it, get it, get it boy, keep yourself alive,» som ikkje var i originalversjonen.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Brian May, som skreiv «Keep Yourself Alive», spelar konsert med sin Red Special-gitar i 1977.

Det nydanna Queen byrja raskt å spele «Keep Yourself Alive» på konsertane sine. Mercury kommenterte at songen «var ein særs god måte å syne folk kva Queen var på den tida» (RAM, 21. mai 1976, s. 17). Nummeret inneheldt ein trommesolo av Taylor og ei linje sungen av han.

«Keep Yourself Alive» vart spelt på konsertane til bandet fram til tidleg i 1980-åra. På turneane i 1980 og 1981 spelte bandet ofte ein improvisert jam før starten av songen etter trommesoloen, og denne glei inn i Taylor sin paukesolo, etterfulgt av May sin echo-plex-gitarsolo før han glei over i anten «Brighton Rock»-finalen eller eit tromme- og gitarklimaks, eller glei over i ein Flash Gordon-medley (som bestod av «Battle Theme»/«Flash's Theme»/«The Hero»). Bandet spelte ikkje songen igjen før 1984 under The Works-turneen som ein del av ein medley av gamle songar (med «Somebody to Love», «Killer Queen», «Seven Seas of Rhye» og «Liar»).

På konsertane song Mercury ofte linja «all you people keep yourself alive» (som er sungen berre to gonger i studioversjonen) i staden for den meir repeterte linja «take you all your time and a money and honey you'll survive». Dette kom truleg av at det var lettare frasering og færre stavingar i førstnemnde.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

EMI gav ut «Keep Yourself Alive» som singel i Storbritannia den 6. juli 1973, ei veke før Queen kom i butikkane. Eit par månader seinare, den 9. oktober 1973, gav Elektra Records singelen ut i USA.[3] «Keep Yourself Alive» fekk lite merksemd på radio og vart stort sett ignorert på begge sider av Atlanteren, og gjekk ikkje inn på salslistene noko stad.[4] I følgje Queen-biografen Mark Hodkinson, skal EMI provde å sikre songen plass på britiske Radio 1, men dei vart avvist kvar gong, fordi det «tok for lang tid før det skjedde noko» i songen. «Keep Yourself Alive» er den einaste Queen-singelen som ikkje har gått inn på singellista i Storbritannia.[5]

Singelen fekk blanda meldinga i britisk musikkpresse. New Musical Express hylla den «reine lyden» i songen, og «den gode songaren», og meinte at om Queen «ser halvparten så bra ut som dei høyrest ut, så kan dei bli enorme».[6] Meldinga i Melody Maker meinte at Queen «laga ein imponerande debut med ein tung gitarintro og energiske vokalåtak»; men han meinte at songen var uoriginal og usannsynleg at det kom til å bli ein hit.[7] Magasinet Disc meinte at singelen «burde gjere det bra». Meldaren hylla trommesoloen i «Keep Yourself Alive», og «dei attraktive, oppstylta Hendrix-aktige riffa».[8] South Yorkshire Times rangerte singelen som «good»; avisa meinte at «om ein skal tru debuten frå Queen, så bør dei bli eit særs interessant band i framtida.»[9] I meldinga si for albumet Queen for Rolling Stone skreiv Gordon Fletcher om «Keep Yourself Alive» at han var «verkeleg kjempebra».[10]

I seinare tid er «Keep Yourself Alive» trekt fram som høgdepunktet på eit elles inkonsistent debutalbum. Stephen Thomas Erlewine frå Allmusic skreiv at medan Queen «for ofte er ei rekkje idear etter kvarandre i staden for konsise songar», «er det eit unntak til den regelen - den ville, rasande opnaren, 'Keep Yourself Alive,' ein av dei aller beste songane deira».[11] I 2008 rangerte Rolling Stone songen på 31. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Magasinet skreiv då at «Brian May syner kva han vil: ein falanks av gitarar i lag på lag som skrik ut i unison, med rytme og tekstur frå dei overveldande effektane... riff for eit heilt album pressa inn i ein enkel song.»[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" (britisk 1973-utgåve)
  1. «Keep Yourself Alive» (Brian May) – 3:47
  2. «Son and Daughter» (May) – 3:21
7" (amerikansk 1975-utgåve)
  1. «Keep Yourself Alive» (May) – 3:47
  2. «Lily Of The Valley» (Freddie Mercury) – 1:43
  3. «God Save The Queen» (trad., arr. av May) – 1:11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "The 100 Greatest Gitar Songs of All Time: 31. 'Keep Yourself Alive'». Rolling Stone. 12. juni 2008. Henta on 20. mai 2016.
  2. Hodkinson, s. 122.
  3. "QOL History—Queen». QueenOnline. Henta on 20. mai 2016.
  4. Rivadavia, Eduardo. «Keep Yourself Alive» song review. Allmusic. Henta 20. mai 2016.
  5. Hodkinson, s. 158
  6. "Queen: 'Keep Yourself Alive' (EMI)». New Musical Express. 14. juli 1973.
  7. "Queen: 'Keep Yourself Alive' (EMI)». Melody Maker. 21. juli 1973.
  8. "Queen: 'Keep Yourself Alive' (EMI 2036)». Disc. 21. juli 1973.
  9. "'Keep Yourself Alive'/'Son and Daughter'—Queen (EMI)». South Yorkshire Times. 27. juli 1973.
  10. Fletcher, Gordon. «Queen review». Rolling Stone. 6. desember 1973. Henta on 2. august 2009.
  11. Erlewine, Stephen Thomas. «Queen review». Allmusic. Henta on 2. august 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]