The Freddie Mercury Tribute Concert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Freddie Mercury Tribute Concert for Aids Awareness var ein konsert halde 2. påskedag, 20. april 1992 på Wembley Stadium i London, føre eit publikum på 72 000.[1] Konserten vart produsert for fjernsyn av Ray Burdis og sendt direkte på fjernsyn og radio i 76 land verda over, for eit samla publikum på ein milliard.[2][3] Konserten var ei hyllest til Queen-vokalisten Freddie Mercury og inntektene gjekk til AIDS-forsking. Showet var den siste heile konserten bassisten John Deacon spelte med Queen (utanom to korte framføringa med Brian May, Roger Taylor og Elton John i 1997). Inntektene til konserten var med å starte The Mercury Phoenix Trust, ein veldedig AIDS-organisasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Freddie Mercury døydde 24. november 1991 frå lungebetennelse han fekk som følgje av AIDS, kom dei attverande medlemmane i Queen (John Deacon, Brian May og Roger Taylor) i lag med manageren sin, Jim Beach, for å organisere ein konsert for å feire livet til Mercury, og få inn pengar til forsking og for å auke kunnskapen om AIDS hos folk.[4] I februar 1992, under den årlege BRIT Awards-seremonien, annonserte May og Taylor planane om konserten. Då billettane vart lagt ut for sal, vart alle dei 72 000 billettane selde ut på berre tre timar, sjølv om ingen andre artistar enn Queen var annonsert.[4]

Konsert[endre | endre wikiteksten]

«God kveld Wembley og verda. Me er her i kveld for å feire livet, arbeidet og draumane til Freddie Mercury.
Me skal gje han den største avskjedsgåva i historia!»

 —Queen-gitaristen Brian May.[5]

Konserten opna med ei melding frå dei tre attverande medlemmane i Queen i ei hyllest til Mercury.[5] Musikken sette så i gang med korte sett frå band som var påverka av musikken til Queen, inkludert Metallica, Extreme (som spelte ein Queen-medley), Def Leppard (som tok med seg Brian May på scenen for ein versjon av «Now I'm Here») og Guns N' Roses. Mellom banda vart det vist videoklipp som æra Freddie Mercury, medan scenearbeidarane gjorde klart for neste artist.

Den andre halvdelen av konserten bestod av dei tre attverande Queen-medlemmane – John Deacon (på bass), Brian May (på gitar) og Roger Taylor (på trommer) – i lag med gjestesongarar og gitaristar, som Elton John, Roger Daltrey (frå The Who), Tony Iommi (frå Black Sabbath), David Bowie, Mick Ronson (frå Spiders from Mars), James Hetfield (frå Metallica), George Michael, Seal, Paul Young, Annie Lennox, Lisa Stansfield, Robert Plant (frå Led Zeppelin), Joe Elliott og Phil Collen (frå Def Leppard), Axl Rose og Slash (frå Guns N' Roses), Liza Minnelli og andre. Dette var det andre høgprofilerte prosjektet med både Elton John og George Michael på like mange år. Året før hadde dei arbeidd i lag på ein konsert på John-songen «Don't Let the Sun Go Down on Me». Via satelitt frå Sacramento i California, dediserte U2 framføringa si av «Until the End of the World» til Mercury.[6]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Konserten vart opphavleg gjeven ut på VHS, men på grunn av tidsavgrensing vart «Love of My Life» og «More Than Words» av Extreme, «Animal» og «Let's Get Rocked» av Def Leppard, Spinal Tap sin «The Majesty of Rock», U2 sin «Until The End of the World», Mango Groove sin «Special Star» og Robert Plant-versjonen av «Innuendo» vart fjerna i den originale utgjevinga. Den amerikanske utgåva hadde heller ikkje med Bob Geldof sin «Too Late God», og Zucchero Fornaciari sin «Las Palabras de Amor».

I april 2002 vart konserten gjeven ut på DVD og nådde toppen av den britiske salslista.[7] «Innuendo» var ikkje med på DVDen, sidan Robert Plant ikkje ønskte dette. I tillegg hadde det opphavlege 4:3-formatet blitt omgjort til widescreen.

Ein EP av George Michael sine songar med Queen vart gjeve ut som Five Live i april 1993. Denne gjekk inn på toppen av den britiske singellista. Dei tre songane Metallica spelte vart gjeve ut på turnéutgåva av singelen «Nothing Else Matters», kalla «Live at Wembley Stadium» og gjeve ut i Europa berre ei veke etter konserten, den 27. april 1992. I tillegg vart Guns N' Roses si utgåve av «Knockin' on Heaven's Door» gjeve ut i august 1992 som ei dobbel A-side med den originale studioinnspelinga deira av songen. Denne gjekk til andreplassen på den britiske singellista.

I september 2013 kom konserten ut på ny DVD og Blu-Ray.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

Utan Queen[endre | endre wikiteksten]

  1. Metallica – «Enter Sandman», «Sad but True», «Nothing Else Matters»
  2. Extreme – Queen Medley, «Love of My Life» (Gary Cherone &Nuno Bettencourt), «More Than Words» (Gary Cherone & Nuno Bettencourt)
  3. Def Leppard – «Animal», «Let's Get Rocked», «Now I'm Here» (med Brian May)
  4. Bob Geldof – «Too Late God»
  5. Spinal Tap – «The Majesty of Rock»
  6. U2 – «Until the End of the World» – via satellitt frå Sacramento i California
  7. Guns N' Roses – «Paradise City», «Knockin' on Heaven's Door»
  8. Mango Groove – «Special Star» – via satellitt frå Johannesburg i Sør-Afrika
  9. Elizabeth Taylor – AIDS-tale
  10. Freddie Mercury – samlinga av forskjellige interaksjonar med publikum

Med Queen[endre | endre wikiteksten]

  1. Queen + Joe Elliott/Slash – «Tie Your Mother Down», Brian May song første verset, så Roger Taylor med på første refrenget, medan Joe Elliott tok over andreverset med Queen på korvokal for resten av songen
  2. Queen + Roger Daltrey & Tony Iommi – «Heaven and Hell» (intro), «Pinball Wizard» (intro), «I Want It All»
  3. Queen + Zucchero – «Las Palabras de Amor»
  4. Queen + Gary Cherone & Tony Iommi – «Hammer to Fall»
  5. Queen + James Hetfield/Tony Iommi – «Stone Cold Crazy»
  6. Queen + Robert Plant – «Innuendo (inkludert delar av «Kashmir»), «Thank You» (intro), «Crazy Little Thing Called Love»
  7. Brian May med Spike Edney – «Too Much Love Will Kill You»
  8. Queen + Paul Young – «Radio Ga Ga»
  9. Queen + Seal – «Who Wants to Live Forever»
  10. Queen + Lisa Stansfield – «I Want to Break Free»
  11. Queen + David Bowie & Annie Lennox – «Under Pressure» ekstra vokal av Roger Taylor
  12. Queen + Ian Hunter, David Bowie, Mick Ronson, Joe Elliot & Phil Collen – «All the Young Dudes»
  13. Queen + David Bowie & Mick Ronson – «Heroes»
  14. David Bowie – «Fader vår»
  15. Queen + George Michael – «'39»
  16. Queen + George Michael & Lisa Stansfield – «These Are the Days of Our Lives»
  17. Queen + George Michael – «Somebody to Love»
  18. Queen + Elton John & Axl Rose – «Bohemian Rhapsody»
  19. Queen + Elton John & Tony Iommi – «The Show Must Go On»
  20. Queen + Axl Rose – «We Will Rock You»
  21. Queen + Liza Minnelli i lag med alle andre artistar på konserten – «We Are the Champions»
  22. Queen – «God Save the Queen»

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Queen vart akkompagnert av følgjande musikarar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1991: Giant of rock dies BBC News. Henta 31. juli 2016
  2. Freddie Mercury: The Tribute Concert ABC Television (20. august 2007). Henta 2. august 2016
  3. Diskografi: The Freddie Mercury Tribute Concert VHS, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 2. august 2016 
  4. 4,0 4,1 Freddie Mercury Tribute The Times. Henta 2. august 2016
  5. 5,0 5,1 Queen Introduction: The Freddie Mercury Tribute Concert Ultimate Queen. Henta 2. august 2016
  6. 1992 The Freddie Mercury Tribute Concert Ultimate Queen. Henta 2. august 2016
  7. The Freddie Mercury Tribute Concert (Special 10th Anniversary Reissue) Henta 31. juli 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]