News of the World av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
News of the World
Studioalbum av Queen
Utgjeve 28. oktober 1977
Innspelt Juli – september 1977 i Sarm West Studios og Wessex Studios i London
Sjanger
Lengd 39:30
Selskap EMI, Parlophone (UK)
Elektra, Hollywood (US/Canada)
Produsent Queen, Mike Stone
Queen-kronologi
A Day at the Races
(1976)
News of the World Jazz
(1978)
Singlar frå News of the World
  1. «We Are the Champions»/«We Will Rock You»
  2. «Spread Your Wings»
  3. «It's Late»

News of the World er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1977. Det inneheld hitsongane «We Will Rock You», «We Are the Champions» og «Spread Your Wings». Det selde til 4x platina i USA, og gjorde det godt verda rundt, med eit samla salstal på over seks millionar eksemplar. News of the World er det mestseljande albumet til Queen så langt.

News of the World var det andre albumet deira som vart spelt inn i Sarm West og Wessex Studios i London, med Mike Stone som lydteknikar. Albumet vart produsert av bandet og Stone i lag.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter at det førre albumet, A Day at the Races, som bandet hadde produsert på eiga hand, vart kritisert for å vere «keisamt»,[4] valte Queen å fokusere meir på lyttarvenleg musikk, men framleis ha kontroll som produsentar.

Etter at A Day at the Races-turneen var over, gjekk kvartetten i studio att for å arbeide med det sjette studioealbumet deira i juli 1977. Dei tok inn Mike Stone som assisterande produsent ved Basing Street og Wessex Studios i London. Dei skalerte ned dei komplekse arrangementa og fokuserte meir på «roots-basert» stil (i følgje Brian May). Kjennemerket til Queen med harmonivokal og gitar i fleire lydlag finst likevel på dette albumet òg, men noko meir subtilt. Færre av songane på News of the World er skrivne av May og Freddie Mercury, og både Roger Taylor og John Deacon skreiv to songar kvar. Gruppa var ferdig med innspelinga og produksjonen to månader seinare, i septemeber, og gav ut albumet 28. oktober 1977.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget var eit måleri av den amerikanske sci-fi-kunstnaren Frank Kelly Freas. Taylor hadde ei utgåve av Astounding Science Fiction (Oktober 1953) der ein på omslaget kunne sjå ein stor, intelligent robot som heldt liket av ein mann. Biletteksten las «Vær så snill,... kan du fikse det, far?».[5] Måleriet inspirerte bandet til å kontakte Freas, som gjekk med på å endre måleriet for omslaget, og erstatta den døde mannen med fire «døde» bandmedlemmar.[6] Freas sa han berre lytta til klassisk musikk og ikkje kjende til Queen, og høyrde dei først då bandet spurte han om å lage omslaget.[5]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «We Are the Champions» kom ut 7. oktober 1977 i Storbritannia og var den første singelen deira som nådde andreplassen der. I USA nådde han fjerdeplassen.
  • «Spread Your Wings» var den andre singelen frå albumet, og kom ut 10. februar 1978. Han nådde 34. plassen i Storbritannia.
  • «It's Late» var den siste singelen frå albumet og vart berre gjeven ut i USA, Canada, Japan og New Zealand i 1978. Han nådde 74. plassen i USA.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[8]
Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Rolling Stone2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[11]
The Village VoiceC[12]

News of the World fekk i starten middels kritikk, og dei fleste fokuserte på skilnadane mellom den tidlegare, hovudsaklege progressive rockestilen deira og den nyare, meir radiovennlege stilen.[13] The Washington Post skreiv at bandet eksperimenterte med alt frå hardrock til softrock,[4] medan Rolling Stone og Barta Testa meinte at den andre sida av albuemt var keisam etter høgdepunkt som «We Will Rock You», «Sheer Heart Attack» og «Fight from the Inside» på førstesida.[11] The Village Voice og Robert Christgau sa at den første sida av albumet omhandla «det fåfengde opprøret til dei taparane som er dømde til livet (dei tullingane!) (de tullingar!) som kjøper og lytter til albumet», medan den andre sida er songar om usømmelege kvinner.[12]

I den årlege undersøkinga til Creem, stemde lesarane News of the World fram til det 18. beste albumet i 1977.[14] I ei seinare melding for BBC Music skreiv Daryl Easlea at albumet var eit usedvanleg døme på «Queen sin ufeilbarlege evne til å høyrast ut som absolutt ingen andre grupper – sjølv når dei parodierer andre musikkstilar».[15] Brendan Schroer i Sputnikmusic kalla det «det store arenarock-underverket» med særs få feil.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «We Will Rock You»  Brian May 2:01
2. «We Are the Champions»  Freddie Mercury 2:59
3. «Sheer Heart Attack»  Roger Taylor 3:26
4. «All Dead, All Dead»  May 3:10
5. «Spread Your Wings»  John Deacon 4:34
6. «Fight from the Inside»  Taylor 3:03
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Get Down, Make Love»  Mercury 3:51
8. «Sleeping on the Sidewalk»  May 3:06
9. «Who Needs You»  Deacon 3:05
10. «It's Late»  May 6:26
11. «My Melancholy Blues»  Mercury 3:29
Bonusspor på Hollywood Records-utgåva frå 1991
# Tittel Lengd
12. «We Will Rock You» (1991 bonus remix av Rick Rubin) 5:00
Bonus-EP frå 2011
# Tittel Lengd
1. «Feelings Feelings» (Take 10, juli 1977) 1:54
2. «Spread Your Wings» (BBC session, oktober 1977) 5:25
3. «My Melancholy Blues» (BBC session, oktober 1977) 3:12
4. «Sheer Heart Attack» (live in Paris, 28. februar 1979) 3:34
5. «We Will Rock You» (fast) (live i Tokyo, november 1982) 2:54
Bonusvideoar med iTunes-versjonen i 2011
# Tittel Lengd
1. «My Melancholy Blues» (live at the Summit, 1977) 3:54
2. «Sheer Heart Attack» (live at Hammersmith, 1979) 3:13
3. «We Will Rock You» (Queen Rocks version, 1998) 2:04

Songar[endre | endre wikiteksten]

We Will Rock You[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå We Will Rock You.

«We Will Rock You» vart gjeven ut som B-sida til «We Are the Champions», og vart ein av dei mest kjende og største songane til Queen og ofte nytta på idrettsarrangement. Brian May ønskte å lage ein song som var enkle og anthem-aktig («tramp, tramp, klapp, pause» to gonger kvar 4/4-takt), slik at publikum kunne bli meir direkte involvert i showet. I musikkvideoen for «We Will Rock You» og «Spread Your Wings», nytta May ein kopi av gitaren sin. Han ønskte visstnok ikkje å utsette gitaren sin, Red Special, for snø og kulde, sidan videoane for desse to songane vart laga ute i hagen til Roger Taylor.

We Are the Champions[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå We Are the Champions.

I følgje Freddie Mercury vart «We Are the Champions» skriven alt i 1975, men ikkje spelt inn før 1977.[16] Han vart gjeven ut som singel med «We Will Rock You», og nådde andreplassen i Storbritannia og fjerdeplassen i USA. «We Are the Champions» var den første musikkvideoen deira der folk frå fanklubben deira vart inviterte til å delta i filminga. Videoen vart filma ved New London Theatre den 6. oktober 1977. Alle som deltok fekk ein gratis singel av «We Are the Champions», ein dag før singelen kom ut. Queen heldt i tillegg ein gratis konsert etter filminga.

Sheer Heart Attack[endre | endre wikiteksten]

«Sheer Heart Attack» var halvferdig då albumet med same namn kom ut i 1974. Taylor song solovokal på demoen, men for den endelege versjonen var det Mercury som song, med Taylor på refrenget. Rytmegitar og bass vart spelt av Taylor, utanom somme «gitarskrik» av May i instrumentalen.[17]

På denne tida hadde punkrocken slått ut for fullt, og denne songen vart sett på som eit stikk til musikarar som meinte at band som Queen var for nytingssjuke.

All Dead, All Dead[endre | endre wikiteksten]

«All Dead, All Dead» vart skriven og sungen av May, med Mercury på piano og korvokal. I ein episode av In the Studio with Redbeard stadfesta May rykte om at songen delvis var inspirert katten hans frå barndommen døydde.[18]

Spread Your Wings[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Spread Your Wings.

«Spread Your Wings» vart skriven av bassisten John Deacon. Mercury spelar piano, men i musikkvideoen kan ein sjå Deacon mime på piano. Videoen vart filma heime i hagen til Taylor, ute i snøen. Mercury har på seg stjerneforma solbriller i videoen. May spelte på ein kopi av gitaren sin, sidan han var redd for å utsetje gitaren for det kalde vêret. Ein kan òg sjå Taylor synge i videoen, sjølv om det ikkje er noko korvokal på songen. Det var den første singelen til Queen utan harmonivokal.

Fight from the Inside[endre | endre wikiteksten]

«Fight from the Inside» vart skriven og sungen av Taylor. I tillegg til at han spelte trommer, spelte han òg rytme- og bassgitar. Han lånte bassen til Deacon.

Songen er bygd kring eit skranglande gitarriff og er av dei første i Queen-katalogen som er hovudsakleg fokusert på trommer og bass, og ikkje sologitar.[19] Det er òg ein av få songar i diskografien til bandet som nesten berre vart spelt inn av eit enkelt medlem. Den andre var «Sheer Heart Attack».

Gitaristen Slash har sagt at gitarriffet til songen var eit av favorittriffa hans.[20]

Get Down, Make Love[endre | endre wikiteksten]

«Get Down, Make Love» var skriven av Mercury og var ein av dei mest seksuelt ladde songane til Queen. Songen vart introdusert på konsertane deira like etter han kom ut og var ein del av ein «medley» fram til slutten av Hot Space-turneen i 1982. På Hot Space-turneen var songen redusert til det første verset og refrenget, etterfølgd av ein gitarsolo av May.

Dei «psykedeliske» lydeffektane i songen vart ikkje laga med ein synthesizer, men med ein av frekvenspedalane til May og gitaren hans.

Ein meir aggresiv versjon av songen vart covra av Trent Reznor og det industrielle rockebandet hans Nine Inch Nails, som B-sida til singelen «Sin» i 1990. Denne vart sidan gjeven ut som bonusspor i 2010 på Pretty Hate Machine.

Sleeping on the Sidewalk[endre | endre wikiteksten]

«Sleeping on the Sidewalk» var skriven og sungen av May. Utanom vokalen vart songen spelt inn på eitt forsøk. May syng songen med ein amerikansk aksent. Songen handlar om ein amerikanske trompetist. Ein kan høyre at Deacon spelar nokre tonar feil, og ein kan høyre May le i slutten av songen. Det er òg ein av få Queen-songar utan Mercury.

Who Needs You[endre | endre wikiteksten]

«Who Needs You» var ein song skriven av Deacon, i lag med May, som spelar spansk gitar. Mercury syng solovokal. Vokalen er plassert heilt i høgrekanalen, medan sologitaren er i venstrekanalen. May spelar maracas og Mercury kubjølle.

It's Late[endre | endre wikiteksten]

«It's Late» vart skriven av May med ein idé om å lage ein teatralsk song i tre akter. May spelar med ein tappe-teknikk som Eddie Van Halen i rockegruppa Van Halen gjorde kjend seinare.

My Melancholy Blues[endre | endre wikiteksten]

«My Melancholy Blues» vart skriven av Mercury. Det er ingen korvokal eller gitar. Trass i tittelene er songen nærare jazz enn blues. Deacon spelte bandlaus bass på konsertversjonar av songen, men spelte med vanleg bass på albumet.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Austerrike[21] 9
Canada[22] 2
Nederland[23] 1
FrankrikeMal:Citation needed 1
Tyskland[24] 7
New Zealand[25] 15
Noreg[26] 4
Sverige[27] 9
UK Albums Chart[28] 4
US Billboard 200[29] 3

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[30] 3× Platina 300 000^
Frankrike (SNEP)[31] Gull 553,600[32]
Tyskland (BVMI)[33] Platina 500 000^
Nederland (NVPI)[34] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[35] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[36] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[37] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schroer, Brendan (8 Oktober 2010). «Review: Queen - News of the World». Sputnikmusic. Henta 24. mai 2014. 
  2. Purvis, Georg (2006). Queen: Complete Works. Richmond: Reynolds & Hearn. s. 56. ISBN 978-1-905287-33-8. The stadionrock of News Of The World had been honed into a finely executed chart sound, and the band found themselves catering more to the hit parade than creating albums. 
  3. From Uncut: «News Of The World boasted shorter songs and a more straightforward rock direction."
  4. 4,0 4,1 «Queen: Less Flamboyance, More of the Beatles». Originally published by Washington Post. Currently mirrored by Queen Archives. 28. desember 1978. Henta 29. juni 2016. 
  5. 5,0 5,1 As the Symphony gets ready to rock, we remember a local artist, The Virginian-Pilot
  6. «News of the World: Album Details». Queen Online. 
  7. Allmusic Review
  8. Kot, Greg (19. april 1992), «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey», Chicago Tribune, http://articles.chicagotribune.com/1992-04-19/entertainment/9202040743_1_star-queen-ii-flash-gordon, henta 20. mai 2016 
  9. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  10. Q, September 1993, s.119: «The album contained such anthemic fare as 'We Will Rock You' and 'We Are The Champions'."
  11. 11,0 11,1 Rolling Stone Review
  12. 12,0 12,1 Christgau, Robert (26. desember 1977), «Christgau's Consumer Guide», The Village Voice (New York), http://www.robertchristgau.com/xg/cg/cgv12-77.php, henta 24. mai 2014 
  13. «News of the World». Originally published by The Valley News. Currently mirrored by Queen Archives. 11. november 1977. Henta 29. juni 2016. 
  14. «Rocklist.net...Creem magazine selected readers». Rocklistmusic.co.uk. Henta 7. januar 2012. 
  15. BBC Review
  16. A Night at the Opera DVD commentary.
  17. Purvis, Georg (2007). Queen: Complete Works. Richmond: Reynolds & Hearn. s. 43. ISBN 978-1-905287-33-8. 
  18. Purvis 2007, s. 108.
  19. [1]
  20. Sutcliffe, Phil; Hince, Peter; Mack, Reinhold (2009). Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. London: Voyageur Press. ISBN 0-7603-3719-5. 
  21. Steffen Hung. «Queen – News Of The World». austriancharts.at. Henta 7. januar 2012. 
  22. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 7. januar 2012. 
  23. Steffen Hung. «Queen – News Of The World». dutchcharts.nl. Henta 7. januar 2012. 
  24. «charts.de». charts.de. 28. februar 1979. Henta 7. januar 2012. 
  25. «Queen – News Of The World (Album)». charts.org.nz. Hung Medien. Henta 27. juni 2015. 
  26. Steffen Hung. «Queen – News Of The World». norwegiancharts.com. Henta 7. januar 2012. 
  27. Steffen Hung. «Queen – News Of The World». swedishcharts.com. Henta 7. januar 2012. 
  28. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  29. «Queen». AllMusic. Henta 7. januar 2012. 
  30. «Canadian album salstrofé – Queen – News of the World». Music Canada. 
  31. «French album salstrofé – Queen – News of the World» (på fransk). InfoDisc.  Select QUEEN and click OK
  32. «Les Albums Or :» (på French). Infodisc.fr. Henta 22. august 2012. 
  33. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'News of the World')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  34. «Dutch album salstrofé – Queen – News of the World» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  35. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'News of the World')». Hung Medien. 
  36. «British album salstrofé – Queen – News of the World». British Phonographic Industry.  Enter News of the World in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  37. «American album salstrofé – Queen – News of the World». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]