Stone Cold Crazy
Stone Cold Crazy av Queen frå albumet Sheer Heart Attack | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. november 1974 | |
Innspelt | Juli-september 1974 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:16 | |
Selskap | ||
Komponist | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, John Deacon, Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | ||
Queen-kronologi | ||
«The Show Must Go On» (1991) |
Stone Cold Crazy | «Bohemian Rhapsody/These Are The Days Of Our Lives» (1991)
|
«Stone Cold Crazy» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå albumet Sheer Heart Attack i 1974.[6] Songen er det åttande sporet på albumet. Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut på singel på den tida, vart han spelt på nesten alle Queen-konsertane frå 1974 til 1978.[7][8][9][10] «Stone Cold Crazy» vart gjeven ut på samlealbumet Classic Queen i 1992.[11]
Songen er tilskriven alle medlemmane i bandet, sjølv om Freddie Mercury spelte songen med bandet sitt Wreckage seint 1960-åra, før Queen vart skapt. Den innspelte versjonen kan ha hatt tekst av Mercury og musikk av Brian May. Han var den første songen Queen spelte live i 1970, men han vart endra musikalsk og tekstmessig fleire gonger før han vart spelt inn. Dei tidlegare versjonane av songen var langsamare.
Stil
[endre | endre wikiteksten]«Stone Cold Crazy» er kjend for det raske tempoet og den kraftige forvrenginga, og er ein føregangar til speed metal.[12] Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart funne opp».[5] I 2009 vart han kåra til den 38. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[13]
Remiksar
[endre | endre wikiteksten]Det vart laga tre forskjellige miksar i 1991. Dei første to, av Michael Wagener, vart gjevne ut på forskjellige uttgåver av Sheer Heart Attack-utgåva frå 1991 og på filmmusikkalbumet Encino Man.[14][15] Den tredje vart laga av Trent Reznor, som gav han ut på fleire promo-CD-ar i 1991-1992 og i 1999.[16] Wagener-miksane er ikkje så veldig forskjellige frå originalen, og inneheld berre ein noko annleis miks av akkompagnementet. Reznor-miksen, miksar Queen-originalen med industrial metal-stilen til Nine Inch Nails.[16] Reznor sin miks inneheld lydklipp av Queen i byrjinga og slutten. Denne var meint for det Hollywood Records-samlinga BASIC Queen Bootlegs, som vart skringlagd.[16]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury – solo- og korvokal
- Brian May – elektrisk gitar
- Roger Taylor – trommer
- John Deacon – bassgitar
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Stone Cold Crazy singel av Metallica | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1990[17] | |
Innspelt | 1990 | |
Sjanger | Thrash metal | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, John Deacon, Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | Metallica |
Metallica spelte songen for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary i 1990. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-side til singelen «Enter Sandman» og vann dei Grammy-prisen. Han vart òg gjeven ut på albumet deira Garage Inc.. Metallica-versjonen av songen er meir aggressiv enn originalen. Dei gjorde òg små endringar i teksten.
James Hetfield spelte ein gong songen i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under Freddie Mercury Tribute Concert.[18][19] Metallica spelte songen på turneen deira i 1991-1993 og ein versjon finst på Live Shit: Binge & Purge og Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica-versjonen av «Stone Cold Crazy» i 2007.
Extreme nytta delar av songen i ein medley på Freddie Mercury Tribute Concert. Bandet Eleven har òg spelt songen med vokal av Queens of the Stone Age-frontmannen Josh Homme (Killer Queen: A Tribute to Queen).[20]
Sum 41 byrja å spele ein versjon av songen på konsertane sine i 2010.[21]
Anna
[endre | endre wikiteksten]Songen er med i videospelet Guitar Hero: Metallica og Rock Revolution, i tillegg som nedlastbart innhald for Rock Band 3 og Rocksmith.[22][23]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stone Cold Crazy» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Blake, Mark (2011). Is This the Real Life?: The Untold Story of Queen. Da Capo Press. ISBN 978-0-306-81959-9.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas, Queen – Sheer Heart Attack, AllMusic. All Media Network, henta 11. juni 2014
- ↑ Berelian, Essi (2005). The Rough Guide to Heavy Metal. Rough Guides. s. 2003. ISBN 978-1-84353-415-0. «Glamorous and deadly, the band were hitting their stride with classics like «Killer Queen» and the truly fantastic hard-rock blitz of «Stone Cold Crazy».»
- ↑ Gold, Adam (30. juni 2011). «Queen: 40th Anniversary Reissues». American Songwriter. Henta 11. juni 2014. «their greatest contribution to the pantheon of hardrock, «Stone Cold Crazy»»[daud lenkje]
- ↑ 5,0 5,1 Queen News: February 2011, BrianMay.com, 10. juni 2016, arkivert frå originalen 11. desember 2018, henta 11. juni 2014
- ↑ Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. Hal Leonard Corporation. s. 106.
- ↑ Queen live on tour: A Night At The Opera, QueenConcerts.com, henta 11. juni 2014
- ↑ Queen live on tour: Day At The Races (world), QueenConcerts.com, henta 11. juni 2014
- ↑ Queen live on tour: News Of The World '77, QueenConcerts.com, henta 11. juni 2014
- ↑ Queen live on tour: Sheer Heart Attack, QueenConcerts.com, henta 11. juni 2014
- ↑ Queen – Classic Queen, MTV. Viacom, henta 11. juni 2014
- ↑ Jones, Chris (7. juni 2007), Queen Sheer Heart Attack Review, BBC Music, henta 10. juni 2016
- ↑ Vh1 Top 100 Hard Rock Songs, Spreadit.org, 1. januar 2009, henta 7. februar 2009
- ↑ Michael Wagener – Partial Diskografi, Michaelwagener.com, henta 3. september 2011
- ↑ Stone, Doug, Original Soundtrack – Encino Man, AllMusic. All Media Network, henta 3. september 2011
- ↑ 16,0 16,1 16,2 Sheer Heart Attack, QueenVault.com, henta 3. september 2011
- ↑ Metallica – Stone Cold Crazy, Discogs, henta 24. desember 2012
- ↑ McIver, Joel (2004). Justice for All: The Truth about Metallica. Omnibus Press.
- ↑ The Freddie Mercury Tribute Concert, Ultimatequeen.co.uk, henta 10. juni 2016
- ↑ McClintock, J. Scott, Various Artists – Killer Queen: A Tribute to Queen, AllMusic. All Media Network, henta 10. juni 2016
- ↑ Sum 41 Setlist at Bamboozle 2009, Setlist.fm, henta 10. juni 2016
- ↑ Fahey, Mike (4. august 2008), The Full Rock Revolution Setlist, Kotaku, henta 10. juni 2016
- ↑ «Guitar Hero Songs: Stone Cold Crazy (1993)», Guitar Hero, henta 10. juni 2016[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1974
- Singlar frå 1990
- Singlar frå 1991
- Queen-songar
- Elektra Records-singlar
- EMI Records-singlar
- Grammy-vinnarar
- Heavy metal-songar
- Hollywood Records-singlar
- Metallica-songar
- Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers
- Songar produserte av Roy Thomas Baker
- Songar skrivne av Brian May
- Songar skrivne av Freddie Mercury
- Songar skrivne av John Deacon
- Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor