A Day at the Races av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Day at the Races
Studioalbum av Queen
Utgjeve 10. desember 1976
Innspelt Juli – november 1976 i The Manor i Sarm East i Wessex
Sjanger
Lengd 44:24
Selskap EMI, Parlophone (Europe)
Elektra, Hollywood (US)
Produsent Queen
Queen-kronologi 
A Night at the Opera
(1975)
A Day at the Races News of the World
(1977)
Singlar frå A Day at the Races
  1. «Somebody to Love»
    Utgjeve: 12. november 1976
  2. «Tie Your Mother Down»
    Utgjeve: 4. mars 1977
  3. «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)»
    Utgjeve: 25. mars 1977 (berre Japan)
  4. «Good Old-Fashioned Lover Boy»
    Utgjeve: 20. mai 1977
  5. «Long Away»
    Utgjeve: 7. juni 1977 (USA, Canada, New Zealand)

A Day at the Races er det femte studioalbumet til den britiske rockegruppa Queen, gjeve ut i desember 1976. Det var det første albumet bandet produserte heilt på eiga hand, og det første utan produsenten Roy Thomas Baker. Det vart spelt inn i Sarm East i The Manor og Wessex Studios i England med Mike Stone som lydteknikar. Tittelen på albumet var som det førre albumet, A Night at the Opera, henta frå ein film av Marx Brothers.[3]

Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia, Japan og Nederland. Det nådde femteplassen på Billboard 200 i USA og var det femte albumet deira som selde til gullplate i USA, og sidan platina.

A Day at the Races vart i 2006 kåra til det 67. beste albumet gjennom tidene av sjåarane til BBC.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[4]
Chicago Tribune3/4 stars[5]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[6]
Pitchfork Media6.6/10[7]
PopMatters7/10[8]
Q3/5 stars[9]
Rolling Stone2/5 stars[10]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[11]
Uncut3/5 stars[12]

The Washington Post skildra A Day at the Races som «ei klok blanding av heavy metal-låtar og nesten opera-aktige sentimentale kjærleikslåtar med innslag av klassisk musikk.»[13] Winnipeg Free Press skreiv «Races stadfestar stillinga til Queen som det beste av den tredje bølgja av engelske rockegrupper.»[14] Circus gav albumet middels kritikk og skreiv «Med A Day at the Races har dei gått heilt bort frå kunstrocken. Dei er toskete no. Og makelaust skamlause.»[15] Dave Marsh skreiv i Rolling Stone og var meir kritisk. Han skreiv at Freddie Mercury hadde ei «så vidt brukbar popstemme». Han meinte at Queen var det minst eksperimentelle av dåtidas rockegrupper og skulda dei for å ha «uforskamma kommersielle aspirasjonar».[10]

I ei seinare melding skreiv AllMusic-redaktøren Stephen Thomas Erlewine at «Tie Your Mother Down» and «Somebody to Love», i lag med balladen «You Take My Breath Away», var dei beste spora på albumet og sa at albumet markerte eit punkt der Queen «gjekk inn i ein ny fase, der dei er verdserobrande titanar i staden for underdogs på veg oppover».[4] Magasinet Q skreiv at «breidda i ambisjonane deira er imponerande som alltid, og det same er songar som May sin 'Tie Your Mother Down' og Mercury sine 'Somebody To Love' og 'Good Old-Fashioned Lover Boy'."[9] Ben Sisario, skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at albumet «var litt for føreseieleg» og kalla det «ein rask oppfølgjar til Opera."[11] Aj Ramirez skreiv for PopMatters og skildra albumet som «eit skritt attende» og «eit bra, men ikkje enormt bra album», medan han meinte at bandet «no hadde ei stødig hand om mekanikken i pop-låtskrivinga», som hadde gjeve dei fleire singlar enn på tidlegare album.[2]

I ei nasjonal undersøking av BBC i 2006 vart A Day at the Races stemnt til det 67. beste albumet gjennom tidene.[16] Same året ønskte Guinness og NME å funne dei 100 beste albuma gjennom tidene, og A Day at the Races hamna på 87. plassen.[17] Det var òg med på lista til Classic Rock og Metal Hammer over dei 200 beste albuma frå 1970-åra, der det var oppført som eit av dei 20 beste albuma frå 1976.[18] Out rangerte det på 20. plassen på ei liste der dei spurte meir enn «100 skodespelarar, komikarar, musikarar, forfattarar, kritikarar, kunstnarar, plateselskapsfolk og DJar om å lage ei liste over 10 album som hadde gjort størst inntrykk på dei i livet».[19]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia vart den første singelen som kom ut «Somebody to Love» den 12. november 1976 (EMI 2565), og denne nådde andreplassen på singellista der. «Tie Your Mother Down» følgde den 4. mars 1977 (EMI 2593), og nådde 31. plassen, medan «Good Old Fashioned Lover Boy» kom 20. mai 1977, og nådde 17. plassen. I USA kom «Somebody to Love» ut den 10. desember 1976 og nådde 13. plassen. Han vart etterfølgd av «Tie Your Mother Down» (Elektra E45385) i mars 1977, som nådde 49. plassen. Begge desse vart gjevne ut i Japan, i tillegg til «Teo Torriatte» som berre kom ut i Japan.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tie Your Mother Down»Brian May4:48
2.«You Take My Breath Away»Freddie Mercury5:09
3.«Long Away»May3:34
4.«The Millionaire Waltz»Mercury4:54
5.«You and I»John Deacon3:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Somebody to Love»Mercury4:56
7.«White Man»May4:59
8.«Good Old-Fashioned Lover Boy»Mercury2:54
9.«Drowse»Roger Taylor3:45
10.«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)»May5:50
Bonusspor (Hollywood Records-utgåva på CD frå 1991)
Nr.TittelLengd
11.«Tie Your Mother Down» (1991 Bonus remix av Matt Wallace)3:44
12.«Somebody to Love» (1991 Bonus remix av Randy Badazz)5:00
Bonusplate på Universal Records-utgåva frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«Tie Your Mother Down» (backing track mix 2011)3:48
2.«Somebody to Love» (live at Milton Keynes, June 1982)7:55
3.«You Take My Breath Away» (live in Hyde Park, September 1976)3:06
4.«Good Old-Fashioned Lover Boy» (Top of the Pops, July 1977)2:51
5.«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» (HD mix)4:47
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
Nr.TittelLengd
6.«You Take My Breath Away» (live at Earls Court '77) 
7.«Tie Your Mother Down» (live at Milton Keynes '82) 
8.«Somebody to Love» 

Songinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Tie Your Mother Down[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tie Your Mother Down.

«Tie Your Mother Down» vart skriven på Tenerife, då May arbeidde på doktorgraden sin i astronomi tidleg i 1968.[20] Han skreiv songen på spansk gitar og tenkte han skulle endre tittelen og refrenget seinare, men Mercury likte han som han var.[20]

Songen kjem etter eit gitarparti i fleire lag som minner om songen «White Man», så eit eitt minutt lang instrumental-intro, som i røynda er ein reprise av slutten på «Teo Torriatte»: dette var meint å skape ein sirkel på albumet. Hovuddelen av songen er skildra som tung bluesrock, med aggressiv vokal av songaren Mercury og ein slidegitarsolo av May, som òg song det meste av korvokalen.

Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, basert på eit flimklipp frå Nassau Coliseum i Long Island i New York i februar 1977 under arenaturneen til bandet i USA.[21] Etter utgjevinga i 1976, vart songen spelt på alle Queen-turneane sidan.[22]

You Take My Breath Away[endre | endre wikiteksten]

«You Take My Breath Away» vart skriven av Mercury og all vokal og piano vart gjort av han. Han framførte songen aleine i Hyde Park før han spelte songen inn i studio. Det er eit vokalt mellomspel mellom denne songen og den neste som byrjar med ei bølgje av vokal (som repeterer orda «take my breath») skapt av delay-effekt i revers.

Long Away[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Long Away.

«Long Away» vart skriven og sungen av May. Han spelte på ein Burns Double Six 12-strengselektrisk gitar for rytmegitaren, i staden for sin Red Special. May hadde ønska å bruke ein Rickenbacker fordi han beundra John Lennon, men likte ikkje så godt gitaren på grunn av den tynne halsen. Singelen vart gjeven ut i USA, Canada, og New Zealand, men han gjekk ikkje inn på salslistene noko stad.

The Millionaire Waltz[endre | endre wikiteksten]

«The Millionaire Waltz» vart skriven av Mercury om John Reid (manageren til Queen og Elton John på den tida).[20] Songen går i fleire toneartar og skiftar takt, på liknande vis som «Bohemian Rhapsody», og nyttar brå arrangementendringar, der May spelar gitar som er spelt inn lag på lag. Her kan ein òg høyre John Deacon sin tydlege bass, som dominerer dei første to minutta av songen, då det er berre Deacon og Mercury (på piano) som spelar.

Kring to minuttar ut i songen endrar han karakter frå 3/4 vals til 4/4 hardrock. Etter eit halvt minutt går songen attende til 3/4 takt med ein gitarsolo av May.

You and I[endre | endre wikiteksten]

«You and I» er ein song av John Deacon. Songen er hovudsakleg driven av piano med Deacon på akustisk gitar. Songen vart aldri framført på konsert. Han vart gjeven ut som B-sida til «Tie Your Mother Down».

Somebody to Love[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Somebody to Love av Queen.

«Somebody to Love» er hitsingelen frå albumet. Han er skriven av Mercury og var inspirert av gospel, særleg stilen til Aretha Franklin. Mercury, May og Taylor la på spor på spor med stemmer for å skape eit 100-stemmer stort gospelkor.[20]

Som «Bohemian Rhapsody», den store hitten på det førre Queen-albumet, har denne songen eit komplisert vokalarrangement, denne gongen basert på eit gospelkorarrangement. Teksten, særleg kombinert med gospelstilen, skapar ein song om tru, desperasjon og sjelegransking. Songaren trekk i tvil både mangel på kjærleik i livet sitt og om Gud finst.

Gitaren er òg spelt inn med intrikate harmoniar og ein solo av May.[23] Songen nådde andreplassen på den britiske singellista (eter «Under the Moon of Love» - Showaddywaddy) og 13. plassen på den amerikanske singellista.[24][25]

White Man[endre | endre wikiteksten]

«White Man» var skriven av May om lidinga som europeiske immigrantar påførte indianarar i USA. Songen var fokuset for ein vokalsolo av Mercury under A Day at the Races-turneen. Songen er ein av dei tyngste songane til Queen både musikalsk og tematisk.

Good Old-Fashioned Lover Boy[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Good Old-Fashioned Lover Boy.

«Good Old-Fashioned Lover Boy» vart skriven av Mercury. Han starta med piano og vokal av Mercury, og held så fram med bass og trommer i starten av refrenget. Mellomspelet er sunge av Mercury og Mike Stone.

Songen vart ein gong framført på Top of the Pops i juni 1977, der Roger Taylor song Stone sin del. Songen vart spelt mykje på A Day at the Races-turneen og News of the World-turneen.[26][27]

Drowse[endre | endre wikiteksten]

«Drowse» var ein song av Roger Taylor i 6/8 der han sjølv spelar rytmegitar, paukar og syng. May spelte slidegitar.

Teo Torriatte (Let Us Cling Together)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Teo Torriatte (Let Us Cling Together).

«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» var May si hyllest til japanske fans. Han vart framført i Tokyo under Jazz-turneen i 1979 og igjen då bandet spelte i Japan i 1981 og 1982.

Songen har to refreng sungen på japansk.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • Mike Stone - vokal på «Good Old-Fashioned Lover Boy»

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[28] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[29] Gull 250 000^
Japan (Oricon Charts) 135,000[30]
Storbritannia (BPI)[31] Gull 100 000^
USA (RIAA)[32] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–77) Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[33] 8
Austerrike[34] 8
Canada[35] 4
Nederland[36] 1
Japan[37] 1
New Zealand[38] 11
Noreg[39] 3
Sverige[40] 8
UK Albums Chart[41] 1
U.S. Billboard 200 [42] 5
West German Media Control Albums Chart[43] 10

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Chart (1977) Plassering
Australia[33] 45
Canada[44] 38
Japan[45] 24
UK Albums Chart[46] 45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen - A Day At The Races». AllMusic. Henta 20. august 2013. «...this is exquisitely detailed hardrock...» 
  2. 2,0 2,1 Ramirez, Aj (8. juni 2011). «In the Lap of the Gods: The First Five Queen Albums». PopMatters. Henta 18. mai 2016. «With the group now firmly in command of the mechanics of pop songcraft (fittingly, the album spun off the most singles from any Queen LP up until then)» 
  3. Roger Taylor interview on Supersonic Saturday Scene in 1976
  4. 4,0 4,1 Allmusic review
  5. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  6. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  7. Pitchfork Media review
  8. Ramirez, AJ (8. juni 2011). «In the Lap of the Gods: The First Five Queen Albums». PopMatters. Arkivert frå originalen den 26. november 2013. Henta 20. mai 2016. 
  9. 9,0 9,1 Q, September 1993, s.118: «The breadth of its ambition remains ever impressive, as do tracks such as May's stomping 'Tie Your Mother Down' and Mercury's baroque one-two, 'Somebody To Love' and 'Gold Old-Fashioned Lover Boy'."
  10. 10,0 10,1 Marsh, Dave (24. februar 1977). «A Day At The Races». Rolling Stone. Henta 10. juni 2012. 
  11. 11,0 11,1 Sisario, Ben; et al. (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 668. ISBN 0743201698. Henta 10. juni 2016. 
  12. Uncut review, arkivert frå originalen 11. juli 2015, henta 22. juni 2016 
  13. Washington Post review (archived at queenarchives.com)
  14. Winnipeg Free Press review (archived at queenarchives.com)
  15. Circus review (archived at queenarchives)
  16. Top 100 Albums. BBC Radio 2. Broadcast 28. august 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk
  17. Guinness poll
  18. Classic Rock/Metal Hammer, «The 200 Greatest Albums of the 70s», March 2006
  19. Out: «"The 100 Greatest, Gayest Albums"
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 A Day At The Races Queen Online. Henta 21. juni 2016
  21. 1977 A Day At The Races North American Tour Ultimate Queen. Henta 10. juni 2016
  22. Queen on tour Queen Concerts. Henta 10. juni 2016
  23. Queen: Somebody to Love Allmusic. Henta 14. juni 2016
  24. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  25. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  26. Queen live on tour: A Day At The Races: Setlist Queen Concerts. Henta 10. juni 2016
  27. Queen live on tour: News Of The World: Setlist Queen Concerts. Henta 10. juni 2016
  28. «Canadian album salstrofé – Queen – A Day at the Races». Music Canada. 
  29. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'A Day at the Races')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  30. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4871310779. 
  31. «British album salstrofé – Queen – A Day at the Races». British Phonographic Industry.  Enter A Day at the Races in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  32. «American album salstrofé – Queen – A Day at the Races». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  33. 33,0 33,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0646119176. 
  34. «austriancharts.at Queen – A Day at the Races» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 4. mars 2012. 
  35. Library and Archives Canada. Henta 2012-04-01
  36. «dutchcharts.nl Queen – A Day at the Races» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 1. april 2012. 
  37. クイーン+ポール・ロジャース『伝説のロック・バンド、遂に復活!』 [Interview: Queen + Paul Rogers]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. 14. september 2005. Henta 1. april 2012. 
  38. «charts.org.nz Queen – A Day at the Races». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 13. oktober 2012. Henta 3. mars 2012. 
  39. «norwegiancharts.com Queen – A Day at the Races» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 1. april 2012. 
  40. «swedishcharts.com Queen – A Day at the Races» (ASP) (på svensk). Henta 3. mars 2012. 
  41. «Chart Stats - Queen – A Day at the Races» (PHP). UK Albums Chart. Henta 1. april 2012. 
  42. «allmusic ((( A Day at the Races > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 1. april 2012. 
  43. «Album Search: Queen – A Day at the Races» (på tysk). Media Control. Henta 3. mars 2012. 
  44. «RPM Top 100 Albums of 1977». RPM. 31. desember 1977. Henta 24. februar 2012. 
  45. 1977年アルバム年間ヒットチャート [Japanese Year-End Albums Chart 1977] (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 5. desember 2012. Henta 3. oktober 2011. 
  46. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 3. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]