Queen av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 13. juli 1973
Innspelt Desember 1971, juni til november 1972 i De Lane Lea og Trident Studios i London
Sjanger
Lengd 39:09
Selskap EMI (Europe)
Elektra (US)
Produsent John Anthony, Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
Queen Queen II
(1974)
Singlar frå Queen
  1. «Keep Yourself Alive» / «Son and Daughter»
    Utgjeve: 6. juli 1973
  2. «Liar» / «Doing All Right»
    Utgjeve: 14. februar 1974 (berre USA)

Queen er debutalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i juli 1973. Det vart spelt inn i Trident Studios og De Lane Lea Music Centre i London, produsert av Roy Thomas Baker (som Roy Baker), John Anthony og Queen.

Albumet var inspirert av hardrock, progressiv rock og heavy metal frå den tida. Det dekkjer tema som folkeminne («My Fairy King») og religion («Jesus»). Frontmannen Freddie Mercury skreiv fem av dei ti songane, gitaristen Brian May skreiv fire, (inkludert «Doing All Right», som var skriven i lag med bandkollegaen Smile, Tim Staffell), og trommeslagaren Roger Taylor skreiv og song «Modern Times Rock and Roll». Den siste songen på albumet er ein kort instrumentalversjon av «Seven Seas of Rhye». På plateomslaget stod det «And nobody played synthesiser», sidan somme lyttarar trudde at dei avanserte fleirsporsinnspelingane og effektane på gitaren og vokalen høyrtes ut som synthesiserar.[3] Bassisten John Deacon stod på den originale vinylutgåva oppført som «Deacon John»,[4] men etter utgjevinga, bad han om å få nytte det verkelege namnet sitt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Queen hadde spelt på klubbar og college i og kring London i nesten to år då bandet fekk høvet til å teste ut det nye studioanlegget i De Lane Lea Studios. Dei tok vare på høvet og sette saman ein utførleg demo med fem songar: «Keep Yourself Alive», «The Night Comes Down», «Great King Rat», «Jesus» og «Liar». Trass i den høge kvaliteten til demoen, fekk bandet berre eit einaste tilbod frå eit plateselskap - eit dårleg tilbod frå Chrysalis Records, som dei prøvde å nytte til å lokke andre selskap.

Dei fekk omsider kontrakt i 1972 med Norman og Barry Sheffield, som sette opp Trident Studios, men Queen fekk berre lov å nytte studioet då det ikkje var oppteken,[5] då dei andre artistane hadde gått heim, som vanlegvis var mellom 3 om natta og 7 om morgonen. Ein dag, medan dei venta på å nytte studioet, vart Mercury beden om å spele inn vokal av produsenten Robin Cable, som arbeidde på ein versjon av «I Can Hear Music» og «Goin' Back». Mercury fekk med seg May og Taylor på innspelinga. Desse innspelingane vart gjevne ut på singel som Larry Lurex.

Avtalen om å berre nytte studioet når det var ledig, varte frå juni til november 1972. Denne avgrensinga gjorde at bandet fokuserte på å gjere ferdig ein song om gangen, men dei fekk raskt problem. Bandet likte særs godt demoversjonane dei hadde spelt inn i De Lane Lea, men produsenten Roy Thomas Baker bad dei spele dei inn på ny med betre utstyr. «Keep Yourself Alive» var den første songen som vart spelt inn på ny, men Queen likte ikkje resultatet. Dei spelte inn songen nok ein gong, men under miksinga var det ingen miksar som møtte standarden deira, før lydteknikaren Mike Stone kom inn. Etter sju eller åtte mislukka forsøk, klarte dei det på første forsøket med Stone bak spakane. Stone vart verande lydteknikaren deira og vart sidan medprodusent på dei neste fem albuma deira. Ein annan song som var problematisk var «Mad the Swine», som vart spelt inn for albumet, men som avspora då Baker og QUeen var usamde om kvaliteten på perkusjonen. Songen var meint som den fjerde songen på albumet, mellom «Great King Rat» og «My Fairy King». Problema vart ikkje løyste og songen vart fjerna frå albumet. Han kom først opp att i 1991 som B-sida til «Headlong» i Storbritannia, og på ei ny utgåve av albumet gjeve ut på Hollywood Records. Versjonen av «The Night Comes Down» på albumet er i røynda demoinnspelinga frå De Lane Lea,[5] sidan bandet misnøgd med alle forsøka på å spele han inn på ny.

Andre innspelingar frå denne tida, som to Smile-songar («Silver Salmon» og «Polar Bear»), «Rock and Roll Medley» (som dei spelte som ekstranummer på konsertane sine på den tida), og songen «Hangman» (som lenge offisielt vart sagt ikkje fanst, utanom konsertopptak) har dukka opp i form av acetat-plater.

Albumet var ferdig innspelt og miksa i november 1972, men Trident brukte månader på å få eit plateselskap til å gje det ut. Etter åtte månader gav dei rett og slett ut albumet sjølv i 1972. På denne tida hadde Queen byrja å skrive songar for det neste albumet, men dei vart motlause av at det tok så lang tid å få ut det første albumet, og følte at dei hadde vokse seg forbi ddet stadiet, sjølv om platekjøparane berre så vidt hadde fått nyss om dei. Dei spelte inn to innspelingar for BBC i mellomtida. Den første singelen, «Keep Yourself Alive» (Mike Stone-miksen, vert no rekna som standardversjonen for albumet) vart gjeven ut ei veke før albumet[5] Songen vart korta ned for singel i USA, frå 3:47 til 3:30. Den amerikanske singelversjonen kom ut i oktober. Alle land hadde B-sida «Son and Daughter». Albumet kom ut i USA den 4. september.

Elektra Records gav ut singelen «Liar» i ei kraftig forkorta utgåve den 14. februar 1974, med B-sida «Doing All Right». Elektra gav seinare ut den forkorta versjonen av «Keep Yourself Alive» i juli 1975, denne gongen med den sjeldne doble B-sida (sjeldan for ein 7"-singel) med «Lily of the Valley» og «God Save the Queen». Begge versjonane skil seg frå albumversjonane.

Hollywood Records gav ut ein CD-singel med fem versjonar av «Keep Yourself Alive» for å marknadsføre den komande plateboksen Crown Jewels i 1998. Versjonane på CDen er: «Long Lost Re-take», «BBC Session No. 1 Version», «Live Killers Version», «Album Version (Unremastered)» og «Album Version (1998 Remastered Version)».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Chicago Tribune2.5/4 stars[6]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[7]
Pitchfork Media6.7/10[8]
PopMatters7/10[9]
Q3/5 stars[10]
Record Collector3/5 stars[10]
Rolling Stone4/5 stars[10]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[11]

Rolling Stone skreiv «Det er ikkje tvil om at denne funky, energetiske, engelske kvartetten har reiskapane dei treng for å ta over den abdiserte heavy metal-trona til Zep, og så bli ei verkeleg stor kraft å rekne med i rockeverda. Debutalbumet deira er supert.»[12] Winnipeg Free Press skreiv at Queen lånte frå andre andre artistar, men samanlikna det òg positivt til Led Zeppelin og skreiv «gruppa klarar å sprøyte inn eit slikt frisk, energisk tøtsj til det meste av det at eg ikkje tenkjer på det... Med sitt første album har Queen produsert ei drivande, energirik samling, som med tida kan bli like høgt verdsett som Led Zep 1 no vert.»[13] Daily Herald i Illinois tilrådde òg albumet og skreiv «Ein er garantert ein god lytt i songar som 'Keep Yourself Alive,' 'Great King Rat' og 'Doing All Right'.»[14]

I seinare år gav AllMusic albumet tre av fem stjerner og kalla det ein «lappete, men lovande debutalbumet frå ei klassisk rockegruppe».[1] I 1994 rangerte magasinet Guitarist Queen på 19. plassen over dei viktigaste gitaralbuma gjennom tidene.[15] Albumet vart rangert på 54. palssen på lista til NME kalla «100 Greatest Albums You’ve Never Heard» i 2011.[16] I 2008 rangerte Rolling Stone «Keep Yourself Alive» på 31. plassen over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene og skreiv «riff nok til eit heilt album pressa inn i ein enkel song».[17] Heavy metal-journalisten Martin Popoff har kalla albumet favorittalbumet hans gjennom tidene.[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Keep Yourself Alive»Brian May3:46
2.«Doing All Right»May, Tim Staffell4:10
3.«Great King Rat»Freddie Mercury5:41
4.«My Fairy King»Mercury4:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Liar»Mercury6:26
6.«The Night Comes Down»May4:24
7.«Modern Times Rock 'n' Roll»Roger Taylor1:48
8.«Son and Daughter»May3:19
9.«Jesus»Mercury3:45
10.«Seven Seas of Rhye» (Instrumental; oppført som «Seven Seas of Rhye...»)Mercury1:10
Bonusspor på Hollywood Records-versjonen frå 1991
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Mad the Swine» (ikkje tidlegare utgjeven)Mercury3:24
12.«Keep Yourself Alive» (lenge tapt nyinnspeling)May4:04
13.«Liar» (Bonus-remix frå 1991 av John Luongo og Gary Hellman)Mercury6:28
Bonusplate på Universal Records-utgåva frå 2011
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Keep Yourself Alive» (De Lane Lea demo, desember 1971)May3:50
2.«The Night Comes Down» (De Lane Lea demo, desember 1971)May4:22
3.«Great King Rat» (De Lane Lea demo, desember 1971)Mercury6:07
4.«Jesus» (De Lane Lea demo, desember 1971)Mercury5:04
5.«Liar» (De Lane Lea demo, desember 1971)Mercury7:52
6.«Mad the Swine» (juni 1972)Mercury3:22
Bonusvideoar til iTunes Deluxe Edition i 2011
Nr.TittelLengd
7.«Son and Daughter» (Live at Hammersmith Odeon '75) 
8.«Liar» (Live at The Rainbow '74) 
9.«Keep Yourself Alive» (Øving i St John's Wood Studios '73) 

2011-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Den 8. november 2010 annonserte plateselskapet Universal Music Group at dei skulle gje ut albumet på ny med ny digital lyd og utvida innhald i mai 2011.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Keep Yourself Alive[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Keep Yourself Alive.

Brian May skreiv «Keep Yourself Alive» etter bandet var danna, men før John Deacon kom inn, noko som var stadfesta av den tidlegare bassisten Barry Mitchell. May sa i eit radiointervju i høve utgjevinga av albumet News of the World i 1977, at han hadde skrive teksten som ironisk, men at tydinga vart fullstendig endra då Mercury song han. Roger Taylor og May song mellomspelet i songen.

Doing All Right[endre | endre wikiteksten]

«Doing All Right» vart skriven av May og Tim Staffell, medan dei spelte i Smile. Dette er ein av få Queen-songar med May på piano. Han spelte òg sin gamle Hairfred akustiske gitar på songen, som han òg gjorde på seinare songar som «White Queen (As It Began)» og «Jealousy». Bandet spelte denne songen så tidleg som i 1970, og det var den første songen Mercury på ein konsert spelte piano på. Staffell song songen då han var i Smile, og Mercury prøvde å syngje songen på same måte då han vart ein Queen-song.

Great King Rat[endre | endre wikiteksten]

«Great King Rat» var skriven av Mercury. Denne songen er eit døme på den tidlege stilen til Queen, med lange, tunge komposisjonar, lang gitarsolo og brå tempoendringar. Trass i at han ikkje vart gjeven ut som singel, er han særs populær blant Queen-fansen.

My Fairy King[endre | endre wikiteksten]

«My Fairy King» var skriven av Mercury, og omhandlar Rhye, ei fantasiverd han skapte og som er omtalt i andre Queen-songar, som «Seven Seas of Rhye». «My Fairy King» er den første songen på albumet der Mercury spelar piano, sidan pianoet på «Doing All Right» vart spelt av May, som vart imponert over pianospelinga til Mercury på songen, og frå den tida var det Mercury som spelte det meste av piano på Queen-songane.

Før Mercury skreiv denne songen vart han kalla Freddie Bulsara, og songen skal ha inspirert han til å endre etternamnet sitt. Eine verset inneheld linja «Mother Mercury, look what they've done to me.» May har sagt at etter linja var skriven, hevda Freddie at han song om mor si. Freddie Bulsara tok så scenenamnet Freddie Mercury. Dette var eit forsøk på å skilje scenepersonen hans («ekstrovert monster» i følgje Mercury sjølv) frå han sjølv privat (den introverte).

Songen vart skriven medan bandet var i studio og inneheld mange lag av vokal og vokalharmoniar, som Mercury likte godt. Taylor syner òg kor god vokalist han er her, og syng nokre av dei høgaste tonane i songen. Teknikken med å leggje lag på lag med vokal vart seinare nytta i mange andre Queen-songar, som «Bohemian Rhapsody». Mercury lånte somme linjer frå Robert Browning-diktet «The Pied Piper of Hamelin».[19]

Liar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Liar av Queen.

«Liar» vart skriven av Mercury i 1970, medan han framleis var kjend som Farrokh (Frederick) Bulsara, og før Deacon kom med i bandet. Det er ein av dei tyngste songane til bandet. Dette er ein av få songar av bandet frå 1970-åra med hammondorgel.

The Night Comes Down[endre | endre wikiteksten]

May skreiv denne songen kort tid før bandet vart skipa i 19790, etter Smile var lagt ned. Det var den første songen dei spelte inn i De Lane Lea Studios i desember 1971, då bandet fekk lov til å teste det nye utstyret i studioet i byte mot at dei fekk lov å spele inn ein demo i eit forsøk på å finne eit plateselskap. Avtalen gagna begge partar, og Queen utnytta til det fulle det avanserte utstyret til å spele inn fem songar.

I 1972 signerte Queen kontrakt med Trident Studios, men dei fekk berre lov å nytte studioet då det var ledig, og dei byrja å arbeide med Roy Thomas Baker. Han og studioeigarane/managerane Norman og Barry Sheffield insisterte på at dei skulle spele inn dei fem demosongane frå De Lane Lea på ny. Ein ny studioversjon av «The Night Comes Down» vart spelt inn, men til slutt valde dei å bruke De Lane Lea-versjonen, som framleis var betre, og det er denne versjonen som kom ut på debutalbumet. Den unytta Roy Thomas Baker-produserte versjonen er ikkje blitt gjeven ut enno, og har ikkje ein gong komen ut på piratkopiplater.

Då dei originale De Lane Lea-demoane kom ut som bonusspor i 2011, er det ein klår skilnad i miksen på «The Night Comes Down» samalikna med den originale LP-versjonen. Mellom anna er det ein markant skilnad i trommelyden.

Songen handlar om å bli vaksen, nostalgien kring ein barndom som er forbi, og vanskane med livet som vaksen, noko Brian May ofte skreiv songar om. Teksten inneheld òg ein noko fleirtydig referanse til «Lucy in the Sky with Diamonds» med linja «When I was young it came to me; And I could see the sun breaking; Lucy was high and so was I; Dazzling, holding the world inside.»[20] May var stod Beatles-fan og har sagt i mange intervju at dei hadde stor innverknad på han.

Modern Times Rock 'n' Roll[endre | endre wikiteksten]

Taylor skreiv og song songen, som vart spelt inn to gonger for BBC. Den første gongen var i desember 1973, då han vart sendt på programmet til John Peel. Denne versjonen vart sidan gjeven ut i 1989 på Queen-albumet At the Beeb, og liknar albumversjonen. Den andre innspelinga er frå april 1974 og vart sendt på sendinga til Bob Harris. Den seinare versjonen skil seg frå albumversjonen og er langsamare, med ekstra vokal frå Freddie Mercury.

Son and Daughter[endre | endre wikiteksten]

«Son and Daughter» vart skriven av May og var B-sida til singelen «Keep Yourself Alive». Songen vart spelt under den aller første konserten som Queen i 1970. Han vart ofte spelt på konsertane deira fram til 1975, og inneheld opphavleg ein kjend gitarsolo. Albumversjonen av songen inneheld ikkje denne gitarsoloen. Soloen vart først spelt inn i studio i 1974 for «Brighton Rock» på Sheer Heart Attack. Fram til då, og stundom etter dette, tok gitarsoloen over den midtre delen av «Son and Daughter» under konsertane, medan resten av bandet hadde ein kvil og kunne skifte klede.

I motsetnad til andre tidlege Queen-songar, som vart spelt på konsertane deira igjen i 1984-1986, vart ikkje lenger songar som «Liar», «Keep Yourself Alive», «The Seven Seas of Rhye» og «In the Lap of the Gods...Revisited» og «Son and Daughter» lenger framførte på Queen-konsertane då hitsinglane deira byrja å overta.

Jesus[endre | endre wikiteksten]

Teksten omhandlar fortel delar av soga om Jesus frå Nasaret. Mercury, som skreiv songen, var parsar. Songen består av ein rytmeseksjon med to akkordar under versa med ein lang instrumental mot slutten av songen. På grunn av effektane May blant anna skapte med sin Red Special-gitar, såg mange av dei tidlege tilhengjarane til Queen bandet som eit psykedelisk rockeband.

Seven Seas of Rhye...[endre | endre wikiteksten]

«Seven Seas of Rhye...» vart skriven av Mercury, som hadde skrive denne halvferdig. På dette albumet er han berre ein kort instrumental på slutten av songen. Den fulle versjonen av songen vart gjort ferdig av Mercury for det neste albumet, Queen II.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
UK Albums Chart[21] 24
US Billboard 200[22] 83

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Polen(ZPAV)[23]
2009 Agora SA-utgåve
Platina 20,000*
Storbritannia (BPI)[24] Gull 100 000^
USA (RIAA)[25] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Erlewine, Stephen Thomas. AllMusic review. Henta 23 November 2011
  2. 2,0 2,1 2,2 McPadden, Mike (14 December 2014). «Was Hard Rock’s Class of 1973 The Greatest Of All Time?». VH1. Henta 20. mai 2016. «Queen’s first is a burly, brawling cauldron of prog rock and heavy metal» 
  3. Phil Sutcliffe, Peter Hince, Reinhold Mack. «Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock», s. 27. Voyageur Press, 2009
  4. '"Queen, 1973, sleeve notes
  5. 5,0 5,1 5,2 «Queen – Queen». QueenOnline.com. Henta 19. mai 2016. 
  6. Kot, Greg (19 April 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  7. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  8. Pitchfork Media review
  9. Ramirez, AJ (8 June 2011). «In the Lap of the Gods: The First Five Queen Albums». PopMatters. Arkivert frå originalen den 26 November 2013. Henta 20. mai 2016. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Queen CD Album at CD Universe Super-High». CD Universe. Henta 20. mai 2016. 
  11. «Queen: Album Guide». Rolling Stone. Henta 20. mai 2016. 
  12. Fletcher, Gordon (6 December 1973). Rolling Stone review Arkivert 2017-09-05 ved Wayback Machine.
  13. Winnipeg Free Press review. Archived at queenarchives.com
  14. Chicago Herald review. Archived at queenarchives.com
  15. «The Top 50 Most Influential Gitar Albums Of All Time Ever!". Gitarist. December 1994. Archived at rocklistmusic.co.uk
  16. http://www.rocklistmusic.co.uk/nme_soundtrk.html#lostalbums
  17. «100 Greatest Gitar Songs Of All Time". Rolling Stone. June 2008. Archived at rocklistmusic.co.uk
  18. Popoff, Martin. The Collector's Guide To Heavy Metal Volume I: The Seventies. Toronto: Collector's Guide Publishing, 2003. s.221.
  19. Robert Browning. «The Pied Piper of Hamelin". London: Frederick Warne and Co., 1888, lines 246–248 (website of Indiana University).
  20. George Purvis (2007). «Queen: Complete Works». s. 220. Reynolds & Hearn, 2007
  21. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  22. Queen charts at Allmusic
  23. «Polish album salstrofé – Queen – Queen 1» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  24. «British album salstrofé – Queen – Queen I». British Phonographic Industry.  Enter Queen I in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  25. «American album salstrofé – Queen – Queen». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]