Flick of the Wrist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flick of the Wrist
Singel av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
A-side

«Killer Queen»

Utgjeve 21 Oktober 1974
Innspelt 1974
Sjanger Hardrock[1][2][3]
Lengd 3:17
Selskap EMI (UK), Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
«Seven Seas of Rhye»
(1974)
Flick of the Wrist «Now I'm Here»
(1975)


«Flick of the Wrist» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut som ei dobbel A-side med «Killer Queen». Han vart skriven av Freddie Mercury i 1974 for Sheer Heart Attack.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Freddie Mercury forklarte aldri om den ubehagelege personen i songen var basert på ein verkeleg person. Det har blitt spekulert i om teksten skildrar manageren Norman Sheffield, sidan songen «Death on Two Legs (Dedicated to...)», vart skriven året etter, og som det vart stadfesta handla om Sheffield og det Mercury meinte var urettvis handsaming av gruppa. Medan «Death on Two Legs (Dedicated to...)» vart skriven etter kontrakten til bandet med Sheffield og Trident Studios var over, vart «Flick of the Wrist» skriven og spelt inn midt under det vanskelege forholdet. Freddie Mercury syng oktav-vokal gjennom versa og refrenget består av eit kall- og svar-aprti mellom solovokalen og korvokalen. Då Brian May kom attende i studio etter å ha vore sju av hepatitt, hadde han ikkje høyrt songen før han spelte inn gitar og korvokal.

Albumversjonen[endre | endre wikiteksten]

På albumet er «Flick of the Wrist» den midtre songen av ei rekkje på tre songar som glir over i kvarandre: «Tenement Funster», «Flick of the Wrist» og «Lily of the Valley». Kvar song vart spelt inn separat og seinare miksa i lag. Desse tre songane vart somme stader gjeve ut på singel i lag.

BBC Version[endre | endre wikiteksten]

Den 16. oktober 1974 spelte Queen inn ei BBC-innspeling ved Maida Vale 4 Studios i London i England. Ein av songane var «Flick of the Wrist». Denne nytta delar av det originale akkompagnementet frå albumversjonen med ny vokal av Freddie Mercury og ein ny gitarsolo av Brian May, som er heilt annleis den på albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Dream Theater spelte inn heile den tre songar lange suiten («Tenement Funster», «Flick of the Wrist» og «Lily of the Valley») for spesialutgåva av albumet Black Clouds & Silver Linings.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]