Sheer Heart Attack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheer Heart Attack
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 1974
Innspelt Juli-september 1974 i AIR, Rockfield, Trident og Wessex Sound studios
Sjanger
Lengd 39:09
Selskap EMI / Parlophone (Europe)
Elektra / Hollywood (US)
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
Queen II
(1974)
Sheer Heart Attack A Night at the Opera
(1975)
Singlar frå Sheer Heart Attack
  1. «Killer Queen/Flick of the Wrist»
    Utgjeve: 11. oktober 1974
  2. «Now I'm Here»
    Utgjeve: 17. januar 1975
  3. «Lily of the Valley»
    Utgjeve: April 1975 (berre Japan)

Sheer Heart Attack er det tredje studioalbumet av det britiske rockebandet Queen, utgjeve i november 1974. Det vart produsert av bandet og Roy Thomas Baker og distribuert av EMI i Storbritannia, og Elektra i USA.

Albumet vart det store gjennombrotet til Queen både i Storbritannia og utlandet. Den første singelen frå albumet, «Killer Queen», nådde andreplassen på den britiske singellista og han nådde 12. plassen på Billboard-lista i USA. Sheer Heart Attack var òg det første Queen-albumet som nådde topp 20 i USA, med ein 12. plass i 1975. Dei gjekk bort frå det progressive temaet frå dei to første albuma, og består av meir konvensjonel rock og eit steg i retning den klassiske Queen-stilen.[6] Det er blitt sagt om albumet at det inneheld «eit vell av ypparlege hardrock-gitarlåtar».[2] I seinare tid er det ofte rangert blant dei beste albuma til bandet og vert rekna som eit essensielt glamrockalbumet.[4]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[6]
Chicago Tribune2.5/4 stars[7]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[8]
Pitchfork Media9/10[9]
PopMatters8/10[10]
Q4/5 stars[11]
Record Collector4/5 stars[11]
Rolling Stone3/5 stars[12]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[13]
Uncut4/5 stars[11]

NME skreiv, «Ein fest. Ingen dårlege, og fire songar som berre går og går: Killer Queen, Flick of the Wrist, Now I'm Here og In the Lap of the Gods...revisited».[14] Winnipeg Free Press skreiv om «multisporsgitaren til Brian May, den makelause vokalen til Freddie Mercury, og det dynamiske produksjonsarbeidet til Roy Thomas Baker», og kalla albumet «ingenting er heldt attende, eit fullskala åtak på sansane».[15] Circus kalla albumet «kanskje det tyngste og mest rocka åtaket på desse breiddene me har sett på ei stund».[16] Rolling Stone skreiv «Om det er vanskeleg å verkeleg like, så er det ikkje vanskeleg å beundre: Dette bandet kan sakene sine, og dei vågar».[12] John Mendelsohn var ikkje imponert og skreiv, «Eg jakta på begge sider av det siste albumet deira etter noko, kva som helst, som var berre var i nærleiken av like flott som «Keep Yourself Alive» eller «Father to Son», men enda opp tom-øyra og gråtande».[17] I 1974 rangerte Disc albumet som et tredje beste det året[18] og det vart plassert på ein 24. plass på ei liste over dei 60 beste albuma det året i NME.[19]

AllMusic sa seinare «det teatralske handlar no om kvardagsting, som ironisk nok får dei til å høyrast overstore. Og denne kjensla av stor skala, kombinert med tunge gitarar, pop-strofer og teatralsk stil, markerer den verkelege avdukinga av Queen, og gjer Sheer Heart Attack til augneblinken då dei verkeleg tredde i kraft».[6] Q kalla plata «uunværleg» og «ein av dei beste blandingane av pop og rock i 1970-åra».[11] Pitchfork skreiv «Sheer Heart Attack betrar ikkje berre alle sidene ved musikken deira frå dei to første albuma, men leverer noko av den finaste musikken i heile karrieren deira... Dette er bandet på sitt mektigaste.»[9] BBC skreiv, «dei strekte produksjonsmetodane på den tida heilt til grensa med lag på lag av vokal og gitarar, og Freddie sine varieté-hint kom omsider fram... dette var albumet der Queen fann stemma si».[20] Rockehistorikaren Paul Fowles skreiv i A Concise History of Rock Music at Sheer Heart Attack «såg bandet bli meir og meir fokusert på den gryande kulten kring Mercury» og hans «unike rocketeater», særleg på singelen «Killer Queen».[21]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Lovord År Plassering
1001 Albums You Must Hear Before You Die Storbritannia 1001 Albums You Must Hear Before You Die[22] 2005 *
Classic Rock Storbritannia The 100 Greatest British Rock Albums Ever[23] 2006 28
The 200 Greatest Albums of the 70's (20 greatest of 1974)[24] 2006 *
Kerrang! Storbritannia Poll: The 100 Best British Rock Albums Ever[25] 2005 8
The 100 Greatest Rock Albums Ever[26] 2007 45
Mojo Storbritannia 100 Greatest Guitar Albums[27] 2002 72
70 of the Greatest Albums of the 70's[28] 2006 *
The 100 Records That Changed the World[29] 2007 88
NME Storbritannia Poll: Greatest 100 Albums of All Time[30] 2006 63
Radio Caroline Storbritannia Poll: Top 100 Albums[31] 1977 50
Trouser Press USA Best Albums of the 1970s[32] 1980 *
Virgin Storbritannia Poll: All Time Album Top 1000 Albums[33] 2000 492
Rock Hard Tyskland The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time[34] 2005 308

(*) syner til ei uordna liste.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Brighton Rock»Brian May5:08
2.«Killer Queen»Freddie Mercury3:01
3.«Tenement Funster»Roger Taylor2:48
4.«Flick of the Wrist»Mercury3:19
5.«Lily of the Valley»Mercury1:43
6.«Now I'm Here»May4:10
Side two
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«In the Lap of the Gods»Mercury3:20
8.«Stone Cold Crazy»Mercury, May, Taylor, John Deacon2:12
9.«Dear Friends»May1:07
10.«Misfire»Deacon1:50
11.«Bring Back That Leroy Brown»Mercury2:13
12.«She Makes Me (Stormtrooper in Stilettos)»May4:08
13.«In the Lap of the Gods... Revisited»Mercury3:42
Bonusspor (1991 Hollywood Records)
Nr.TittelLengd
14.«Stone Cold Crazy» (1991 remix av Michael Wagener)2:15
Bonusplate på Universal Records-utgåva frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«Now I'm Here» (live i Hammersmith Odeon, desember 1975)4:25
2.«Flick of the Wrist» (BBC session, oktober 1974)3:24
3.«Tenement Funster» (BBC session, oktober 1974)2:58
4.«Bring Back That Leroy Brown» (acappella mix 2011)2:17
5.«In the Lap of the Gods... Revisited» (live i Wembley Stadium, juli 1986)2:35
Bonusvideoar på luksusutgåva til iTunes i 2011
Nr.TittelLengd
6.«Killer Queen» (Top of the Pops, versjon 2) 
7.«Stone Cold Crazy» (live i the Rainbow 1974) 
8.«Now I'm Here» (live i the Forum, Montreal 1981) 

Songar[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

«Brighton Rock» fortel soga om to unge kjærastar kalla Jenny og Jimmy som møtast i Brighton på ein fridag.[35] Mod-ungdom som drog til Brighton på offentlege fridagar var eit populært tema på den tida, som i The Who sin Quadrophenia.[36] Songen inneheld ein uakkompagnert gitarsolo,[35] der May nytta delay-effekt til å byggje opp gitarharmoni og kontrapunkt-melodiar. Studioversjonen inneheld berre ein «hovudgitar» og ein «ekkogitar» i eit kort parti, men på konsertar delte May vanlegvis gitarsignalet i eit «hovudsignal» og to «ekkosignal», der kvar gjekk til separate forsterkarar. Gitarsoloen på denne songen har blitt framført på dei fleste konsertane til QUeen eller May, anten som ein del av denne songen, i ein medley med andre, eller som eit enkeltståande stykke. May spelte òg delar av soloen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London.[37]

«Killer Queen» vart skriven av Mercury og vart den første internasjonale hitten til bandet.[38][39] Det var ein av få songar der han skreiv teksten først, som handlar om ein luksusprostituert. Bandet spelte først inn spor for songen utan May, fordi han var på sjukehus etter eit magesår, men let rom til han som han kunne fylle inn når han kom attende. Mercury spelte både spikerpiano og flygel. Songen vart framført på Top of the Pops etter han gjekk inn på singellista.

Taylor skreiv «Tenement Funster» om ungdom og opprør, og song solvokal. Songen glir rett inn i «Flick of the Wrist» (som vart B-sida til «Killer Queen»), og så igjen inn i «Lily of the Valley», som gjer dei tre songane til ein suite.[40] Denne suiten vart spelt av Dream Theater på bonusplata til albumet deiraBlack Clouds & Silver Linings.[40]

«Now I'm Here» vart skriven medan May var på sjukehus, og minnast då gruppa i starten av kararieren var oppvarmingsband for Mott the Hoople. Han var spelt inn den siste veka av innspelinga, med May på piano.[41]

Side to[endre | endre wikiteksten]

«In the Lap of the Gods» vart skriven av Mercury og inneheld lag på lag med vokal av han sjølv og Taylor.

«Stone Cold Crazy» var ein av dei første songane Queen spelte live, og hadde fleire forskjellige arrangement før han vart spelt inn for Sheer Heart Attack. Ingen av bandmedlemmane hugsa kven som hadde skrive teksten då albumet kom ut, så dei delte låtskrivinga på songen, den første dei gjorde dette med. TEksten handlar om gangsterar, med ein referanse til Al Capone. Songen har eit kjapt tempo og ei kraftig forvrenging, liknande speed metal.[42] Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart oppfunne».[43] Songen vart spelt på nesten alle konsertane til Queen mellom 1974 og 1978.[44][45][46][47]

Metallica spelte songen i 1990 for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-sida til singelen «Enter Sandman» og vann dei ein Grammy-pris. Denne versjonen finst òg på albumet Garage Inc. Metallica-versjonen er meir aggressiv enn originale, og dei gjorde små endringar i teksten. James Hetfield spelte songen ein gong i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under The Freddie Mercury Tribute Concert. Metallica spelte òg songen som ekstranummer under Black Album-turneen i 1991-1993, og eit konsertopptak finst på Live Shit: Binge & Purge og DVDen Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica sin versjon av «Stone Cold Crazy» i 2007.

«Dear Friends» var skriven av May og sungen av Mercury. Def Leppard spelte inn songen (sungen av bassisten Rick Savage) for ein bonus-EP av albumet Yeah!.

«Misfire» var den første songen Deacon skreiv for bandet, der han spelar dei fleste gitarane sjølv.

«Bring Back That Leroy Brown» vart skriven av Mercury der han spelar flygel og spikerpiano, og har lagt på mange lag med vokal. May spelar ein kort seksjon med ukulele-banjo og Deacon spelar ei linje på kontrabass. Tittelen hintar itl den då nylege hitten «Bad Bad Leroy Brown» av Jim Croce, som hadde omkomme i ein flystyrt året før. Songen vart spelt live i eit arrangement som korta ned songen.

«She Makes Me (Stormtrooper in Stilettos)» vart skriven og sungen av May med May og Deacon på akustisk gitarar. May kalla lydane i slutten «marerittaktige New York-lydar», med hylande politisirener og djup pusting.

«In the Lap of the Gods ... Revisited» var det første forsøket til Mercury på ein song som publikum kunne syngje med på, på liknande vis som den meir suksessrike «We Are the Champions». Han vart nytta som avslutningssong på konsertane deira frå 1974 til 1977. I 1986 vart han framført igjen i ein medley som glei inn i «Seven Seas of Rhye», og vart framført nyleg på turneane deira med vokalisten Adam Lambert.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974–75) Plassering
Australia[48] 19
Canada[49] 6
Nederland[50] 7
Frankrike [51] 6
Japan[52] 23
Noreg[53] 9
UK Albums Chart[54] 2
U.S. Billboard 200 [55] 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Chart (1975) Position
Australia[48] 96
Canada[56] 43
Japan[57] 32
UK Albums Chart[58] 39
U.S. Billboard Year-End[59] 38

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Polen(ZPAV)[60]
2008 Agora SA album reissue
Platina 20 000*
Storbritannia (BPI)[61] Platina 300 000^
USA (RIAA)[62] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Turné[endre | endre wikiteksten]

Frå 10. oktober 1974 til 1. mai 1975 vart albumet marknadsført på ein turné. Turneen bestod av tre delar og 77 konsertar, og var den første verdsturneen til bandet.

I USA var oppvarmingsbanda Styx, Kansas, Hustler og Mahogany Rush.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen - The First Five Albums». Uncut. Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 25. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 Pete Prown; HP Newquist (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. Hal Leonard Corporation. s. 106. ISBN 978-0793540426. 
  3. Joe Bennett (March 2005). Complete Gitar Player. William S. Konecky Associates, Incorporated. s. 81. ISBN 978-1-56852-513-6. 
  4. 4,0 4,1 «10 Essential Glam Rock Albums». Treblezine. 6. juni 2012. Henta 19. desember 2015. 
  5. http://www.allmusic.com/album/sheer-heart-attack-mw0000191374
  6. 6,0 6,1 6,2 AllMusic review
  7. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  8. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  9. 9,0 9,1 Leone, Dominique. Queen reviews. Pitchfork. 24. mars 2011. Henta 20. mai 2016.
  10. Ramirez, AJ (8. juni 2011). «In the Lap of the Gods: The First Five Queen Albums». PopMatters. Arkivert frå originalen den 26. november 2013. Henta 20. mai 2016. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «Queen - Sheer Heart Attack CD Album». CD Universe. Henta 20. mai 2016. 
  12. 12,0 12,1 Bud Scoppa (8. mai 1975). «Queen Sheer Heart Attack Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juli 2014. Henta 9. juni 2016. 
  13. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 570. ISBN 0679737294. 
  14. Quoted in Jacky Gunn, Jim Jenkins. Queen. As It Began. London: Sidgwick & Jackson, 1992, s. 84. ISBN 0-283-06052-2
  15. Winnipeg Free Press, 5. juli 1975 (Queen Archives)
  16. «Queen Interviews - Queen - 03-XX-1975 - Sheer Heart Attack - Circus - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». 
  17. «Queen Interviews - Queen - 03-XX-1975 - Sheer Heart Attack - Phonograph Record - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». 
  18. Disc, end-of-year list, December 1974
  19. «Rocklist.net...NME End Of Year Lists 1974..». 
  20. «BBC - Music - Review of Queen - Sheer Heart Attack». 
  21. Fowles, Paul (2009). A Concise History of Rock Music. Mel Bay Publications, Inc. s. 244. ISBN 978-0786666430. 
  22. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Albums..». 
  23. «Rocklist.net...Steve Parker...More Classic Rock Lists..». 
  24. Classic Rock/Metal Hammer, «The 200 Greatest Albums of the 70s», March 2006
  25. The 100 Best British Rock Albums Ever!. Kerrang!. 19 Feb 2005. Archived at rocklistmusic.co.uk
  26. "The 100 Greatest Rock Albums Ever», Kerrang, 8. november 2006
  27. «100 Greatest Gitar Albums"[daud lenkje]. Mojo, 2002. Archived at muzieklijstjes.nl
  28. Mojo, MOJO Classic: The Who & The Story Of 70’s Rock, July 2006
  29. Mojo, «The 100 Records That Changed the World», June 2007
  30. «Oasis album voted greatest of all time". The Times. 1. juni 2006
  31. Top 100 Albums Arkivert 2012-08-21 ved Wayback Machine.. Radio Caroline. 1977. Archived at timepieces.nl
  32. «Best Albums of the 1970s", Trouser Press, January 1980 (archived at stat.ualberta.ca)
  33. All-Time Album Top 1000 Albums. Virgin. 2000. Archived at rocklistmusic.co.uk
  34. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 89. ISBN 3-89880-517-4. 
  35. 35,0 35,1 Brighton Rock Allmusic. Henta 1. september 2011
  36. «Brighton Rock». The Mod Generation. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 9. juni 2016. 
  37. «Olympics closing ceremony - playlist". The Telegraph. Henta 9. juni 2016
  38. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  39. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
  40. 40,0 40,1 Black Clouds & Silver Linings (Special Edition) Allmusic. Henta 1. september 2011
  41. Now I'm Here Allmusic. Henta 1. september 2011
  42. Jones, Chris (7. juni 2007). «Queen: Sheer Heart Attack Review». BBC. Henta 2. juli 2011. 
  43. Queen News: February 2011 Arkivert 2018-12-11 ved Wayback Machine. BrianMay.com. Henta 2. juli 2011
  44. Queen live on tour: Sheer Heart Attack: Setlist Queen Concerts. Henta 2. juli 2011
  45. Queen live on tour: A Night At The Opera: Setlist Queen Concerts. Henta 2. juli 2011
  46. Queen live on tour: Day At The Races (world): Setlist Queen Concerts. Henta 2. juli 2011
  47. Queen live on tour: News Of The World: Setlist Queen Concerts. Henta 2. juli 2011
  48. 48,0 48,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  49. Library and Archives Canada. Henta 1. april 2012
  50. «dutchcharts.nl Queen – Sheer Heart Attack» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 1. april 2012. 
  51. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Queen» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 18. august 2011. Henta 1. april 2012.  Note: user must select 'QUEEN' from drop-down
  52. «a-クイーン» [Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Albums Chart Daijiten - Queen] (på japansk). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 1. april 2012. [daud lenkje]
  53. «norwegiancharts.com Queen – Sheer Heart Attack» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 1. april 2012. 
  54. «Chart Stats - Queen – Sheer Heart Attack» (PHP). UK Albums Chart. Henta 1. april 2012. 
  55. «allmusic ((( Sheer Heart Attack > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 1. april 2012. 
  56. «RPM Top 100 Albums of 1975». RPM. Henta 3 Oktober 2011. 
  57. 1975年アルバム年間ヒットチャート [Japanese Year-End Albums Chart 1975] (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 4. november 2014. Henta 3 Oktober 2011. 
  58. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 18. mai 2016. 
  59. «Top Pop Albums of 1975». billboard.biz. Henta 11. februar 2012. 
  60. «Polish album salstrofé – Queen – Sheer Heart Attack» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  61. «British album salstrofé – Queen – Sheer Heart Attack». British Phonographic Industry.  Enter Sheer Heart Attack in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  62. «American album salstrofé – Queen – Sheer Heart Attack». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]