Dunajøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dunajøyane og nærliggande øyar.

Dinajøyane eller Duunaj Aryta (russisk Острова Дунай) er ei øygruppe i Laptevhavet i Russland. Dei ligg nær munningen av elva Lena, nordvest for Lenadeltaet.

Dunajøyane er ei kompakt øygruppe og kysten av øyane er særs uordentleg med smale strandryggar, sandbankar og myrområde. Den største øya er 16 km lang og er 8 km brei. Øya i søraust vert kalla Jegorsjaøya

Sundet mellom desse øyane og Lenadeltaet vert kalla Proliv Dzjijelligestiakh-Oburuosa.

Området har eit hardt arktisk klima og det er fast is mellom øyane og Lenadeltaet om lag ni månader av året.[1]

Det er ein vêrstasjon på øyane som heiter Dunaj. Han var viktig då Nordaustpassasjen var på sitt travlaste. Administrativt høyrer øyane til republikken Sakha.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • 15 km sørvest for Dunajøyane ligg Bulgunnjakhtakh-Belkej-øyane. Dette er fem små øyar i ei rekkje ved 73°50′2″N 123°48′40″E. Den største er berre 4 km lang. Sjølv om dei ligg lenger ute i havet er dei ei fortsetjing av øyane i Lenadeltaet.
  • 33 km mot vest ligg to særs smale C-forma øyar. Den sørlege vert kalla Samoljotaøya ved 73°51′54″N 123°7′30″E og den nordlegaste Aerosiemkiøyane 73°57′25″N 123°10′12″E. Begge desse øyane er ikkje noko særleg meir enn 10 km lange sandbankar, som er nokre få hundre meter brei. Bogen deira opnar seg mot aust. Samoljota er ein einast lang landtunge, medan Aerosiemki er delt i fire mindre øyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 73°51′N 124°31′E