Starokadomskijøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Starokadomskijøya
øy
Land  Russland
Del av Severnaja Semlja
Areal 110 km²
Folketal 0
Kart
Starokadomskijøya
78°17′44″ N 106°38′14″ E
Plasseringa til Starokadomskijøya i Laptevhavet.

Starokadomskijøya (russisk Остров Старокадомского ; Ostrov Starokadomskogo) er ei timeglas-forma øy i Laptevhavet i Russland.

Ho ligg søraust for Severnaja Zemlja og nordaust for Tajmyrhalvøya. Malyj Tajmyr ligg søraust for Starokadomskijøya og mellom dei ligg eit 6 km breitt sund.

Starokadomskijøya er 18 km lang og opp mot 7 km brei. Ho er omgjeve av smale sandbankar og myrområde. Like nord for Starokadomskijøya ligg ei lita øy kalla Majskije Ostrova. Ostrov Vesennij er ei anna øy i aust.

Vilkitskijsundet går sør for Starokadomskijøya og Malyj Tajmyr. Farvatnet rundt dei to øyane er dekt av pakkis gjennom den lange, bitre vinteren og det er mykje isfjell sjølv på sommaren, som varer frå juni til september.

Starokadomskijøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Starokadomskijøya vart oppdaga av Boris Vilkitskij i 1913 og kalla opp etter dr. Leonid Starokadomskij, ein av leiarane av den arktiske hydrografiske ekspeidsjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 78°15′N 106°31′E