Belkovskijøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belkovskijøya
øy
Land  Russland
Del av Anzjuøyane
Areal 535 km²
Folketal 0
Kart
Belkovskijøya
75°35′38″ N 135°49′28″ E
Wikimedia Commons: Belkovsky Island

Belkovskijøya (russisk Бельковский остров eller Belkovskij ostrov) er ei øy i Nysibirøyane i Laptevhavet i Russland. Sundet mellom Belkovskijøya og naboøya Kotelnyj vert kalla Zarajasundet etter skipet til Eduard Toll.

Belkovskijøya er om lag 500 km² stor og det høgaste punktet er 120 meter høgt. Det store fuglekoloniar og ein koloni med kvalross på øya.

Belkovskijøya består av bergartar frå øvre devontid og nedre koltid. Dei øvre devon-berga er leirig marin karbonat med kalkstein, sandstein og konglomerat innimellom. Dei nedre koltid-steinane består av siltstein, argilitt og sandstein med breksje, kalkstein og stundom rhyolittisk lava i mellom.[1]

Tundra dekker Belkovskijøya og består stort sett av lågt gras, mose, lav og levermose. Desse plantene dekker det meste av underlaget. Jordsmonnet er typisk fuktig, finkorna og ofte bakka.[2]

Øya vart oppdaga i 1808 av ein russisk kjøpmann kalla Belkov, som øya er kalla opp etter.

Ostrov Strizjioa er ei lita øya som ligg like sør for Belkovskijøya.

Administrativt høyrer Belkovskijøya til republikken Sakha.

Koordinatar: 75°33′09″N 135°50′28″E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Belkovsky Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Kosko, M.K., B.G. Lopatin og V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian og Chukchihavets og the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367.
  1. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  2. CAVM Team, 2003, Cirkumpolar arktisk vegetasjonskart. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.