Muostakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Muostakh i Buor-Khaja-bukta.

Muostakh (russisk Ostrov Muostakh) er ei øy i Buor-Khaja-bukta i Laptevhavet i Russland. Ho ligg på austsida av Lenadeltaet utanfor Tiksibukta, og om lag 35 km søraust for Tiksi.

Muostakh er lang og smal, om lag 13 km lang og berre opp mot 500 meter på det breiaste. Utanfor sørenden ligg ei mindre øy som er 2 km lang og minst like smal som Muostakh. Geolgoisk høyrer dei to øyane til restane av ei store slette som tidlegare låg tørrlagt. Dei er i dag utsett for erosjon frå havet.

Tiksibukta, området der Muostakh ligg, er utsett for det harde arktiske vêret med mykje storm og uvêr. Bukta er isdekt om lag ni månader av året og fylt av isflak om sommaren.

Administrativt høyrer Muostakh til republikken Sakha. Det står ein vêrstasjon og ein biologisk forskingsstasjon på Muostakh.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 71°590′N 130°002′E