Sjelonskijøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjelonskijøyane
øygruppe
Land  Russland
Del av Yana Bay Islands
Kart
Sjelonskijøyane
71°40′30″ N 138°26′24″ E
Plasseringa til Sjelonskijøyane i Laptevhavet.

Sjelonskijøyane (russisk Шелонские острова, Sjelonskije Ostrova) er ei øygruppe i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg ved kysten av Janabukta, aust for munningen av elva Jana.

Sjelonskijøyane er myrlendte og flate.

  • Den største øya er Vostotsjnyj Sjelonskij, som ligg nord for Manykohalvøya. Øya er 17 km lang og opp mot 7,2 km brei. Vostotsjnij har mange mindre innsjøar og er smalare i aust enn i vest. Aust for øya ligg ei djup vik som strekkjer seg sørover.
  • Zapadnyj Sjelonskij er mykje mindre og berre 2,5 km lang. Ho ligg vest for Vostotsjnyj og mellom dei ligg eit 2 km smalt sund.
  • Juzjnyj Sjelonskij ligg eit stykke unna resten av øyane, om lag 20 km lenger vest, og nordaust for øya Jarok. Ho er 3 km lang og 700 meter brei.
  • Det er eit par andre øyar i gruppa, alle av dei nær Vostotsjnyj, men desse har ikkje fått namn.

Janadeltaet, som øyane ligg i nærleiken av, er eit omfattande våtmarksområde. Området er utsett for det harde arktiske vêret med mange snøstormar og streng kulde. Lenger nord er havet isdekt om lag åtte månader av året, slik at øyane er landfaste det meste av tida.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Istilhøve i Laptevhavet (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2. desember 2008, henta 8. august 2008 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]