Ljakhovskijøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljakhovskijøyane i Russland

Ljakhovskijøyane (russisk Ляховские острова Ljakhovskije ostrova) er den sørlegaste gruppa i Nysibirøyane i Laptevhavet i Russland. Mellom øyane og fastlandet ligg Laptevsundet som er 60 km breitt. Sannikovsundet går mellom øyane og Anzjuøyane lenger nord.

To øyar dominerer øygruppa:

  • Bolsjoj Ljakhovskij (Большой Ляховский: Bolsjoj Ljakhovskij) 4600 km² med Emy Tas som det høgaste punktet på 270 meter over havet.
  • Malyj Ljakhovskij (Малый Ляховский: Malyj Ljakhovskij) 1325 km²

Andre øyar i gruppa er Stolbovojøya og Semjonovskijøya. Sørvest for Ljakhovskijøyane ligg den vesle øya Ostrov Khopto-Terer. Øyane er kalla opp etter Ivan Ljakhovskij, som utforska dei i 1773.

Delar av handlinga i dei to romanane Waif of the Cynthia (1885) og César Cascabel (1890) av Jules Verne fann stad der.

Koordinatar: 74°39′36″N 141°59′14″E