Jarok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarok
Yana bay1.png
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Yana Bay Islands
Map
Jarok
71°31′0″ N 137°30′0″ E
Plasseringa til Jarok i Laptevhavet.

Jarok (russisk Ostrov Jarok) er ei øy i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg utanfor munningen til elva Jana, berre nokre få kilometer mot aust.

Jarok er stor og flat og har mange små innsjøar, myrer og sandbankar. Ho er 38 km lang og opp mot 26 km brei.

Janadeltaet og kystområde som Jarok ligg utanfor, er eit omfattande våtmarksområde. Øya er utsett for det harde arktiske klimaet med mykje kulde og stormar. Lenger nord, i Janabukta, er havet islagd med tjukk is om lag åtte månader av året, så Jarok er stort sett landfast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Janadeltaet vart utforska av baron Eduard Toll og Aleksander von Bunge i 1892-1894 under ein ekspedisjon på vegne av vitskapsakademiet i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]