Preobrazjenja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Preobrazjenja i Laptevhavet.

Preobrazjenja (russisk Остров Преображенья) er ei lang, lita øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg nord for Khatangabukta (russisk Хатангский залив), 15 km nord for Bolsjoj Begitsjev.

Preobrazjenja er 7 km lang og opp mot 2,5 km brei. Øya består av granitt og har høge klipper på austsida. På vestsida heller øya ned mot grusstrender.

Øya var eit nyttig landemerke for skip som segla langs Nordaustpassasjen i tidlegare tider. Ho vart òg kalla Ostrov Vstretsjnyj. Det er ein forlatt polarforskingsstasjon på Preobrazjenja.

Administrativt høyrer Preobrazjenja til republikken Sakha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°40′N 112°56′E