Malyj Ljakhovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vesle Ljakhovskij)
Malyj Ljakhovskij
øy
Land  Russland
Del av Ljakhovskijøyane
Areal 976 km²
Folketal 0
Kart
Malyj Ljakhovskij
74°7′0″ N 140°40′0″ E
Wikimedia Commons: Maly Lyakhovsky Island
Kart som viser plasseringa til Ljakovskijøyane

Malyj Ljakhovskij eller Vesle Ljakhovskij (russisk Малый Ляховский) er den nest største øya av Ljakhovskijøyane, ei øygruppe i Nysibirøyane i Laptevhavet nord i Russland. Ho har eit areal på 1325 km².

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Malyj Ljakhovskij består av turbiditt. òg kjend som «flysj», frå øvre juratid til nedre krittid, dekt av eit tynt lag av sediment frå pliocen til kvartærtida. Desse bergartane frå mesozoikum består av sandstein, argilitt og skifer omforma til ein fold som er 7 til 20 km brei og strekkjer seg i retning aust-nordaust. Desse bergartane er dekte av eit relativt tynt lag av sandete og leirete elvesediment av frå pliocen to kvartærtida. Nær kysten går desse elvesedimenta gradvis over til marine sediment med fossile muslingar og forkola tre. Tjukk permafrost med massive iskiler har utvikla seg i desse sedimenta.[1][2][3]

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Gras, siv og tundra dekker det meste av øya. Tundraen består av lågtveksande gras, siv, mosar, lav og levermosar. Jordsmonnet er stort sett fuktig, finkorna og ofte bakka.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, in A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  2. Kosko, M.K. og G.V. Trufanov, 2002, Middle Cretaceous to Eopleistocene Sequences on the New Siberian Islands: an approach to interpret offshore seismic. Marine and Petroleum Geology. vol. 19, no. 7, s. 901–919.
  3. Kosko, M.K., B.G. Lopatin og V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian og Chukchihavets og the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367.
  4. CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Skala 1:7,500,000. Conservation of Arctic Flora og Fauna (CAFF) Map No. 1. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.

Koordinatar: 74°4′60″N 140°34′60″E