Pestsjanyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Pestsjanyj i Laptevhavet.

Pestsjanyj (russisk Остров Песчаный), òg kalla Ostrov Mel, er ei øy i Laptevhavet i Russland med ei uvanleg form. Ho er ein 12 km lang ellipseforma sandbanke som er brote sund i aust og søraust der tre mindre øyar er oppstått. Landtunga ligg rundt ein grunn lagune og på kart ser ho dermed ut som ein tropisk atoll. Øya er gold og folketom.

Pestsjanyj ligg 74 km aust for Bolsjoj Begitsjev og 62 km nord for kysten av Sibir.

Havet omkring Pestsjanyj er dekt av pakkis om vinteren og det er store poljnia rundt øya.[1] Klimaet er særs hardt med mange stormar og låge temperaturar sjølv i løpet av den korte sommaren som berre varer to månader.

Det finst kvalross på øya.

Øya høyrer til republikken Sakha. Ho må ikkje forvekslast med andre øyar og stader med same namn. Kapp Pestsjanyj er eit nes på Bolsjevikøya i Severnaja Zemlja og to øyar i Aserbajdsjan og Ukraina har same namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 18. juli 2011, henta 5. august 2008 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°21′N 116°01′E