Reidar Hirsti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Hirsti
Fødd14. mars 1925
Tana
Død12. april 2001
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, historikar, redaktør, skribent, biograf

Reidar Andreas Hirsti (14. mars 192512. april 2001) var ein norsk redaktør, historikar, forfattar og politikar for Arbeidarpartiet.

Reidar Hirsti var fødd i Tana kommune i Finnmark. Han var sjefredaktør i Arbeiderbladet frå 1963 til han i 1974 vart avsett av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Frå 1974 til 1975 var han statssekretær i Industridepartementet. Frå 1975 var han tilsett i NRK, blant anna som programdirektør. Han var medforfattar og hovudansvarleg for den historiske tv-serien Veier i vår tid som gjekk på NRK i 1991.

Han har gjeve ut fleire bøker med historiske tema, særleg knytt opp til Arbeidarrørsla, blant anna om Johan Nygaardsvold og Yngve Hågensen, men òg om Finnmark og samane. I boka Partipisken (1991) skriv han om korleis han vart pressa ut frå stillinga som redaktør i Arbeiderbladet.

I 2000 vart Hirsti tildelt Fritt Ords honnør for sin innsats for sjølvstenda til avisene.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1996: Den siste proletar
  • 1994: Sameopprøret
  • 1991: Partipisken : kampen om det frie ord i Arbeiderbladet
  • 1990: Partisanen
  • 1989: Gro - midt i livet : ein essaysamling / redigert av Reidar Hirsti
  • 1988: Medierevolusjonen og det frie ord
  • 1987: Grenseløse mennesker (saman med Kaare Espolin Johnson)
  • 1983: Tirpitz
  • 1982: Gubben : Johan Nygaardsvold : mannen og epoken
  • 1981: Torolf Elster : portrett av et mangesidig menneske (saman med Birgit Gjernes og Jahn Otto Johansen)
  • 1980: Norsk politikk foran 1980-årene (saman med Jens A. Christophersen)
  • 1980: Samisk fortid, nåtid og framtid
  • 1979: Finnmark / under redaksjon av Reidar Hirsti
  • 1975: Norge mot år 2000
  • 1974: Suenjel-folket - ved veis ende
  • 1973: Et møte med Kina
  • 1970: Ungdom og samtid : tre generasjonsportretter (saman med Einar Førde og John Sannes)
  • 1968: Samekulturens verdier (artikkel)
  • 1967: En samisk utfordring
  • 1961: For demokrati og kultur : kultur- og opplysningsarbeidet i svensk arbeiderbevegelse
  • 1958: Aktiv ungdom : politisk handbok for ungdom
  • 1954: Arbeidsprogrammet for arbeidernes ungdomsfylking : studierettleiing til utkastet til arbeidsprogram for Arbeidernes ungdomsfylking
  • 1952: Fra næringsfrihet til planøkonomi