Eva Kristin Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eva Kristin Hansen
Eva Kristin Hansen - Arbeiderpartiet (cropped).jpg
Fødd5. mars 1973 (49 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHeimdal VGS
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Høgskolen i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Eva Kristin Hansen (fødd 5. mars 1973 i Trondheim)[1] er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke sidan 2005.[1] Ho vart vald som stortingspresident for det 166. ordentlege Stortinget 9. oktober 2021.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hansen har studert ved NTNU og ved kommunalkandidatstudiet ved HiO. Ho har arbeidd i ulike stillingar i Nei til EU, LO, Rissa kommune, Arbeidaranes Ungdomsfylking og Norsk kommuneforbund.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 2000 til 2002 var ho leiar av Arbeidaranes Ungdomsfylking. På landsmøtet i 2002 tapte ho ei kampvotering mot Gry Larsen med 3 stemmer. Frå 2009 var ho leiar i Sør-Trøndelag Arbeidarparti, etter å ha vore nestleiar frå 2003. Ho var bystyremedlem i Trondheim 2003–2005 og varamedlem til fylkestinget 1995–1999.

Ved stortingsvalet 2005 vart ho vald inn på Stortinget. I 2021 vart ho stortingspresident.

Pendlarbustad[endre | endre wikiteksten]

Frå 2014 til 2017 oppgav Hansen til Stortingsadministrasjonen at ho var busett i Trondheim. I denne perioden leigde ho hybel i leilegheita til Ap-politikar Trond Giske i Trondheim, medan ho budde fast på Langhus i Ski saman med ektemannen sin. Sidan ho opplyste at ho var busett i Trondheim fekk ho tildelt ein pendlarbustad i Oslo. Det var Adresseavisen som gjorde forholdet kjent for offentlegheita i november 2021.[2]

Den 18. november 2021 opplyste Hansen til NTB at ho trekte seg som stortingspresident, etter at politiet hadde kunngjort at det vart innleidd etterforsking av seks ikkje namngitte stortingsrepresentantar i samband med avdekkinga av dei såkalla «pendlarsakene».[3]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Biografi: Hansen, Eva Kristin», Stortinget (på norsk), 9. mars 2008, henta 8. desember 2019 
  2. «Stortingspresidenten fikk pendlerbolig – hadde bolig i Ski», e24.no (på norsk bokmål), henta 18. november 2021 
  3. AS, TV 2 (18. november 2021), «Stortingspresidenten trekker seg», TV 2 (på norsk), henta 18. november 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]