Europacupen i fotball 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1989 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar PSV Eindhoven. Turneringa var den 34. i rekka. I finalen 24. mai 1989 i Barcelona vann AC Milan med fire mål mot null for FC Steaua București. Det var tredje gongen laget frå Milano gjekk til topps i Europacupen i fotball, tjue år etter den forrige triumfen.

Europacupen 1989 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 6. september 1988. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars og april 1989.

Vinnarlaget frå Milano slo i turneringa ut høvesvis Levski Sofia, Raude Stjerne frå Beograd etter straffesparktevling, Werder Bremen og Real Madrid. Finalist FC Steaua București vann mot Sparta Praha, Spartak Moskva, IFK Göteborg og Galatasaray frå Istanbul.

Lagoppstillingane i finalen, AC Milan i kvitt

Finalen[endre | endre wikiteksten]

97 000 tilskodarar såg finalen på Camp Nou i Barcelona 24. mai 1989. AC Milan leia 3-0 ved pause og la straks etter pausen på til 4-0. Det nederlandske spissparet Ruud Gullit og Marco van Basten skåra kvar sine to mål for det italienske laget, Gullit i det 18. og 39. minutt, Basten i det 27. og 47. minutt.

Vinnarlaget AC Milan bestod av: Giovanni Galli, Mauro Tassotti, Franco Baresi (kaptein),Alessandro Costacurta, Paolo Maldini, Angelo Colombo, Frank Rijkaard, Carlo Ancelotti, Roberto Donadoni, Ruud Gullit og Marco van Basten. Etter ein times spel gjekk Gullit av bana, inn kom Pietro Paolo Virdis, og eit kvarter seinare bytta Filippo Galli med Costacurta.

Steaua mønstra: Silviu Lung, Dan Petrescu, Ștefan Iovan, Adrian Bumbescu, Nicolae Ungureanu, Daniel Minea, Tudorel Stoica (kaptein), Gheorghe Hagi, Iosif Rotariu, Marius Lăcătuș og Victor Pițurcă. I pausen vart Rotariu bytta ut med Gavril Balint.

Karl-Heinz Tritschler frå Vest-Tyskland var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]