Francesco Graziani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francesco Graziani
Francesco Graziani.jpg
Fødd 16. desember 1952
Subiaco
Francesco Graziani i Torino-drakt

Francesco Graziani (fødd 16. desember 1952) er ein tidlegare italiensk fotballspelar og seinare -trenar frå Subiaco i Roma-provinsen i Italia. Han vart verdsmeister under VM i fotball 1982 i Spania, og vann seriegull med AC Torino i 1976.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Graziani debuterte for Serie B-klubben Arezzo i 1970/71-sesongen. Sommaren 1973 vart han overført til Torino. I 1976 vart han italiensk meister med klubben. Året etter var han målkonge i den italienske serien med 21 mål på 30 kampar, klubben kom på sølvplass i serien. Etter 221 kampar og 97 mål forlet Graziani i 1981 Torino for å spele for Fiorentina.

Han spela to år for klubben frå Firenze. Åra 1983-86 spela han for Roma. Roma hadde i 1983 vunne Serie A, og Graziani fekk då høve til å vere med å spele klubben fram til finalen i Europacupen 1984. Finalen mot Liverpool FC gjekk på olympiastadion i Roma, og enda 1-1 etter ekstraomgangar. Den avgjerande straffetevlinga vann Liverpool med 4-2, Graziani var ein av Roma-spelarane som missa på straffe. Roma vart elles cupvinnar i Italia både i 1984 og -86. Han avslutta som aktiv fotballspelar i Italia med to sesongar, 1986-88, i Udinese. Sidan spela han ei tid for ein fotballklubb i Australia.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Graziani spela 64 landskampar for Italia mellom 1975 og 1983, skåra 23 mål på det italienske fotballandslaget. Han var med både VM i Argentina 1978 og under europameisterskapen i fotball 1980 i Italia. På heimebane i Napoli i juni 1980 skåra han Italia sitt mål i bronsefinalen mot Tsjekkoslovakia, ein kamp der det stod 1-1 etter ekstraomgangar, og der Italia tapte straffeskytinga med 7-8.

Graziani var med i fyrsteellevaren då Italia vart verdsmeistrar i Spania 1982, men vart skadd i finalen og forlet bana etter sju minuttars spel. Italia vann kampen i Madrid med 3-1 over Vest-Tyskland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1986 med Torino
  • Italiensk cupmeister 1984 og 1986 med AS Roma
  • Sølvvinnar i Europacupen 1984 med AS Roma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]