Alessandro Altobelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alessandro Altobelli
Alessandro Altobelli - 1982 - Inter Milan.jpg
Fødd 28. november 1955
Sonnino
Yrke fotballspelar
Alessandro Altobelli på Commons

Alessandro Altobelli (fødd 28. november 1955) er ein tidlegare fortballspelar frå Sonnino i Italia. Han vart verdsmeister med Italia i 1982 og vann både cupmeisterskap og seriemeisterskap med Inter, ein klubb han spelte for i 11 år.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Altobelli debuterte på nivå tre i italiensk fotball i 1973 med klubben Latina. Frå 1974 til -77 spela han på Serie-B-klubben Brescia, der han skåra 26 mål på 76 kampar.

Sommaren 1977 vart han overført til toppklubben Inter. Dei neste elleve sesongane spela Altobelli 317 ligakampar for Milano-klubben og skåra 128 seriemål. Her opplevde han å verte cupmeister i 1978, seriemeister 1980 og atter cupvinnar i 1982. Til saman spela han 466 obligatoriske kampar og skåra 209 mål for Inter.

Altobelli spela ein siste sesong i serie A, 1988/89, på Juventus. I sin aller siste sesong, 1989/90, spela han atter for Brescia i Serie B.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Altobelli debuterte for Italia under europameisterskapen 1980 på heimebane. I Roma spela han andre-omgangen i ein mållaus kamp mot Belgia. Han fekk rimeleg fast plass på Italias landslag frå hausten 1980. I 1982 var han med då Italia vart verdsmeistrar i fotball. I VM-finalen byrja han på innbytarbenken, men kom inn allereie i det åttande minutt, då Francesco Graziani var skadd. Altobelli skåra Italias tredje og siste mål i kampen. Han deltok for Italia også i Fotball-VM 1986 og Fotball-EM 1988. Semifinalen mot Sovjetunionen i den siste turneringa vart hans siste opptreden i landslagstrøya, då Italia rauk ut med 0-2. Altobell skåra 25 mål på 61 landskampar mellom 1980 og 1988.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull 1982 for Italia
  • Italiensk cupmeister 1978 og 1982 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1980 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]