Albumet 200 Motels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
200 Motels
Filmmusikkalbum av Frank Zappa
Utgjeve 4. oktober 1971
Innspelt 28. januar – 5. februar 1971 i Pinewood Studios i Storbritannia; april 1971 i Whitney Studios i Glendale
Lengd 91:49
Selskap United Artists
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Fillmore East – June 1971
(1971)
200 Motels Just Another Band from L.A.
(1972)
Singlar frå 200 Motels
  1. «Magic Fingers»
    Utgjeve: 1971
  2. «What Will This Evening Bring Me This Morning»

200 Motels er filmmusikkalbumet til Frank Zappa-filmen 200 Motels og vart gjeven ut av United Artists Records i 1971. Det inneheld ei blanding av rock- og jazzsongar, orkestermusikk og komiske dialogar.[1] Albumet, som filmen, dekkjer ei lause soge om The Mothers of Invention som gjer sprø ting i den vesle byen Centerville, og bassisten Jeff slutta i gruppa, slik Jeff Simmons gjorde i røynda før bandet byrja å spele inn filmen. Han vart erstatta av skodespelaren Martin Lickert for filmen.[1]

Albumet nådde 59. plassen på Billboard 200,[2] men kritikarane rekna det ikkje fullvedig album i katalogen til Zappa.[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Rocke- og komediesongane «Mystery Roach», «Lonesome Cowboy Burt», «Daddy, Daddy, Daddy», «What Will This Evening Bring Me This Morning» og «Magic Fingers», og finalen «Strictly Genteel», som blandar orkester og rock, vart trekte fram som høgdepunkt på plata av kritikaren Richie Unterberger.[1] François Couture, ein kritikar for Allmusic, sa at «Mystery Roach» inneheld mange tydingar, alle tekstmessig knytte til diskografien til Zappa.[3]

«Dance of the Rock & Roll Interviewers» er eit orkesterstykke som opphavleg var meint å kome saman med «Touring Can Make You Crazy» som ein del av ein tidleg scene der bandet kjem til Centerville og vert møtt av musikkjournalistar, men berre ein del av sekvensen, som syner ein mannekeng av Zappa som vert riven sundt av journalistane, var med i filmen,[4] på grunn av tidsavgrenseing og dårleg økonomi. «Touring Can Make You Crazy» vart derfor ikkje filma.[5]

Albumet består av fem segment som dannar suiten «This Town Is A Sealed Tuna Sandwich»: ein prolog, «Tuna Fish Promenade», «Dance of the Just Plain Folks», ein repreise av hovudmelodien og avsluttinga «The Sealed Tuna Bolero». Berre den siste boleroen er med i filmen.[6] «Tuna Sandwich»-suiteen var i følgje manus etter sekvensen og komposisjonen «Centerville».[7] «Would You Like A Snack?» er ein vokal versjon av Zappa-songen «Holiday in Berlin», som på albumet og i filmen i forskjellige arrangement, mellom anna «Semi-Fraudulent/Direct-From-Hollywood Overture».[8] Teksten til «Would You Like A Snack?» liknar teaterstykket på Zappa-konsertalbumet Ahead of Their Time.[8] Zappa tidlegare spelte inn ein heilt anna song med same namn, med medlemmar av Mothers of Invention og Jefferson Airplane-songaren Grace Slick.[8]

«Redneck Eats» byrjar og endar med talt dialog med karakteren Lonesome Cowboy Burt (spelt av Jimmy Carl Black) som plagar orkesteret, som spelar ein Igor Stravinsky- og Edgard Varese-aktig komposisjon.[9] «Janet's Big Dance Number» handlar om ein av dei to groupiane i filmen. «Lucy's Seduction of a Bored Violinist», følgjer den andre groupien.[10]

Den andre halvdelen av albumet byrjar med suiten «Dental Hygiene Dilemma», som starta med «I'm Stealing The Towels».[11] Hovuddelen av suiten, «Dental Hygiene Dilemma», er med i filmen som ein animert del av Charles Swenson, som seinare regisserte filmen Down and Dirty Duck med Mothers of Invention-bandmedlemmane Mark Volman og Howard Kaylan. Denne delen nyttar delar av rock, orkester og orkester,[12]

«A Nun Suit Painted on Some Old Boxes» er den første delen av suiten for sopranstemme, dialog og orkester, kalla «I Have Seen the Pleated Gazelle».[13] Suiten kritiserer organisert religion og refererer til tanntråd, og knytt suiten til den seinare Zappa-songen «Montana» på albumet Over-Nite Sensation.[13] I filmen kjem «A Nun Suit» føre «Dental Hygiene Dilemma», men vert plassert føre songen «Magic Fingers» på albumet.[13] «Gazelle»-suiten held fram med «Motorhead's Midnight Ranch», «Dew on the Newts We Got» og «The Lad Searches The Night For His Newts», som berre vart delvis filma.[14]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Entertainment Weekly(B)[15]

200 Motels nådde 59. plass på Billboard 200.[2] Albumet kom ikkje ut på CD før i 1997, då filmen vart sett opp på kino.[16]

Albumet vart ikkje rekna som eit fullverdig album då det kom ut.[1] Allmusic sin Richie Unterberger kritiserte albumet for «den gryande tendensen om å nytte skiten, billig humor som skulle kome til å dominere mykje av musikken til Zappa», men sa at «Dei som likar albuma hans før dette vil truleg òg like dette albumet».[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Semi-Fraudulent/Direct-From-Hollywood Overture»   2:01
2. «Mystery Roach»   2:32
3. «Dance of the Rock & Roll Interviewers»   0:48
4. «This Town Is a Sealed Tuna Sandwich» (Prologue) 0:55
5. «Tuna Fish Promenade»   2:29
6. «Dance of the Just Plain Folks»   4:40
7. «This Town Is a Sealed Tuna Sandwich» (Reprise) 0:58
8. «The Sealed Tuna Bolero»   1:40
9. «Lonesome Cowboy Burt»   3:54
Side to
# Tittel Lengd
1. «Touring Can Make You Crazy»   2:54
2. «Would You Like a Snack?»   1:23
3. «Redneck Eats»   3:02
4. «Centerville»   2:31
5. «She Painted up Her Face»   1:41
6. «Janet's Big Dance Number»   1:18
7. «Half a Dozen Provocative Squats»   1:57
8. «Mysterioso»   0:48
9. «Shove It Right In»   2:32
10. «Lucy's Seduction of a Bored Fiolinist & Postlude»   4:01
Side tre
# Tittel Lengd
1. «I'm Stealing the Towels»   2:15
2. «Dental Hygiene Dilemma»   5:11
3. «Does This Kind of Life Look Interesting to You?»   2:59
4. «Daddy, Daddy, Daddy»   3:11
5. «Penis Dimension»   4:37
6. «What Will This Evening Bring Me This Morning»   3:29
Side fire
# Tittel Lengd
1. «A Nun Suit Painted on Some Old Boxes»   1:08
2. «Magic Fingers»   3:53
3. «Motorhead's Midnight Ranch»   1:28
4. «Dew on the Newts We Got»   1:09
5. «The Lad Searches the Night for His Newts»   0:41
6. «The Girl Wants to Fix Him Some Broth»   1:10
7. «The Girl's Dream»   0:54
8. «Little Green Scratchy Sweaters & Courduroy Ponce»   1:00
9. «Strictly Genteel (The Finale)»   11:08
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Coming Soon!» (Cut 1) 0:56
2. «The Wide Screen» (Cut 2) 0:57
3. «Coming Soon!» (Cut 3) 0:31
4. «Frank Zappa's 200 Motels» (Cut 4) 0:11
5. «Magic Fingers» (Single Edit) 2:57
6. «Original Theatrical Trailer» (ENHANCED TRACK) 3:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album – Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1971 Pop Albums 59[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Richie Unterberger. «200 Motels - Frank Zappa». AllMusic. Henta 4. juni 2014. 
  2. 2,0 2,1 «200 Motels - Frank Zappa». AllMusic. Henta 4. juni 2014. 
  3. François Couture. «Mystery Roach». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  4. François Couture. «Dance of the Rock & Roll Interviewers». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  5. François Couture. «Touring Can Make You Crazy». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  6. François Couture. «This Town Is A Sealed Tuna Sandwich». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  7. François Couture. «Centerville». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  8. 8,0 8,1 8,2 François Couture. «Would You Like a Snack?». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  9. François Couture. «Redneck Eats». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  10. François Couture. «Lucy's Seduction of a Bored Fiolinist & Postlude». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  11. François Couture. «I'm Stealing the Towels». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  12. François Couture. «Dental Hygiene Dilemma». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  13. 13,0 13,1 13,2 François Couture. «A Nun Suit Painted on Some OldBoxes». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  14. François Couture. «Motorhead's Midnight Ranch». Allmusic. Henta 4. juni 2014. 
  15. Sinclair, Tom (31 Oct 1997). «Album Review: '200 Motels' Review | Music Reviews and News | EW.com». ew.com. Henta 17 juni 2013. 
  16. «Zappa Movie Re-Released». Rolling Stone. Henta 4. juni 2014. 
  17. «Salslister and Awards for 200 Motels». Allmusic. Henta 22. august 2008.