Läther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Läther
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1996
Innspelt 1969; 1972–1977
Sjanger Rock, orkestermusikk
Lengd 156:53
Selskap Rykodisc
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
The Lost Episodes
(1996)
Läther Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute
(1996)


''Läther'' er det 65. offisielle albumet av Frank Zappa, gjeve ut posthumt som eit trippelalbumRykodisc i 1996.

Innspelingane for albumet vart opphavleg gjeve til Warner Bros. i 1977. Kontrakten til Zappa kravde at han måtte gje fire album for DiscReet Records, som etter kvart førte til at Läther vart delt opp og gjeve ut som fire separate album: Zappa in New York (1977), Studio Tan (1978), Sleep Dirt (1979) og Orchestral Favorites (1979), berre det første vart gjeve ut med løyve frå Zappa. Zappa hadde planlagt å gje ut desse albuma som ein firedobbel plateboks kalla «Läther», men Warner Bros. nekta å gå med på dette formatet. Piratkopiplater med dei originale innspelingane hadde eksistert i tiår før albumet omsider vart gjeve ut offisielt, etter at Frank Zappa spelte heile albumet på radio i 1977 og oppfordra lyttarane til å ta det opp på lydband.[1]

CD-versjonen av Läther som kom i 1996 skal vere identisk testtrykkingane av det originale kvadruple albumet, men med fire bonusspor i tillegg, og tittelen på ein av songane, «One More Time for the World» vart endra til «The Ocean is the Ultimate Solution», som er tittelen songen har på albumet Sleep Dirt. Albumet har ikkje med «Baby Snakes», som var ein song opphavleg planlagt for albumet.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]

Den offisielle versjonen av Läther vart gjeve ut posthumt i september 1996. Det er omdiskutert om Zappa hadde tenkt å gje det ut som eit firedobbelt album heilt frå starten av, eller om det først skjedde seinare då han møtte Mercury-Phonogram;[3] I teksten til 1996-utgåva skriv derimot Gail Zappa «Slik det opphavleg var tenkt av Frank, var Läther alltid meint å vere ei firedobbel plate».[4]

Allmusic og Richie Unterberger hylla albumet, men skreiv at det ville «appellere langt meir til Zappa-fansen enn til den generelle lyttaren, sjølv om Zappa-kulten - som har ønskt Läther i den originale forma si i mange år - er ganske vid».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Disk ein
Nr.TittelOriginal utgjeveLengd
1.«Re-gyptian Strut»Finst på albumet Sleep Dirt (1979)4:36
2.«Naval Aviation in Art?»Finst på albumet Orchestral Favorites (1979)1:32
3.«A Little Green Rosetta»Tidlegare uutgjeven2:48
4.«Duck Duck Goose»Tidlegare uutgjeven3:01
5.«Down in De Dew»Tidlegare uutgjeven2:57
6.«For the Young Sophisticate»Tidlegare uutgjeven3:14
7.«Tryin' to Grow a Chin»Tidlegare uutgjeven3:26
8.«Broken Hearts Are for Assholes»Tidlegare uutgjeven4:40
9.«The Legend of the Illinois Enema Bandit»Finst på albumet Zappa in New York (1978)12:41
10.«Lemme Take You to the Beach»Finst på albumet Studio Tan (1978)2:46
11.«Revised Music for gitar & Low Budget Orchestra»Finst på albumet Studio Tan (1978)7:36
12.«RDNZL»Finst på albumet Studio Tan (1978)8:14
Disk to
Nr.TittelOriginal utgjevingLengd
1.«Honey, Don't You Want a Man Like Me?»Remisk av versjonen som finst på albumet Zappa in New York (1978)4:56
2.«The Black Page #1»Finst på albumet Zappa in New York (1978)1:57
3.«Big Leg Emma»Finst på albumet Zappa in New York (1978)2:11
4.«Punky's Whips»Finst på albumet Zappa in New York (1978)11:06
5.«Flambé»Ein lengre versjon finst på albumet Sleep Dirt (1979)2:05
6.«The Purple Lagoon»Finst på albumet Zappa in New York (1978)16:20
7.«Pedro's Dowry»Finst på albumet Orchestral Favorites (1979)7:45
8.«Läther»Finst på albumet Zappa in New York (1978) med tittelen «I Promise Not to Come in Your Mouth"3:50
9.«Spider of Destiny»Ein lengre versjon finst på albumet Sleep Dirt (1979)2:40
10.«Duke of Orchestral Prunes»Finst på albumet Orchestral Favorites (1979)4:21
Disk tre
Nr.TittelOriginal utgjevingLengd
1.«Filthy Habits»Ein lengre versjon finst på albumet Sleep Dirt (1979)7:12
2.«Titties 'n Beer»Finst på albumet Zappa in New York (1978)5:23
3.«The Ocean Is the Ultimate Solution» (Opphavleg kalla «One More Time for the World»)Ein lengre versjon finst på albumet Sleep Dirt (1979)8:31
4.«The Adventures of Greggery Peccary»Finst på albumet Studio Tan (1978)21:00
Bonusspor på 1996-utgåva
Nr.TittelOriginalt utgjeveLengd
1.«Regyptian Strut (1993)»Remiks av versjonen som finst på albumet Sleep Dirt (1979)4:42
2.«Leather Goods»Tidlegare uutgjeven6:01
3.«Revenge of the Knick Knack People»Tidlegare uutgjeven2:25
4.«Time Is Money»Finst på albumet Sleep Dirt (1979)3:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Disk ein, spor 1
Disk ein, spor 2; disk to, spor 7 & 10
Disk ein, spor 3 (part One)
Disk ein, spor 3 (Part Two)
Disk ein, spor 4, 7 & 8; disk tre, spor 6
Disk ein, spor 5
Disk ein, spor 6
Disk ein, spor 9; disk to, spor 1, 2, 3, 4, 6, 8; disk tre, spor 2
Disk ein, spor 10
Disk ein, spor 11; disk tre, spor 4
Disk ein, spor 12; disk tre, spor 8
Disk to, spor 5 & 9
Disk tre, spor 1
Disk tre, spor 3
Disk tre, spor 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 248.
  2. 2,0 2,1 Unterberger, R. (2011). «Läther – Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 22. august 2014. 
  3. Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 49.
  4. Zappa, Gail (1996). Läther. Frank Zappa. Rykodisc.