Sleep Dirt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sleep Dirt
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 19. januar 1979
Innspelt desember 1974 og 1976 ved The Record Plant i LA og Caribou Studios i Netherlands i Colorado
Sjanger Jazzfusion, eksperimentell rock, instrumental rock, progressiv rock
Lengd 39:13 (vinyl)
38:39 (CD)
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Studio Tan
(1978)
Sleep Dirt Sheik Yerbouti
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB-[2]

Sleep Dirt er eit album av Frank Zappa som kom ut 19. januar 1979 på hans eige DiscReet Records. Det nådde 175. plass på Billboard 200.

Albumet vart gjeven ut av Warner Bros. etter at dei avslo Zappa-albumet Läther. Dei kravde fleire album enn det Zappa i følgje kontrakten ønskte å gje ut, så dei gav ut konsertalbumet Zappa in New York, Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites som alle vart gjevne ut utan løyve frå Zappa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.[3] Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på slekspaet DiscReet.[4]

I 1977 skapte Zappa dei individuelle albuma Zappa In New York, Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites ved å redigere innspelingane frå lydbanda til det kvadruple albumet[5] Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at dei framleis kravde fire album til. Han prøvde så å få ein distribusjonsavtale med Phonogram for Läther på det nye Zappa Records. Dette gjorde at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther, slik at Zappa måtte skrinlegge prosjektet. I 1978 og 1979 valte Warner å gje ut dei tre attverande individuelle albuma dei framleis hadde, Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites. Sidan Zappa berre hadde gjeve dei lydbanda, vart dei gjeven ut uten at det stod kven som spelte på albumet.[6] Warner besilte òg plateomslag av Gary Panter, som ikkje var godkjend av Zappa. Då desse først kom på CD i 1991 valte Zappa å gje dei ut som individuelle album med omslaga til Panter. Mange av songane på Sleep Dirt vart gjort tilgjengeleg att i ei alternative versjonar då Läther omsider kom ut i 1996, etter Zappa var død.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Fem av dei sju songane på albumet var meint for det skrinlagde Läther. «Flambay» og «The Ocean Is the Ultimate Solution» var opphavleg meint som langt kortare versjonar for Läther, men vart gjeve ut i den originale forma si på Sleep Dirt. Tittelen Zappa hadde tenkt for albumet var Hot Rats III. Endringa i tittelen av Warner var òg eit brot på kontrakten med Zappa. Då Zappa gav ut albuma på nytt endra han likevel ikkje tittelen. LP-utgåva frå 1979 av Sleep Dirt var heilt instrumental. Men på CD-utgåva frå 1991 la Zappa på nye lydspor.

Zappa bad songaren Thana Harris legge til vokal på tre songar. Zappa hadde opphavleg skrive «Flambay», «Spider of Destiny» og «Time Is Money» som ein del av den skrinlagde musikalen Hunchentoot i 1972, og desse songane var opphavleg meint å bli sungen.

Chad Wackerman la òg til trommer på «Flambay», «Spider of Destiny» og «Regyptian Strut». Wackerman erstatta dei opphavlege trommene. Den første Barking Pumpkin-utgåva på CD hadde med den originale versjonen av «Regyptian Strut», men dette vart endra for seinare utgjevingar. Begge versjonane av denne songen finst på CD-utgåva av Läther. Wackerman la ikkj til trommer på «Time is Money», sjølv om dette står på CD-omslaget. I 2012 gav Universal Music ut albumet på ny som den originale vinylutgåva.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Filthy Habits»   7:33
2. «Flambay»   5:02
3. «Spider of Destiny»   2:54
4. «Regyptian Strut»   4:15
Side to
# Tittel Lengd
5. «Time is Money»   2:52
6. «Sleep Dirt»   3:20
7. «The Ocean is the Ultimate Solution»   13:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1979 Pop Albums 175[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Couture, F. (2011). «Sleep Dirt - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014. 
  2. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 5. juni 2014. 
  3. http://books.google.com/books?id=wAcEAAAAMBAJ&pg=PA15&dq=zappa+lather&hl=en&sa=X&ei=0dggT8uvO6bMsQLxlsDDCQ&ved=0CDwQ6AEwAA#v=onepage&q=zappa%20lather&f=false
  4. Gail Zappa sin omtalte av Läther
  5. Gail Zappa sin omslagstekst for Läther
  6. FZ vs. Warner Brs. Story or Lather/Laether/Leather, Zappa in New York, Arf.ru
  7. «Salslister and Awards for Sleep Dirt». Allmusic. Henta 7. juni 2014.