Getting Closer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Getting Closer
Singel av Wings
frå albumet Back to the Egg
B-side «Spin It On» (USA)
«Baby's Request» (Storbritannia)
Utgjeve 5. juni 1979 (USA)
16. august 1979 (Storbritannia)
Innspelt 10. oktober 1978
Sjanger Rock
Lengd 3:21
Selskap Parlophone/EMI (Storbritannia)
Columbia (USA)
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Chris Thomas
Wings-kronologi
«Old Siam, Sir»
(1979)
Getting Closer «Arrow Through Me»
(1979)


«Getting Closer» er ein rockelåt frå det engelsk-amerikanske rockebandet Wings, bandet til Paul McCartney etter The Beatles. Songen vart gjeven ut på albumet Back to the Egg.

Trass i at han kom ut i 1979, skreiv Paul McCartney «Getting Closer» i 1974.[1] Han henta songen fram att for Back to the Egg og omgjode han frå ein langsam song til ein «drivande rockelåt».[1]

Som dei fleste songane frå Back to the Egg har «Getting Closer» ein smak av punk og new wave.[2] Forfattaren og skribenten i Mojo Tom Doyle skildra songen som ein «power-pop»-song som minna om det engelske bandet Squeeze.[3]

«Getting Closer» kom ut med B-sida «Spin It On» i USA i juni 1979 som den første singelen der frå Back to the Egg. Singelen nådde 20. plassen på Billboard Hot 100-lista og nådde same plass på Cashbox-lista og 22. plassen på Record World-lista. Den første singelen i Storbritannia var «Old Siam, Sir», men kom ut i Storbritannia i august 1979. Der vart han marknadsført som ei dobbel A-side med «Baby's Request», men selde dårleg og nådde berre 60. plassen.[4][5]

Det vart laga musikkvideoar til fleire av songane på albumet, inkludert «Getting Closer».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 57
Canada (RPM)[7] 18
Irish Singles Chart[8] 24
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 29
UK Singles Chart[10] 60
US Billboard Hot 100[11] 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Passering
Canada (RPM)[12] 127
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[13] 136

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Benitez, Vincent Perez. The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years. 
  2. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 122
  3. Doyle, s. 174
  4. «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  5. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «Canadian Chart». www.collectionscanada.gc.ca. Henta 21. mai 2018. 
  8. «Irish Chart». Irish Charts. Arkivert frå originalen 2014-11-09. Henta 21. mai 2018. 
  9. «Dutchcharts.nl Paul McCartney discography». Hung Medien. MegaCharts. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 21. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney». Official Charts. 
  11. «Paul McCartney - Awards». AllMusic. 
  12. «RPM Year-End 1979». 
  13. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]