Let 'Em In

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Let 'Em In
Singel av Wings
frå albumet Wings at the Speed of Sound
B-side

«Beware My Love»

Språk engelsk
Utgjeve 23. juli 1976
Innspelt 4. februar 1976, Abbey Road Studios, London
Sjanger Softrock
Lengd 5:10
Selskap Capitol
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi 
«Silly Love Songs»
(1976)
Let 'Em In «Maybe I'm Amazed»
(1977)


«Let 'Em In» er ein song av Wings frå 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Han vart skriven og sungen av Paul McCartney og nådde andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen på poplista i USA, medan han gjekk heilt til topps på easy listening-lista.[1][2][3] I Canada nådde songen tredjeplassen. Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[4] Songen finst òg på samlealbumet til McCartney frå 1987, All the Best!. Ein demoversjon av songen, med Denny Laine på solovokal, vart gjeven ut som bonusspor på seinare utgåver av Wings at the Speed of Sound.

Songen byrjar med ein vibrafon, som spelr dei første åtte tonane frå Westminster Quarters, før rytmen byrjar. Teksten nemner fleire kjende folk, i tillegg til tanta til McCartney, in, og broren hans Michael og broren til Linda McCartney John. Phil og Don Everly (kjende som Everly Brothers) er nemnt i lag med Martin Luther.[5] Uncle Ernie er nemnd, som var rollefiguren Ringo Starr song i London Symphony Orchestra sin versjon av The Who sitt Tommy.[6] «Let 'Em In» har ein falsk uttoning.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på ein 7" singel verda over, utanom i Frankrike der han kom på ein 12", der begge sidene var merkte «Special Disco Mix».[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (R 6015)
  1. «Let 'Em In» – 5:08
  2. «Beware My Love» – 6:05
12"-singel (2C 052-98.062 y)
  1. «Let 'Em In» (Special Disco Mix) – 5:08
  2. «Beware My Love» (Special Disco Mix) – 6:05

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australia 65
Canada Top Singles[8] 3
Canada Adult Contemporary 1
Tyskland (Media Control AG)[9] 29
Irland (IRMA)[10] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 25
New Zealand (RIANZ)[12] 13
UK Singles (Official Charts Company)[13] 2
US Billboard Hot 100[14] 3
US Adult Contemporary (Billboard)[15] 1
US Cash Box Top 100[16] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Canada[17] 46
UK 29
US Billboard Hot 100[18] 66

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart spelt i 1977 av Billy Paul, som i namnelista nemnde ei rekkje kjende afroamerikanske personar som Malcolm X og Louis Armstrong. Denne versjonen nådde 26. plassen på den britiske singellita.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 163. 
  2. «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  3. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  4. «riaa.com». riaa.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 3. februar 2014. 
  5. 5,0 5,1 Womack, Kenneth (2014). The Beatles Encyclopedia: Everything Fab Four. ABC-CLIO. s. 536. ISBN 9780313391729. 
  6. «1972 All-Star Orchestral Version of The Who's «Tommy» to Be Reissued Next Month». ABC News Radio. 11. august 2015. Henta 21. mai 2018. 
  7. «Let 'Em In». JPGR. 2000. Henta 21. mai 2018. 
  8. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Image : RPM Weekly». 
  9. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  10. "The Irish Charts – Search Results – Let 'Em In". Irish Singles Chart. Retrieved 21. mai 2018.
  11. "Dutchcharts.nl – Wings – Let 'Em In" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  12. "Charts.org.nz – Wings – Let 'Em In". Top 40 Singles. Hung Medien.
  13. "Chart Stats – Wings – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  14. "Wings Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Wings. Prometheus Global Media.
  15. "Wings Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Wings. Prometheus Global Media.
  16. Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 333. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  17. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta 21. mai 2018. 
  18. «Pop Singles» Billboard 25. desember 1976: Talent in Action-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]