Helen Wheels
Helen Wheels Singel av Paul McCartney og Wings | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 26. oktober 1973 | |
Innspelt | August–september 1973 | |
Studio | EMI Studios i Lagos i Nigeria | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:44 | |
Selskap | Apple Records | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney og Wings-kronologi | ||
«Live and Let Die» (1973) |
Helen Wheels | «Mrs. Vandebilt» (1974)
|
«Helen Wheels» er ein song av Paul McCartney og Wings. Songen er kalla opp etter Land Roveren til Paul og Linda McCartney, som dei kalla «Helen Wheels».
Utgjeving[endre | endre wikiteksten]
Songen vart gjeven ut på singel før Band on the Run, men var ikkje med på den britiske utgåva av albumet. Men visedirektøren i Capitol Records, Al Coury, overtydde McCartney om å ta med songen på den amerikanske utgåva. Songen nådde tiandeplassen i USA den 12. januar 1974 og 12. plassen på singellista i Storbritannia.[1][2]
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
Songen vart spelt av Def Leppard på albumet The Art of McCartney i 2014.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Helen Wheels» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 12. august 2010.
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 19. mai 2018.
- ↑ Dylan, Kiss, others cover McCartney on new tribute