Hopp til innhald

Goodnight Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goodnight Tonight
Singel av Wings
B-side

«Daytime Nighttime Suffering»

Utgjeve 23. mars 1979
Innspelt Oktober 1978
Sjanger Rock, disco
Lengd 4:15 (7")
7:14 (12")
Selskap Parlophone, EMI, Columbia
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi 
«London Town»
(1978)
Goodnight Tonight «Old Siam, Sir»
(1979)


«Goodnight Tonight» er ein song av bandet Wings med ein discoaktig til og ein gitarsolo i flamenco-stil. Singelen nådde femteplassen i både Storbritannia og USA i 1979.

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

«Goodnight Tonight» byrja som eit instrumentalt spor McCartney hadde spelt inn i 1978. Han trengde ein singel for Wings til albumet Back to the Egg og tok ut dette sporet som Wings så gjorde ferdig.[1] Laine og Juber la til elektrisk gitar, medan Holley la til perkusjon. Heile bandet song med på refrenget.[2] Sidan songen var over sju minuttar lang, måtte ein korte han ned for singelen, medan den fulle versjonen kom ut på 12"-versjonen av singelen. Det vart laga ein musikkvideo dder Wings spelar songen i kostyme frå 1930-åra.

Songen kom ikkje ut på albumet Back to the Egg, og kom seinare ut på samlealbuma All the Best! (1987), Wingspan: Hits and History (2001) og Pure McCartney (2016). 7"-versjonen vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av McCartney II i 1993 som ein del av The Paul McCartney Collection. B-sida til singelen var «Daytime Nighttime Suffering». Ein lengre versjon av songen kom ut digitalt på iTunes-utgåva av Back to the Egg.

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

«Goodnight Tonight» vart ein internasjonal hit og nådde femteplassen på både Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart.[3][4] John Lennon, sa seinare at han ikkje likte songen, men syns bassen til McCartney på songen var bra.[1] Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[5]

7"-singel (R 6023)
  1. «Goodnight Tonight» - 4:15
  2. «Daytime Nighttime Suffering» - 3:19
12"-singel (12 YR 6023)
  1. «Goodnight Tonight» (Long Version) - 7:15
  2. «Daytime Nighttime Suffering» - 3:19


Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1979) Plassering
Australia KMR [6] 6
Belgia 24
Canada RPM Top Singles[7] 2
Canada RPM Adult Contemporary[8] 1
Tyskland 34
Ireland 9
Japan 77
Nederland 24
New Zealand 6
Noreg 9[9]
UK Singles Chart[10] 5
US Billboard Hot 100[11] 5
US Billboard Adult Contemporary 30
US Cash Box Top 100[11] 4

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1979) Plassering
Australia 57
Canada[12] 6
UK[13] 73
US Billboard Hot 100[14] 52

  1. 1,0 1,1 Madinger, Chip; Easter, Mark (2000). Eight Arms To Hold You: The Solo Beatles Compendium. Chesterfield, MO: 44.1 Productions. s. 246. 
  2. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, pp.169-170.
  3. «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 21. mai 2018. 
  4. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 21. mai 2018. 
  6. «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 21. mai 2018. 
  7. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 21. mai 2018. 
  8. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 21. mai 2018. 
  9. VG-lista. Henta 21. mai 2018
  10. «Official Charts». www.officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  11. 11,0 11,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 333. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  12. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 21. mai 2018. 
  13. «Top 100 Singles of 1979» (PDF). Record Mirror (London: Spotlight Publications): 30. 5. januar 1980. Henta 21. mai 2018. [daud lenkje]
  14. «Pop Singles». Billboard (New York: Billboard Publications Inc.): TIA-10. 22. desember 1979.  |access-date= requires |url= (hjelp)