Greelyøya
Utsjånad
Greelyøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 127 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Greelyøya 81°00′16″N 58°17′52″E / 81.004444444444°N 58.297777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Greely Island |
Greelyøya (russisk Остров Грили - Ostrov Grili) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho har eit areal på 127 km² og er nesten fullstendig dekt av is.
Greelyøya er ein del av den mindre øygruppa Zitjy land. Mellom Greelyøya og Zieglerøya ligg eit smalt sund.
Øya er kalla opp etter den amerikanske polutforskaraen Adolphus Greely.
Nærliggiande øyar
[endre | endre wikiteksten]- Ostrov Brosj (Остров Брош), Broschøya er ei stor øy med isfrie kystområde nord for Greelyøya. Ho har ei høgd på 228 meter over havet og er kalla opp etter Gustav Brosch, ein løytnant frå Böhmen, som deltok på den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen. Broschøya står òg oppført som Ostrov Kuna eller Ostrov Kun på mange kart. Ho fekk truleg nytt namn under den amerikanske Ziegler-Fiala-ekspedisjonen, som ikkje kjende til at ho alt hadde fått namn, på same måte som La Ronciere-øya.
- Ostrov Kejna (Остров Кейна), Kaneøya, er ei anna stort sett isfri øy på nordaustkysten av Greelyøya, søraust for Broschøya. Mellom dei ligg eit 2 km smalt sund. Det høgaste punktet på øya er 282 meter over havet. Kaneøya vart kalla opp etter den amerikanske polarforskaren Dr. Elisha Kent Kane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greely Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://islands.unep.ch/CEO.htm Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- Historiske fakta