Hopp til innhald

La Ronciere-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Ronciere-øya
øy
Land  Russland
Areal 478 km²
Folketal 0
Kart
La Ronciere-øya
80°58′56″N 60°59′39″E / 80.982222222222°N 60.994166666667°E / 80.982222222222; 60.994166666667
Plasseringa til Frans Josefs land

La-Ronciere-øya (russisk Остров Ла-Ронсьер, Ostrov La-Ronsier) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho vert òg stundom kalla Ronserøya.

La Ronciere-øya har eit areal på 478 km². Ho ligg ved 81° N og 61° E. Det høgaste punktet er 431 meter over havet. Ho er nesten heilt dekt av is bortsett frå to små område på kysten i nordaust og i vest.

La Ronciere-øya ligg nord for Wilczek land og mellom dei ligg eit 8 km breitt sund.

Øya vart namngjeve av den austerrisk-ungarske nordpolekspedisjonen etter kaptein La Ronciere Le Noury, ein fransk kurer for keisar Frans Josef av Austerrike-Ungarn.

På nokre kart står La Ronciere-øya oppført som Whitneyøya etter den amerikanske polfararen Harry Whitney. Namnet vart gjeve under Ziegler-Fiala-ekspedisjonen, men dei austerriksk-ungarske utforskarane namngav øya først.

Nærliggande øyar

[endre | endre wikiteksten]
  • 6 km sørvest for La Ronciere-øya og 4 km nord for Wilczek land ligg den vesle øya Ostrov Geidzj (Остров Гейдж) eller Geddesøya. Ho er berre om lag 1 km lang og vart kalla opp etter den skotske polarforskaren sir Patrick Geddes. Øya vart òg kalla Haydenøya (Остров Гайдана; Ostrov Gajdana) etter den amerikanske geologen Ferdinand Vandeveer Hayden av Ziegler-Fiala-ekspedisjonen.