Zieglerøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zieglerøya
øy
Ziegler Island 2020-07-29 Sentinel-2 L2A Highlight Optimized Natural Color.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Frans Josefs land

Zieglerøya
80°58′21″ N 57°25′28″ E
Wikimedia Commons: Ziegler Island
Plasseinga til Zemlja Zichy i Frans Josefs land. Zieglerøya ligg om lag i midten..

Zieglerøya (russisk Остров Циглера; Ostrov Tsiglera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Øya er 45 km lang og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Ho har eit areal på 448 km² og er nesten heilt isfri. Det høgaste punktet på øya er 554 meter over havet.

Øya er kalla opp etter forretningsmannen William Ziegler frå New York City, som var leiar for Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen i 1991 på skipa «America», «Fridtjof» og «Belgica» og for Ziegler-Fiala-ekspedisjonen i 1903-1905.

Zieglerøya er ein del av Zichy Land, som er ei undergruppe i Frans Josefs land.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Ostrov Ugolnoj Kopi (остров Угольной Копи) er ei rund øy som ligg mellom Zieglerøya og Greelyøya 81°N 58°E. Ho har ein diameter på om lag 3,5 km og det høgaste punktet er 393 meter over havet. Ho er isfri og mellom dei to øyane går eit 600 meter smalt sund.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske observasjonsstasjonen Payer-Weyprecht (truleg 81°06′N 56°11′E) vart oppretta rundt 1900 på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]