Hohenloheøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Frans Josefs land

Hohenloheøya (russisk Остров Гогенлоэ, Ostrov Gogenloe) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho ligg ved 81° 42' N og 58° 30' E.

Hohenloheøya ligg om lag halvvegs mellom Rudolføya og Karl-Alexander-øya. Ho har ei lengd på 6 km og eit areal på 38 km².

Hohenloheøya er kalla opp etter det tyske fyrstedynastiet Hohenlohe.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Oktjabryataøyane (острова Октябрята) er ei øygruppe nordaust for Hohenloheøya. Dei ligg ved 81° 37' N og 58° 54' E. Øyane er kalla opp etter den russiske Oktoberrevolusjonen. Ostrov Kupolok og Malij er to av øyane i den vesle øygruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]