Halabja
Halabja | |||
kurdisk هەڵەبجە, arabisk حلبجة | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Autonom region | ![]() | ||
Guvernement | Halabja | ||
Høgd | 721 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 1 599 km² | ||
Folketal | 117 000 (2013) | ||
Grunnlagd | 1650 | ||
Guvernør | Ali Osman Ali [2] | ||
![]() Halabja | |||
Wikimedia Commons: Halabja | |||
Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran.
Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten.
I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.[3][4] Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.[5]
Klima[endre | endre wikiteksten]
Halabja har eit heitt middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og kjølige, våte vintrar.
Klimadata for Halabja | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 9.6 | 11.8 | 16.9 | 22.0 | 29.5 | 35.8 | 39.6 | 39.2 | 35.0 | 28.4 | 19.7 | 12.5 | 25,0 |
Normal min. temp. °C | 0.1 | 1.4 | 5.6 | 9.7 | 14.5 | 19.0 | 22.8 | 22.5 | 17.9 | 12.7 | 7.0 | 2.2 | 11,3 |
Nedbør (mm) | 144 | 146 | 132 | 85 | 35 | 0 | 0 | 0 | 0 | 28 | 79 | 124 | 773 |
Kjelde: [6] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Halabja» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2014-10-06, henta 22. juni 2019
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2018-09-27, henta 22. juni 2019
- ↑ http://www.rudaw.net/english/kurdistan/15032017
- ↑ «1988: Thousands die in Halabja gas attack». BBC News. 16. mars 1988. Henta 4. mai 2010.
- ↑ AK News, 1. mars 2010, arkivert frå originalen 2011-03-20, henta 22. juni 2019
- ↑ «Climate statistics for Halabja». Bureau of Meteorology. Henta 21. april 2019.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Iraq Image – Halabja Satellite Observation Arkivert 2009-09-17 ved Wayback Machine.