Halvard Hatlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvard Hatlen

Halvard Hatlen,
måla av Rune Hatlen (barnebarn).
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1899
Isfjorden
Død

1957
Isfjorden

Yrke kunstmålar

Halvard Hatlen (døypt Halvor) (11. mai 18999. juli 1957), (gravlagt ved Hen kyrkje, Isfjorden) var ein norsk biletkunstnar frå Hatlen i Isfjorden i Romsdal som måla figurative bilete med motiv frå sine nære omgjevnader. Særleg var han opptatt av Romsdals-naturen. Forutan landskap måla han interiør, stilleben, portrett, religiøse komposisjonar og samfunnsskildringar, oftast i oljemåleri og akvarell. Han har òg utført veggutsmykningar. Han dreiv målarskole i Sarpsborg ei tid.

Frå 1919 til 1957 hadde han over 60 separatutstillingar kringom i Noreg. Elles påtok han seg mange bestillingar, særleg portrett og nokre faner.

Utdanning og medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Hatlen var utdanna ved:

"Fjærestova i Julsundvegen, Molde", eit eksempel frå den tidlege periode med ganske mørke fargar. Oljemåleri, 1924, 64x70 cm
Hatlen under arbeid med veggdekoren på Romerike Folkehøgskole, Jessheim. Veggmåleriet var over tre etasjar og viste etterkrigstidas optimisme og tro på framtida. Dekorasjonen er seinare øydelagt.
Storm Waaler veggdekorasjon like før bygget vart reve. Fotografiet er redigert, men visar den lysare og nye friske bruken av fargar.

Offentlege arbeid[endre | endre wikiteksten]

Liv og verksemd[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte 20 år gammal i Ålesunds Kunstforening med naturalistiske landskap. I elevtida hos Hans Hoffmann vart Hatlen grepe av impresjonismen samstundes som han bevarte sitt personlege særpreg. Våren 1925 virka Hatlen i Tromsø, og stilte ut i kunstforeninga. Han besøkte Narvik, Bodø, Trondheim og Kristiansund med utstillingar. Han brukte mange grågrøne og brune tonar i denne tida og følte slektskap med André Derain.

Sommaren 1928 oppheldt Hatlen seg i Halden-traktene, dreiv teiknekurs og heldt fram med målarskole i Sarpsborg utover vinteren. Frå Fredriksten festning, Halden, måla han eit solid komponert og koloristisk godt gjennomført oljemåleri, som seinare blei teke inn på Statens Høstutstilling.

Frå omkring 1928 og utover 1930-åra nytta Hatlen mørke fargar. Hatlens mørkstemde fargar frå 1930-åra blei i 1940-åra avløyst av ein lysare og friskare fargeskala. I landskapa ville han fange inn lys og luft. Gode døme er bilete frå Mørekysten.

Veggdekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Med dekorasjonen på Kafé Arne i Oslo (1948) begynte ein periode med større veggutsmykkingar. Arbeidet med dekorasjonsoppgåvene verka utviklande på hans staffelibilete. Han forflytta seg frå den naturalistiske gjengivinga mot større monumentalitet, utrykt ved store, reine fargeflater. Målemåten hans vart friare, og han utfalda fargesansen sin i mange friske bilete. I denne produktive perioden blei han utsett for ei bilulukke våren 1957. Han døydde same sommaren og blei gravlagd frå Hen kyrkje i Isfjorden.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]