Hans J. Aarstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans J. Aarstad
Fødd 9. juli 1878

Sokndal

Død 19. januar 1954
Sokndal
Parti Venstre
1. verv Norsk landbruksminister
 - periode 15. februar 1928–11. mai 1931
 - regjering Mowinckel II
 - føregangar Johan Nygaardsvold
 - etterfylgjar Jon Sundby
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1919–1933
 - valkrins Rogaland
3. verv Ordførar i Nedstrand
 - periode 1919–1927
1937–1940
1945–?

Hans Jørgensson Aarstad (9. juli 187819. januar 1954) var ein norsk landbruksskulelærar og politikar frå Sokndal i Rogaland. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1919 til 1933.

Aarstad var son til ein gardbrukar og var 1896-98 elev ved Tveit landbruksskule i Nedstrand i Ryfylke. Dei neste to åra studerte han ved Noregs landbrukshøgskule på Ås i Akershus. Han var så andrelærer ved Tveit landbruksskule 1900–04 og 1907–28, i mellomtida 1904-07 hadde han same stilling ved Stend jordbruksskule i Fana. Frå 1933 til 1943 var Aarstad styrar ved Tveit landbruksskule.

Aarstad var ordførar i Nedstrand 1919–1927, 1937–1940 og i 1945. Han var varamann til Stortinget i perioden 1916-18 og møtte tre veker i juli 1916. Frå 1919 til 1933 var han i samfulle fem valperiodar tingmann for Venstre, fyrste perioden vald frå einmannskrinsen Ryfylke og sidan frå Rogaland fylke. Aarstad var fram til 1928 med i Finanskomiteen; som medlem 1919-21, formann 1922-24, nestformann 1925-27 og formann 1928, til han 15. februar 1928 vart landbruksminister i Johan Ludwig Mowinckels andre regjering. Etter at Mowinckel-regjeringa gjekk av i mai 1931 tok Aarstad plass i Justiskomiteen. Han var elles odelstingspresident 1925–28.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]