Hordaland Kristeleg Folkeparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hordaland Kristeleg Folkeparti er det eldste fylkeslaget til Kristeleg Folkeparti. Det var i Hordaland at Kristeleg Folkeparti blei skipa i 1933, då med namnet Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Pål Kårbø er fylkesleiar, Beate Husa og Arvid Nilssen er 1. og 2. nestleiar, og Kari Skår Sørheim er fylkessekretær. Tarje Mjelstad Angelskår er leiar av Hordaland KrFU.

Hordaland KrF har fem representantar i fylkestinget: Torill Selsvold Nyborg (gruppeleiar), Pål Kårbø, Aslaug Hellesøy, Vegard Ask og Kristian Helland.

Laila Dåvøy er Hordaland KrF sin stortingsrepresentant. Partiet har også to ordførarar i fylket. Det er Marit A. Aase i Samnanger og Astrid Aarhus Byrknes i Lindås.

I Bergen har KrF to byrådar: Filip Rygg (byutviklingsbyråd) og Lisbeth Iversen (sosialbyråd). Marita Moltu er gruppeleiar i bystyret.

Stortingsvalshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Nils Lavik blei i 1933 valt inn på Stortinget for Hordaland som KrF sin første og då einaste stortingsrepresentant. I 1937 blei både Nils Lavik og Hans Svarstad valt inn frå Hordaland, og begge blei sitjande på Stortinget til 1953. Frå 1953 til 1961 var Torstein Kvamme og Ola Olsen stortingsrepresentantar for Hordaland frå partiet.

I 1961 blei Torstein Kvamme attvalt, medan Ola Olsen blei erstatta av Lars Amandus Aasgard. I tillegg fikk partiet valt inn Oliver Dahl-Goli på ei fellesliste med Høgre i Bergen, som var ein eigen stortingsvalskrins fram til innlemminga i Hordaland i 1972. Også ved vala i 1965 og 1969 fekk partiet to representantar for Hordaland og ein for Bergen. I 1965 var det Lars Amandus Aasgard og Sverre L. Mo for Hordaland og Nikolai P.K. Molvik for Bergen, i 1969 Sverre L. Mo og Bergfrid Fjose for Hordaland og Asbjørn Haugstvedt for Bergen.

Ved stortingsvalet i 1973 var altså Bergen og Hordaland samla til ein stortingsvalskrins. Hordaland KrF fekk då attvalt representantane Haugstvedt, Fjose og Mo. I 1977 blei Haugstvedt og Mo attvalt, og Fjose blei erstatta av Hans Olav Tungesvik.

I 1981 fekk partiet berre inn to stortingsrepresentantar, Haugstvedt og Tungesvik. Desse to blei i 1985 erstatta av Svein Alsaker og Britt Harkestad, som begge fekk attval i 1989. I 1993 blei dei erstatta av Are Næss og Anita Apelthun Sæle. Begge desse fekk attval i 1997, og fekk i tillegg selskap av ein tredje representant, Ingebrigt S. Sørfonn.

Sæle og Sørfonn vart attvalde i 2001, Næss vart erstatta av Ingmar Ljones. I 2005 fekk partiet inn berre to stortingsrepresentantar frå Hordaland, Ingebrigt S. Sørfonn og Laila Dåvøy. Ved stortingsvalet i 2009 vart Dåvøy den einaste representanten på Stortinget for Hordaland KrF.

Både ved stortingsvalet i 2013 og ved 2017-valet var partileiar Knut Arild Hareide fyrstekandidat på KrF-lista i Hordaland. Korgje vala fekk han med seg ein partikollega frå valkrinsen,

Periode Namn
1934–1936 Nils Lavik
1937–1945 Nils Lavik, Hans Svarstad
1945–1949 Nils Lavik, Hans Svarstad
1949–1953 Nils Lavik, Hans Svarstad
1953–1957 Torstein Kvamme, Ola Olsen
1957–1961 Torstein Kvamme, Ola Olsen
1961–1965 Torstein Kvamme, Lars Amandus Aasgard, Oliver Dahl-Goli
1965–1969 Lars Amandus Aasgard, Sverre L. Mo, Nikolai P.K. Molvik
1969–1973 Sverre L. Mo, Bergfrid Fjose, Asbjørn Haugstvedt
1973–1977 Sverre L. Mo, Bergfrid Fjose, Asbjørn Haugstvedt
1977–1981 Sverre L. Mo, Asbjørn Haugstvedt, Hans Olav Tungesvik
1981–1985 Asbjørn Haugstvedt, Hans Olav Tungesvik
1985–1989 Svein Alsaker, Britt Harkestad
1989–1993 Svein Alsaker, Britt Harkestad
1993–1997 Are Næss, Anita Apelthun Sæle
1997–2001 Are Næss, Anita Apelthun Sæle, Ingebrigt S. Sørfonn
2001–2005 Ingebrigt S. Sørfonn, Anita Apelthun Sæle, Ingmar Ljones
2005–2009 Ingebrigt S. Sørfonn, Laila Dåvøy
2009–2013 Laila Dåvøy

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]